Hopp til innhold
Anmeldelse

Makt og minner i podkast som bok

«Serial» møter «Den hemmelige historien» i ein roman som stiller eit godt spørsmål: Kva skjer med fortida når ein ser ho gjennom nåtidas briller?

Bilde av Rebekka Makkai og bokoppslaget til «Jeg har noen spørsmål til deg»
Foto: Brett-Simison
Terningkast 4 Bok

«Jeg har noen spørsmål til deg»

Rebecca Makkai

Oversatt av Hilde Stubhaug

Krim

2024

Kagge

Ei populær, kvit, tenårig jente blir drepen ved den private vidaregåande internat­skulen kor ho er elev. Ein av dei få svarte mennene ved skulen blir dømt for mordet.

Men var han skuldig? Var etter­forskinga god nok?

Drapet skjedde i 1995. Blei mannen offer for eit retts­system som var endå meir rasistisk då enn det er no?

Og dersom han er uskuldig: Kven er så den faktiske gjernings­personen?

Dette mysteriet er den blodige røde tråden gjennom amerikanske Rebecca Makkai sin interessante, men ikkje hundre prosent vellukka, true crime-roman.

Forfatteren Rebecca Makkai smiler til kamera. Hun har brunt hår, blå øyne og smartklokke.

PRISVINNAR: Amerikanske Rebecca Makkai har skrive fire romanar, og mange noveller. Det store gjennombrotet kom med «The Great Believers» (2018), som handlar om aids-epidemien i Chicago på 1980-talet. Den vann fleire prisar, og var med på mange «Årets beste»-lister i USA.

Foto: Larry D. Moore / CC BY 4.0, Wikimedia Commons

Tilbake på privatskulen

Hovudpersonen er Bodie Kane. Som tenåring på 90-talet var ho elev ved internat­skulen.

Skuletida er tøff. Også før med­eleven Thalia blir drepen. Bodie like glad som alle andre for at trenaren blir raskt dømt for mordet. Ho har nok å stri med uansett.

I 2018 går det betre med Bodie. I alle fall sett utanfrå. Ho lagar ein populær pod­kast, og vender tilbake til skulen som gjeste­lærar på eit podkast-kurs.

Men då ein av elevane hennar byrjar å grave i drapet på Thalia i 1995, innser Bodie at alt kanskje ikkje var heilt slik ho og med­elevane tenkte for over tjue år sidan.

Ho blir tvungen til å tenke nytt. Ikkje berre om drapet, men om mykje av det andre ho opplevde som ten­åring.

Blei den svarte trenaren uskuldig dømt? Og visste Bodie ting som kunne hjelpt politiet å rein­vaske han?

Gjennom heile boka snakkar Bodie direkte til eit «du», nemleg mannen ho no trur drap Thalia, men som aldri blei tatt.

For en tenåring kan det å bli sett på som en viss type være det samme som å være en viss type, og snart ble ditt syn på meg en del av selvbildet mitt.

«Jeg har noen spørsmål til deg» av Rebecca Makkai

True crime-podkast

Makkai har godt gehør for aktuelle tema. I «Jeg har noen spørsmål til deg» viser ho fram gode og meir trøblete sider med true crime, og ved pod­kast som sjanger.

Kva skjer når ein nyttar verkelege krim­saker som under­haldning? Når sakene blir diskutert i forum på nett? Når trolla dukkar opp?

Makkai mistenker at publikum blir herda.

I staden for individ, blir ofra for blodig vald omgjort til rekvisittar i formel­prega forteljingar. Dei blir ein figur i «den der» saka, ikkje å forveksle med «den der» andre saka, som likna.

Det var den der hvor liket hennes aldri ble funnet. Det var den der hvor liket ble funnet i snøen. Det var den der hvor han etterlot liket under en presenning. Det var den der hvor hun gikk omkring som skinn og bein resten av livet sitt, men liket ble aldri funnet. Du vet hvilken jeg mener.

«Jeg har noen spørsmål til deg» av Rebecca Makkai

Makt på mange nivå

Rebecca Makkai er oppteken av makt­relasjonar.

Forholdet mellom offer og gjernings­person. Mellom dei som leier og dei som følger. Makt internt i par­forhold. Mellom lærar og elev. Posisjonar ein får på grunn av hud­farge, kjønn eller legning. Makt ein får og makt ein tar.

På sitt beste klarer ho å peike på interessante punkt. Inni­mellom blir det kanskje litt overdrive tydeleg, kva ho prøver på.

Kanskje fordi «Jeg har noen ...» rett og slett er ein roman med litt for mange trådar og tema.

