Hopp til innhold

«Roma» og «The Favourite» fekk flest Oscar-nominasjonar

Netflix-filmen «Roma» og «The Favourite» seglar opp som Oscar-favorittar etter at dei tysdag fekk ti nominasjonar kvar. Den libanesiske filmen «Kapernaum» med ein norskelev i Hammerfest fekk også ein nominasjon.

The Favourite

«The Favourite» må leve med favorittstempelet. Under Golden Globe fekk Olive Colman pris for si rolletolking av dronning Anne av England. No kan ho også få Oscar for rolla. I tillegg har filmen ni andre nominasjonar.

Foto: Yorgos Lanthimos / AP

Når Oscar-prisane blir delte ut 24. februar, vil det stå mellom filmane «Roma» og «The Favourite», om vi skal legge talet på nominasjonar til grunn. Begge filmane er nominerte i ti kategoriar.

«Roma» handlar om barndommen til regissør Alfonso Cuarón i Mexico by på 1970-talet. Filmen er nominert blant anna til beste ikkje-engelskspråklege film, beste film og beste regi. Filmen vann også prisane for beste ikkje-engelskspråklege film og beste regi under Golden Globe-utdelinga tidlegare i år.

Alfonso Cuarón

Regissør Alfonso Cuarón kan stå att som den store vinnaren om «Roma» får full pott under Oscar-utdelinga. Netflix-filmen er nominert i ti kategoriar. Under Golden Globe-utdelinga fekk Cuarón to prisar.

Foto: MARK RALSTON / AFP

Norske Kjartan Halvorsen med familie spelar også i filmen. Dei fekk rollene etter at dei møtte castingansvarleg under ei 17. mai-fering på den norske ambassaden i Mexico.

Eit anna «norsk» innslag finn vi i den libanesiske filmen «Kapernaum». Syriske Zain Al Rafeea spelar hovudrolla i filmen, og blei spelt inn medan han var på flukt frå familien i heimlandet. I dag går han på skule i Hammerfest i Finnmark.

Favorittar

Filmen «The Favourite» har også eit favorittstempel på seg. Filmen har lagt handlinga til det tidlege 1700-talet under krigen mellom England og Frankrike. Olivia Colman spelar dronning Anne med skrantande helse. Rachel Weisz spelar Lady Sarah Churchill som styrer i hennar stad. Emma Stone spelar tenaren Abigail Masham. Alle tre er nominerte for innsatsen sin.

I tillegg kan «The Favourite» blant anna få prisar for beste film, beste regi og originalmanus.

I tillegg har «A Star Is Born» fått åtte nominasjonar. Filmen var også ein av favorittane på førehand til å få mange nominasjonar. I tillegg til beste film, kan filmen også vinne blant anna beste mannlege og kvinnelege hovudrolle og beste originale song.

A Star Is Born

«A Star Is Born» med Bradley Cooper og Lady Gaga i hovudrollene er nominert til åtte Oscar-statuettar.

Foto: Courtesy of Warner Bros. Pictures / AP

Også «Vice» – komedien om tidlegare amerikanske visepresident Dick Cheneys liv har også fått åtte nominasjonar. Då Christian Bale vann Golden Globe for tolkinga av den tidlegare politikaren, takka han Satan. Kven han vil takke om han får Oscar, får vi først vite 24. februar.

Filmen kan også få prisar for blant anna beste sminke og originalmanus. I kategorien for beste sminke er også den svenske filmen «Grensen» nominert.

Fleire av dei Oscar-nominerte filmane handlar også på ulikt vis om tilhøva til svarte i USA. Blant dei er filmen «Black Panther» som fekk sju nominasjonar, «BlacKkKlansman» som fekk seks nominasjonar og «Green Book» med fem nominasjonar.

Eit turbulent år

Oscar-showet har dei siste åra mista mange TV-sjåarar. I fjor fall tala med 20 prosent, og rekordlåge 26,5 millionar amerikanarar følgde TV-sendinga.

For å auke populariteten til prisutdelinga, foreslo det amerikanske filmakademiet, som deler ut Oscar-prisen, å opprette ein eigen kategori for filmar med gode besøkstal. Men det blei møtt med protestar på nett. Dei valde difor å skrinlegge heile kategorien.

Det blei også ein del oppstyr då det blei kjent at komikaren Kevin Hart skulle vere vertskap i år. Grunnen var at han i 2010 hadde kome med nedsettande kommentarar om homofile i eit standup show. Han trekte seg frå Oscar-jobben to dagar etter kunngjeringa.

Oscar-showet står difor utan vertskap ein månad før utdelinga. Og slik det ser ut no verkar det heller ikkje som om det er nokon som vil ta på seg jobben i år. Sist utdelinga gjekk utan vert var i 1988. Då opna showet med eit 11 minutt nummer der blant anna Rob Lowe song duett med Disney-utgåva av Snøkvit.

Oscar 1988

Årets Oscar-utdeling ser ut til å gå utan vert. Sist showet gjekk utan vertsskap var i 1988. Under opningsnummeret den gongen song blant anna Rob Lowe og Snøkvit «Proud Mary» som duett.

Foto: Reed Saxon / AP

Showet var kontroversielt, blant anna fordi filmakademiet ikkje hadde avklart bruken av Snøkvit med Disney, skriv New York Times. Produsenten for showet, Allan Carr, trekte seg tilbake, og arbeidde aldri igjen i Hollywood, skriv The Guardian.

Årets Oscar-utdeling blir delt ut 24. februar i Los Angeles, det vil seie natt til 25. februar norsk tid. Prisutdelinga blir sendt direkte til 225 land.

