Hopp til innhold
Anmeldelse

Storslått frå Hilary Mantel

Shakespeare møter «Game of Thrones», mens Brexit vinkar i det fjerne. Hilary Mantel skriv litteraturhistorie.

Bokomslag "Speilet og lyset" og Hilary Mantel

MEKTIG: Hilary Mantel viser fram den synlege og den usynlege makta ved hoffet til Henrik 8. på ein måte som er både smart, virtuos og ganske rå.

Foto: Els Zweerink / Forlaget Press
Bok

«Speilet og lyset»

Hilary Mantel

Oversatt av Hege Mehren

Skjønnlitteratur

2020

Press

Den britiske forfattaren har eit rykte å leve opp til: Romanane «Ulvetid» og «Falkejakt» har begge gitt henne den høgthengande Man Bookerprisen, omsetjing til 35 språk og millionopplag. Desse bøkene var starten på ein trilogi.

Men åtte år har gått sidan «Falkejakt», og eit anna rykte tok til å summe: Har ho fått skrivesperre? Prestasjonsangst? Kanskje trilogien havarerer etter to bøker?

No veit vi betre: Hilary Mantel har jobba som berre tusan, det må ho ha gjort for å få til noko slikt som dette. Bok nummer tre, «Speilet og lyset» har alt. Så går det an å spørje om «alt» kan vere i meste laget, det kjem eg tilbake til.

Mannen som tok møkkajobbane

Vi entrar Henrik 8.s England i 1536, nett då Anne Boleyn legg hovudet på blokka for å bli halshogd. Der har vi vore før, i filmar, seriar, bøker.

Det finst knapt eit tema som er meir forterpa enn Henrik 8. og alle konene, brotet med paven, opptoga der makta ter seg i fargerike drakter, det er musikk, det er knivar innanfor brokaden, det er spionar som fangar opp den minste mishagsytring retta mot kongen. Rykta sit laust og veks lett. Bødlane har gode dagar.

Vi kjenner det alt saman, så kva er nytt om Henrik 8?

Hilary Mantels grep er at ho skriv om han som står ved sida av, eller bak, eller på rommet med lukka dører, eller ved skafottet. Thomas Cromwell er namnet.

«Selv dydens republikk trenger en mann som kan spa møkk, og ett eller annet sted står det skrevet at hans navn skal være Cromwell» tenkjer han ein stad.

Han kan få dronningar til skafottet og opprørarar til å leggje ned våpena. Han er den mektigaste etter kongen, mange meiner han er mektigare enn kongen og Cromwell sjølv er kanskje blant dei som meiner det. Men det seier han ikkje høgt. Han er ein mann som tenkjer mykje og seier lite, i alle fall i denne trilogien, der lange tankerekkjer blir avløyst av korte replikkar.

Konekabal og kapitalisme

Det er ein grunn til at så mange kunstnarar tyr til denne perioden. Ein ting er konekabalen til Henrik 8. men det er også tida for lausriving frå pavekyrkja, gryande kapitalisme og høve for folk av enkle kår til å slå seg fram. Cromwell er sjølv eit døme på det:

Han er son av ein smed som drakk tett og slo hardt. Thomas lærte tidleg at det gjeld å lytte, kjenne på stemninga og seie minst mogleg.

Mantel viser spenninga mellom den gamle adelsmakta og dei nye menn gjennom nett denne svært interessante og samansette figuren, som ein må kunne seie har slite med eit imageproblem frå 1500-talet av.

Mantel gjev han menneskelege trekk, han kan vise både sorg og omsorg. I denne tredje romanen dreg han på åra, og tenkjer bakover til barndommen, og framover mot døden - som skal vise seg å kome før han anar. Andre har tatt over regien.

Mantels meisterskap

Hilary Mantel har skrive ein trilogi som kjem til å ruve i litteraturhistoria. Ho har - etter det eg kan forstå - stålkontroll på historiske fakta, og då tenkjer eg ikkje berre på historiske hendingar, men også på alt frå maten på bordet, spissfindige teologiske spørsmål og den litt røffe vitsekulturen.

Ikkje minst det siste. Språket er eit kapittel for seg, fullt av overraskande bilde og kjappe vendingar som er svært godt tatt vare på i Hege Mehrens imponerande omsetjing til norsk.

Forfattaren går djupt inn i maktspelet og viser at sjølv om romanane er solid forankra i engelsk 1500-tal, så seier dei noko både om drivkreftene i mennesket og om systema som får fram sider i oss.

Ta Cromwell: Som mann av folket er han avhengig av Henrik 8.s gunst. Han har ikkje gods og jord og adelsprivileg å falle tilbake på. Mantel viser korleis det formar hans måte å utøve makt på, og like eins korleis adelsmennene som vil ta han finn det svake punktet.

For mykje av det gode?

Ingen skal skulde Mantel for tilrettelegging av stoffet. Her får sarte sjeler passe på seg sjølv og dei som ikkje greier å halde styr på alle personane får berre ha det så godt. Drygt 800 sider med intrigar og maktbegjær krev sin lesar. Denne tredje boka hadde ikkje blitt dårlegare om ho hadde blitt stramma inn.

Mindre av adelege krumspring og meir av Cromwells fall hadde hjelpt på. Likevel, etter endt lesing er dommen klar: Trilogien til Hilary Mantel er storslått litteratur: Han krev noko av lesaren, men gir tilbake ei klok, morosam, lærd og lærerik historie.

Ein engelsk kritikar meinte at vi her ser eit «himmelsk ekteskap mellom forfattar og emne». Det er noko der.

Anbefalt vidare lesing:

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.