Hopp til innhold

«Bohemian Rhapsody» mistar filmnominasjon

«Bohemian Rhapsody» er fjerna over lista over dei nominerte til beste film til Glaad Media Awards. Grunnen er skuldingar mot regissør Bryan Singer om seksuelle overgrep.

Bohemian Rhapsody

Rami Malek har hausta god kritikk og fått pris for tolkinga han gjorde av Queen-vokalist Freddie Mercury i filmen «Bohemian Rhapsody». Men no er filmen i ferd med å miste nominasjonar etter at regissøren Bryan Singer er skulda for seksuelle overgrep mot mindreårige gutar.

Foto: Twentieth Century Fox Norway

Filmen om Queen-vokalist Freddy Mercury, «Bohemian Rhapsody», fekk to Golden Globe-prisar i januar, og er nominert til fem Oscar-prisar og sju BAFTA-prisar. Men no er filmen fjerna frå lista til Glaad Media Awards, skriv Variety.

Dette er ein pris som blant anna går til filmar og TV-seriar der sentrale roller i handlinga skildrar personar som er lesbiske, homofile, bifile eller transseksuelle.

Grunnen til at filmen har mista nominasjonen til beste film er skuldingar mot regissør Bryan Singer om seksuelle overgrep mot mindreårige gutar. Det var magasinet The Atlantic som skreiv om skuldingane, som skal ha følgd regissøren i to tiår.

– Svertekampanje

Singer avviser skuldingane som kjem fram i artikkelen, og seier at det heile er ein nøye tilpassa svertekampanje mot han

– Med den suksessen «Bohemian Rhapsody» har akkurat no, er eg ikkje overraska over at denne homofobiske svertekampanjen kjem akkurat no, seier Singer til Deadline.

Bryan Singer

Bryan Singer avviser skuldingane som kom mot han i The Atlantic, og seier det er ein del av ein svertekampanje mot han.

Foto: DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP

Men Glaad seier i ei fråsegn til Variety at dei ikkje ønsker å heidre filmen, og at dei ikkje kan sjå bort frå dei skuldingane som kom fram i artikkelen i The Atlantic.

– Artikkelen dokumenterer unemnelege handlingar mot unge menn og tenåringsgutar som vi ikkje kan ignorere eller til og med gi ein pris til.

Fekk sparken

Singer har blant anna «De mistenkte», «Valkyrie» og fleire av filmane i «X-Men»-serien på merittlista. Han fekk sparken som regissør av «Bohemian Rhapsody» tre veker før opptaka var ferdige, skriv BBC.

Grunnen til sparkinga skal vere uberekneleg framferd og ei konflikt med Rami Malek som spelar hovudrolla i filmen.

Dexter Fletcher, som blant anna står bak filmen «Eddie the Eagle», blei henta inn for å fullføre filmprosjektet. Men i samsvar med reglane til den amerikanske regiforeininga er Singer kreditert som regissør for filmen.

Golden Globe til Bohemian Rhapsody

Då «Bohemian Rhapsody» fekk to Golden Globe-prisar i januar, var regissør Bryan Singer ikkje til stades. Han blei heller ikkje takka for innsatsen han gjorde som regissør av filmen.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Men han blei ikkje nominert til beste regi i verken Golden Globe eller Oscar. Under Golden Globe-utdelinga var han ikkje til stades, og blei heller ikkje takka då filmen fekk pris for beste film og mannlege hovudrolle.

Bryan Singer er i gang med å utvikle filmen «Red Sonja», som er ei nyinnspeling av ein film frå 1985. Skuldingane mot Singer får ingen konsekvensar for dette arbeidet, seier produsent Avi Lerner til The Hollywood Reporter.

– Arbeidet med «Red Sonja» held fram som før, og Bryan Singer er framleis ein del av dette prosjektet. I USA er folk uskuldige til det motsette er bevist.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.