For dette er også ein roman om metoo. Om barndoms­trauma. Om kansellering og appropriasjon. Eit retts­drama, og ei klassisk oppvekst­skildring lagt til eit lukka skule­miljø.

Les også «En gullgruve»

Portrett av forfatteren Kristian Klausen og coveret på boka «Tungvekt».

Donna Tartt, Harper Lee – og «Serial»

Med stor sjølv­tillit skriv Makkai seg opp mot mange amerikanske klassikarar med like tema. Retts­dramaet «Drep ikke en sangfugl» (1960) av Harper Lee og college­romanen «Den hemmelige historien» (1992) av Donna Tartt er to døme.

True crime-podkasten Bodie og elevane ender opp med å skape, minner om klassikaren «Serial» (2014) av Sarah Koenig.

Også den handla om at feil mann kunne vere dømt for mord. Serien sette fart både på podkast som medium og uløyste og/eller feil­løyste krim­saker som innhald.

Måten Makkai skriv seg opp mot føre­legga, fungerer godt. Dei gir djupne i romanen, som heilt tydeleg har høge ambisjonar om å seie ting både på og mellom linjene.

Bokomslag til Den hemmelige historien av Donna Tarttt og Min mørke Vanessa av Kate Elizabeth Russell i en montasje

INSPIRASJON: «Jeg har noen spørsmål til deg» leikar med den undersjangeren «dark academia», kor mørke historier utspelar seg i eit lukka skulemiljø. Donna Tartts «Den hemmelige historien» (1992) er ein klassikar i sjangeren. Også den handlar om eit mord blant elevar. Makkai går også i dialog med romanar som tar for seg ujamne maktrelasjonar mellom lærar og elev, som «Min mørke Vanessa» (2020) av Kate Elizabeth Russell.

Foto: Gyldendal/Aschehoug

Fortida sett frå notida

Det aller mest interessante i «Jeg har noen...» er likevel ikkje drapet på Thalia.

Det er følgande spørsmål:

Kva skjer med fortida når ein ser ho gjennom notidas briller?

Situasjonar ein som ung aksepterte som «slik er det berre» – men som ein som vaksen oppdagar var langt over streken. Kva gjer slike oppdagingar med måten ein ser seg sjølv, både den ein er og den ein ei gong var?

Det er eit spanande spørsmål. Nok til å bere ein heil roman.

Ferske boktips: Drøym deg vekk frå vinteren med ei god bok

Bøker på ei hylle, lent mot ei potteplante

Seksualisert mobbing

Tilbake på skulen i 2018 huskar Bodie korleis ein av gutane – Dorian – stadig plaga ho. Seksualiserte kommentarar. Grabbing. Gnikking. Flaue «vitsar» alle høyrde.

Eigentleg mobbing, men i 1995 var slikt rekna som vanleg erting.

jeg tenkte for andre gang på to dager på alt Dorian Culler hadde sluppet unna med. Og jeg kokte av raseri fordi jeg innså at jeg hadde godtatt det som normalt, at jeg først nå forsto meg på hvor stygt det var.

«Jeg har noen spørsmål til deg» av Rebecca Makkai

Metoo fekk mange kvinner til å tenke over fortida, slik Bodie gjer i boka: Var det eigentleg ok, det som skjedde den gongen? Ofte er svaret nei.

Hva om Dorian Culler om et år stilte til valg? Ville jeg føle meg forpliktet til å fortelle min historie? Ville jeg hatt behov for, for min egen samvittighets skyld, å si noe, selv om kanskje ingen ville lytte?

«Jeg har noen spørsmål til deg» av Rebecca Makkai

Samtidig er det ingen tvil om at ein også som ten­åring veit ting.

Noko skjer idet ein huskar tilbake. Idet ein pressar no­tidas erfaring over tidlegare opp­levingar. Detaljar har gått tapt. Ofte heile episodar. Minnet er langt frå perfekt.

Jeg kunne ikke finne ut hvem som visste mest om hva som hadde hendt med Thalia: nåtidsmeg eller attenåringen. Mitt voksne jeg som så tilbake med erfaring og perspektiv, eller den følsomme tenåringen som var både blasert og naiv og tok alt ferskt inn.

«Jeg har noen spørsmål til deg» av Rebecca Makkai

Makkai er på sitt klart beste idet ho utforskar desse spørsmåla. Då er det engasjement og glød i teksten. Ingen harde konklusjonar, men open undring rundt interesse­vekkande spørsmål.

«Jeg har noen spørsmål til deg» hadde tent på at Makkai rein­dyrka denne tematikken, i staden for å lesse på med under-tema som ho uansett ikkje utforskar skikkeleg.

Men romanen er likevel verdt å lese. Særs for fans av «Serial» og «Den hemmelige historien». Dei finst det mange av.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters