Hopp til innhold

Kunsten å halde seg ved makta

Prisane haglar og publikum jublar når Hilary Mantel skriv romantrilogi om Henrik 8: Etter to bind dannar to Bookerprisar toppen på troféhaugen. Går det an å forstå denne jubelen for den kvinne- og maktkåte kongen for lesarar utanfor heimlandet hans?

Hilary Mantel, Bring up the bodies

Forfatter Hilary Mantel fikk sin andre Bookerpris i fjor for «Bring Up The Bodies», som nå er oversatt til norsk.

Foto: JUSTIN TALLIS / Afp

Vi har vikingtida, franskmennene har revolusjonen, britane har huset Tudors blømingstid. Dei fleste land har ein historisk epoke der markante personar stod fram og sette sitt stempel på store samfunnsendingar. Ein epoke som kunstnarar og historikarar kan tolke og mytologisere og nytolke i det uendelege.

Falkejakt, Hilary Mantel
Foto: Forlaget Press

Dette kan sjølvsagt snu begge vegar, det kan bli nok, og kven er veldig ivrige på tjukke romanar om Henrik 8 berre få år etter at TV-serien The Tudors gav eit grundig og ikkje minst svært visuelt sterkt bilde av denne tida? Ein romanforfattar må gjere noko heilt anna og det har Mantel gjort, på fleire måtar:

Strategen Cromwell

Ein ting er at ho let Thomas Cromwell stå fram som hovudperson. Handlinga startar i 1535, Cromwell er kongens mektige sekretær. Han er oppkomling og har inga adelsætt i ryggen. Dermed er han fri og han står lageleg til for hogg. Han veit å utnytte denne unike situasjonen til eigen fordel, for Cromwell kan sin Machiavelli og han forstår at for å bli ved makta må han kjenne interessene til alle som spelar sine dristige spel i denne brytingstida.

Cromwell er den perfekte romanperson, ikkje minst sidan Mantel gjev han fleire eigenskapar enn berre viljen til makt. Han blir eit menneske og vi følgjer han tett, tankane hans går som eit parallellt spor ved sida av handlingar og replikkar. Av og til er det stor avstand mellom tanke og replikk. Dermed blir dette reine thrilleren, sjølv om alle som gidd å slå opp vil vite at året 1536 er året då den andre kona til kongen, Anne Boleyn misser hovudet, bokstavleg talt.

Improvisasjonar på liv og død

Henrik 8 er ikkje den første potentat som har kvitta seg med ein brysom ektefelle på denne måten. Men Mantels versjon av historia er laga som eit improvisasjonsteater på liv og død. Alt skjer etter reglar og prinsipp, men desse endrar seg heile tida og den som ikkje veit kva som er gjeldande teologi blir brutalt skrivne ut av dramaet. Vi sit på første rad, nei, vi sit inne i sjela til regissør og hovudrolleinnehavar Cromwell og ser korleis han redefinerer jus, teologi og moral for å få det slik kongen vil – og for å berge sitt eige hovud.

Meir spenning i vente

Forfattaren kjenner historia så godt at ho utan å gjere nummer av det let romanen kaste skrått lys over maktbruk og -brunst i nyare tider.

Eg gler meg til tredje og siste roman om Cromwell, der eg med historieboka i hand spår at vi må følgje hovudpersonen til rettarstaden ettersom han fell ut av nåden og dermed av livet i 1540.

Realitetar som overgår fantasien

Historia har gjeve Mantel eit godt råmateriale. Både dei vekslande alliansane i Europa, pavekyrkjas kamp for å halde på makta og det mildt sagt fargerike persongalleriet med Henrik i spissen toppar det meste av det ein forfattar kan dikte opp. Men forfattaren skal ha æra for å gjere denne historia om til ein medrivande og kunnskapsmetta og ikkje minst velskriven roman. Ein treng ikkje lese meir enn dei første setningane, så veit ein at dette er ein forfattar som veit kva ho gjer.