Hopp til innhold

5 ting du ikkje visste om seriane du elskar

OSLO (NRK): Nokre av verdas beste serieskaparar har samla seg for å snakke om kva som rører seg i TV-serieverda. NB: Denne saka inneheld mange spoilerar.

Westworld Ingrid Bolsø Berdal

FORVIRRA: Skodespelar Ingrid Bolsø Berdal vitja Nordiske Seriedager og innrømte at sjølv ikkje skodespelarane skjønte heilt kva som skjedde i HBO-serien Westworld.

Foto: HBO Nordic

Nordiske seriedager er ein festival kor nordiske TV-seriar står i fokus. Festivalen er arrangert av NRK, TV2, Aftenposten og Norsk filminstitutt, og samlar serienerdar og folk frå nordisk TV-bransje.

Her får du nokre av høgdepunkta frå festivalen:

1: Game of Thrones-regissør Jeremy Podeswa: «Alle er fucked»

Jeremy Podeswa

REGI: Skodespelar Emilia Clarke saman med regissør Jeremy Podeswa i HBO-serien Game of Thrones.

Foto: HBO Nordic

Få kan skryte på seg å ha regissert like mange profilerte TV-seriar som canadiaren Jeremy Podeswa. True Detective, The Walking Dead, Ray Donovan, Homeland, True Blood, Dexter, Six Feet Under, The Handmaid’s Tale. Lista er lang.

På Nordiske Seriedagers første kveld skulle han derimot ikkje snakke om nokon av desse. Her konsentrerte alt seg om korleis det er å vere regissere verdas aller største TV-serie – Game of Thrones.

Og utan å røpe for mykje: Regissøren ser ikkje veldig lyst på framtida til innbyggjarane i dei sju kongerika.

– Dei er alle «fucked», var kommentaren Podeswa gav til journalist Vegard Larsen.

Dei har akkurat snakka om den lengste scena i serien si historie, den då nesten alle hovudpersonane i heile serien samla seg i slutten av førre sesong for å finne ut kva dei skulle gjere for å redde menneska. (Spoiler: Det gjekk ikkje så veldig bra.)

Regissøren snakka også om symbolikken bak den store isveggen som smelta av elden til ein zombiedrake i sesongavslutninga av førre sesong.

– Veggen har stått der gjennom alle tider, lenger enn nokon kan hugse. Han står som eit skilje mellom kaoset i verda og sivilisasjonen. Det er heilt utenkjeleg for folk at veggen rasar, men så rasar han.

På spørsmål om Tormund Giantsbane (spelt av Kristoffer Hivju) framleis er i live, kunne han avsløre at sjølv ikkje han veit svaret. (Sjølv om alle sjølvsagt skjønar at han lever enda, eller?)

2: Heimebane: Spoiler-bonanza frå sesong 2

Nils i Heimebane

FOLKEKJÆR: I sesong 2 av Heimebane får vi bli med når denne karen fyller 18 år.

Foto: NRK

Filmguruen Asbjørn Slettemark inviterte Heimebane-skapar Johan Fasting og skodespelarane Morten Svartveit, Axel Bøyum og Emma Bones til ein prat om neste sesong.

Og aldri før har vel så mange spoilerar blitt servert på så kort tid. Her er nokre av det vi no veit om Heimebane sesong 2:

(Og ja, det er mykje å gle seg til, sjølv om Heimebane-skapar Fasting endar opp med same konklusjon som GOT-regissør Podeswa: «Alt går til Helvete, heile tida.»)

  • Tre nye tenåringar (Aron, Kasper og Tommy) kjem inn som fotballspelarar på Varg.
  • På grunn av pengeproblem i klubben må tenåringane jobbe gratis for klubben, medan Ellingsen (John Carew) framleis får godt betalt.
  • Vargs vanskelege økonomiske situasjon er ei av hovudlinjene gjennom sesongen.
  • Camilla og Adrian er kjærastar i sesong 2, sjølv om Camilla har flytta tilbake til Trondheim og nesten ikkje er med noko i første halvdel av serien.
  • Camilla, Adrian og Helena har eit slags trekantforhold i sesongen, der Helena og Camilla stadig kjempar om Adrians merksemd. (Riktig nok er forholdet mellom Helena og Adrian framleis ganske platonisk.)
  • Ein av hovudsponsorane til Varg i sesong 2 er «Kvinnekoppen». (Ja, kvinnekoppen er ein menskopp.)
  • Adrian får tilbod om plass på landslaget og Rosenborg.
  • Det går eit rykte i Ulsteinvik om at oppmannen Morten og fotballspelaren Mario er i eit forhold.
  • Homofili i fotballen er eit av hovudtemaa i sesong 2.
  • Homofili i fotballen skulle eigentleg vere eit tema i sesong 1 også, men serieskapar Fasting syntest det var litt vel mykje å både lansere kvinneleg fotballtrenar og homofil fotballspelar i same sesong.
  • Den svært folkekjære rollefiguren Nils har det ikkje så bra i sesong 2.
  • Og om du lurer: Sissel Renate er sjølvsagt framleis «on fire».