Dette er dei nominerte

Beste mannlege birolle

  • Mahershala Ali – Green Book
  • Adam Driver – BlacKkKlansman
  • Sam Elliott – A Star Is Born
  • Richard E. Grant – Can You Ever Forgive Me?
  • Sam Rockwell – Vice

Beste kvinnelege birolle

  • Amy Adams – Vice
  • Regina King – If Beale Street Could Talk
  • Marina de Tavira – Roma
  • Emma Stone – The Favourite
  • Rachel Weisz – The Favourite

Beste kostymedesign

  • The Ballad of Buster Scruggs – Mary Zophres
  • Black Panther – Ruth E. Carter
  • The Favourite – Sandy Powell
  • Mary Poppins Returns – Sandy Powell
  • Mary Queen of Scots – Alexandra Byrne

Beste filmklipp

  • BlacKkKlansman – Barry Alexander Brown
  • Bohemian Rhapsody – John Ottman
  • The Favourite – Giorgos Lanthimos
  • Green Book – Patrick J. Don Vito
  • Vice – Hank Corwin

Beste filmmusikk

  • Black Panther – Ludwig Goranson
  • BlacKkKlansman – Terence Blanchard
  • If Beale Street Could Talk – Nicholas Britell
  • Isle of Dogs – Alexandre Desplat
  • Mary Poppins Returns – Marc Shaiman

Beste animerte kortfilm

  • Animal Behaviour
  • Bao
  • Late Afternoon
  • One Small Step
  • Weekends

Beste kortfilm

  • Detainment
  • Fauve
  • Marguerite
  • Mother
  • Skin

Beste lydredigering

  • Black Panther
  • Bohemian Rhapsody
  • First Man
  • A Quiet Place
  • Roma

Beste lydmiks

  • Black Panther
  • Bohemian Rhapsody
  • First Man
  • Roma
  • A Star Is Born

Beste mannlege hovudrolle

  • Christian Bale – Vice
  • Bradley Cooper – A Star Is Born
  • Willem Dafoe – At Eternity's Gate
  • Rami Malek – Bohemian Rhapsody
  • Viggo Mortensen – Green Book

Beste kvinnelege hovudrolle

  • Yalitza Aparicio – Roma
  • Glenn Close – The Wife
  • Olivia Colman – The Favourite
  • Lady Gaga – A Star Is Born
  • Melissa McCarthy – Can You Ever Forgive Me?

Beste animasjonsfilm

  • De utrolige 2
  • Isle of Dogs
  • Mirai
  • Rive-Rolf krasjer internett
  • Spider-Man: Into the Spider-Verse

Beste filmfoto

  • Cold War – Lukasz Zal
  • The Favourite – Robbie Ryan
  • Never Look Away – Caleb Deschanel
  • Roma – Alfonso Cuaron
  • A Star Is Born – Matty Libatique

Beste regi

  • Spike Lee – BlacKkKlansman
  • Pawel Pawlikowski – Cold War
  • Giorgos Lanthimos – The Favourite
  • Alfonso Cuarón – Roma
  • Adam McKay – Vice

Beste dokumentar

  • Free Solo
  • Hale County This Morning, This Evening
  • Minding the Gap
  • Of Fathers and Sons
  • RBG

Beste kortdokumentar

  • Black Sheep
  • End Game
  • Lifeboat
  • A Night at the Garden
  • Period. End of Sentence

Beste ikkje-engelskspråklege film

  • Kapernaum (Libanon)
  • Cold War (Polen)
  • Never Look Away (Tyskland)
  • Roma (Mexico)
  • Shoplifters (Japan)

Beste sminke og hår

  • Grensen
  • Mary Queen of Scots
  • Vice

Beste film

  • Black Panther
  • BlacKkKlansman
  • Bohemian Rhapsody
  • The Favorite
  • Green Book
  • Roma
  • A Star Is Born
  • Vice

Beste visuelle effektar

  • Avengers: Infinity War
  • Christopher Robin
  • First Man
  • Ready Player One
  • Solo: A Star Wars Story

Beste tilrettelagde manus

  • The Ballad of Buster Scruggs – Joel Coen og Ethan Coen
  • BlacKkKlansman – Spike Lee, David Rabinowitz, Charlie Wachtel og Kevin Willmott
  • Can You Ever Forgive Me? – Nicole Holofcener og Jeff Whitty
  • If Beale Street Could Talk – Barry Jenkins
  • A Star Is Born – Bradley Cooper, Will Fetters og Eric Roth

Beste originalmanus

  • The Favourite – Deborah Davis og Tony McNamara
  • First Reformed – Paul Schrader
  • Green Book – Brian Hayes Currie, Peter Farrelly og Nick Vallelonga
  • Roma – Alfonso Cuarón
  • Vice – Adam McKay

Beste originalsong

  • «All the Stars» frå Black Panther (Kendrick Lamar, Al Shux, Sounwave, SZA og Anthony Tiffith)
  • «I'll Fight» frå RBG (Diane Warren)
  • «The Place Where Lost Things Go» frå Mary Poppins Returns (Marc Shaiman og Scott Wittman)
  • «Shallow» frå A Star Is Born (Lady Gaga, Mark Ronson, Anthony Rossomando og Andrew Wyatt)
  • «When A Cowboy Trades His Spurs for Wings» frå The Ballad of Buster Scruggs (David Rawlings og Gillian Welch)

Beste produksjonsdesign

  • Black Panther – Hanna Beachler og Jay Hart
  • The Favourite – Fiona Cromie og Alice Felton
  • First Man – Nathan Crowley og Kathy Lukas
  • Mary Poppins Returns – John Myhre og Gordon Sim
  • Roma – Euganio Caballero og Barbara Enirquez

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober