Hopp til innhold

«Gangnam Style» har mista Youtube-trona

Hyllestlåten til den avdøde «Fast & Furious»-stjerna Paul Walker er no den mest sette på Youtube. Tida på trona kan likevel bli kort.

NY MEST SETT: Denne låten, signert Wiz Khalifa og Charlie Puth, er no den mest sette på Youtube.

I skrivande augneblink har låten «See You Again» av Wiz Khalifa og Charlie Puth 2,896 milliardar treff. «Gangnam Style» av Psy har «berre» 2,894 milliardar treff.

Ein æra er over. «Gangnam Style» har mista leiartrøya på Youtube – snart fem år etter at videoen passerte «Baby» av Justin Bieber som mest sett.

«Baby» har i dag 1,656 milliardar treff. Bieber er likevel representert i toppen av lista, men då med «Sorry» med 2,636 milliard treff.

Den norske Youtube-hiten «The Fox (What Does The Fox Say?» av Ylvis-brørne har til samanlikning 680 millionar treff.

Fns generalsekretær Ban Ki-moon og artisten Psy

FENOMEN: Den sørkoreanske artisten Psy (t.h.) blei eit fenomen verda over etter suksessen med Gangnam Style. Her viser han litt av dansen saman med Ban Ki-moon – generalsekretær i FN.

Foto: Eskinder Debebe / Ap

Kjensleladd låt

Sørkoreanske Psy tok verda med storm sommaren 2012 då «Gangnam Style» kom ut. Videoen blei først til éin milliard treff på Youtube, fekk lassevis med musikkprisar og heldt Guinness-rekorden for flest likarklikk på Youtube.

Paul Walker

TRAGEDIE: Filmstjerna Paul Walker døydde i ei bilulukke i 2013.

Foto: Joel Ryan / Ap

Seint i går måndag blei videoen passert av låten som blei laga som soundtrack for actionfilmen «Furious 7» i 2015.

Låten er ein hyllest til Paul Walker, skodespelaren frå Fast & Furious-serien som døydde i ei bilulukke 30. november 2013. Walker var i gang med innspelinga av den sjuande filmen i serien då ulukka skjedde.

Den kjensleladde balladen «See You Again» fekk stor kommersiell suksess med ein gong den kom ut. Låten toppa mellom anna Billboard-lista 12 veker på rad etter at den kom ut.

PASSERT: Psy-låten frå 2012 blei eit fenomenet av dei sjeldne då den kom ut.

Puertoricansk megahit stormar fram

«See You Again» brukte godt over to år på å passere «Gangnam Style». Tida som den mest sette videoen på Youtube kan no bli kortvarig.

Luis Fonsi på Nobelkonserten.

NOBEL: Luis Fonsi, her under Nobelkonserten i 2011, har tatt 2017 med storm gjennom låten «Despacito».

Foto: Arne Kristian Gansmo / NRK

Låten «Despacito» av artistane Luis Fonsi og Daddy Yankee frå Puerto Rico har nemleg nådd 2,485 milliardar treff på under eit halvt år.

Låten har toppa listene i 45 forskjellige land og er låten som har nådd to milliardar treff på Youtube klart raskast.

Éin part som ikkje bryr seg om kva video av «Gangnam Style», «See You Again» og «Despacito» som har flest treff: plateselskapet Universal. Ifølgje BBC eig selskapet alle dei tre låtane.

DANSAR MOT TOPPEN: Den svært dansbare låten «Despacito» har slått an verda over.

Youtube-videoar med over to milliardar treff

Plassering

Låt

Artist/innhaldsleverandør

1

See You Again

Wiz Khalifa ft. Charlie Puth

2

Gangnam Style

Psy

3

Sorry

Justin Bieber

4

Uptown Funk

Mark Ronson ft. Bruno Mars

5

Despacito

Luis Fonsi ft. Daddy Yankee

6

Masha and the Bear: Recipe for Disaster

Get Movies

7

Shake It Off

Taylor Swift

8

Bailando

Enrique Iglesias ft. Descemer Bueno og Gente De Zona

9

Sugar

Maroon 5

10

Roar

Katy Perry

11

Blank Space

Taylor Swift

12

Lean On

Major Lazer og DJ Snake ft. MØ

13

All About That Bass

Meghan Trainor

14

Adele

Hello

Ekspander/minimer faktaboks

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.