Les: Slik blir nye «Heimebane»

3: Friends-skapar Marta Kauffman: «Joey skulle eigentleg ikkje vere dum»

«Friends»-skaper Marta Kauffman

FRIENDS: Marta Kauffman laga serien Friends saman med kameraten sin David Crane.

Foto: Øystein Tronsli Drabløs

Mange vart nok litt starstruck av å sitje og høyre på Game of Thrones-regissør Jeremy Podeswa, men han hadde nok likevel lite å stille opp med mot sjølvaste Marta Kauffman – skaparen av den legendariske 236 episodar lange humorserien «Friends».

Folk stod i kø for å få med seg skaparen av Ross, Rachel, Monica, Chandler, Joey og Phoebe – seks vener som sat på kafé saman i 10 år og levde livets glade dagar i New York.

– Vi ønskja å lage ein serie om den tida i livet då vennene er familien din. Då vennane etter kvart begynte å få sine eigne familiar var serien slutt, sa Kauffman.

Kauffman kunne også kunngjere at ho skreiv mykje av rollefiguren Monica ut frå sin eigen personlegdom, det var også eigentleg meininga at Joey og Monica skulle bli eit par, Chandler og Phoebe var i utgangspunktet meint som biroller og det var heller aldri meininga at Joey skulle vere dum.

– Men skodespelaren Matt LeBlanc var så flink til å spele dum, forklarte Kauffman.

Les: «Friends»-skaperen til NRK: – Aner ikke hvorfor serien fortsatt er populær

4: Shawn Rech – mannen som fortel historia til «verdas mest hata politimenn»

Shawn Rech vil belyse nye sider av saken til Steven Avery (t.v.)

CONVICTING A MURDERER: Shawn Rech fortel historia om Steven Avery frå politimennene si side.

Foto: Shawn Rech

Netflix-serien «Making a Murderer» gjorde verdssensasjon av si historie om feilaktig drapsdømte Steven Avery og nevøen hans Brendan Dassey. Tusenvis av nordmenn kan nok hugse då dei vrei seg i stolen av dei fælslege politimennene som fengsla to uskuldige menneske.

Men no lagar den prisvinnande journalisten Shawn Rech ein serie med namnet «Convicting a Murderer» som sår tvil om Averys påståtte uskuld, og han gir politimennene moglegheit til å fortelje si historie.

Under frukostsesjonen torsdag morgon hevda Rech at «Making a murderer» inneheld fleire grove faktafeil, og at skaparane av serien manipulerte historia.

Sjølv om Rech kritiserer skaparane av Netflix-serien, prøvar han heller ikkje å forsvare politimennene sin oppførsel i serien. Men han får tydeleg fram at politimennene i «Making a murderer» har hatt det ganske kjipt etter at serien kom ut.

Her er nokre av dei mange truslane politisjefen har fått frå heile verda på telefonsvararen sin. Ein av dei er til og med frå Noreg!

Les: Han skal motbevise «Making a Murderer»

5: Westworld-Ingrid: «Sjølv ikkje skodespelarane skjønar kva som skjer»

Ingrid Bolsø Berdal

WESTWORLD: Ingrid Bolsø Berdal sa ho kjente seg som ein satellitt under sesong 2 av HBO-serien.

Foto: HBO Nordic

Westworld-Ingrid har saman med GOT-Kristoffer vore dei to norske alibia i verdas største dramaseriar dei siste åra.

I samtale med Hasse Hope kunne trønderen kunngjere at det ikkje alltid har vore fryd og gammen å vere skodespelar på ein av verdas største TV-seriar. Kanskje spesielt på ein TV-serie der ikkje ein gong skodespelarane skjønar heilt kva som skjer.

– Nokre av skodespelarane har reagert på at det var så hemmeleg. Produsentane har vore så redde for at ting skulle lekke ut på nettet. Då mistar ein kjensla av at ein lagar ting saman, og ein føler ikkje at ein får tillit fagleg sett. Spesielt i sesong 2 følte eg meg som ein satellitt som snurra litt på utsida av prosjektet. Eg snakka også med James Marsden, som jo til og med var saman med Evan Rachel Woods rollefigur, men sjølv han sa han var heilt «lost in space».

HBO-serien Westworld har fått enorm merksemd, men spesielt sesong to har måtte tole mykje kritikk for å rett og slett vere alt for komplisert.

Kulturstrøm

  • 3,7 millioner til fem filmproduksjoner

    Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISF) har bevilget 3,7 millioner norske kroner i årets første bevilgningsrunde. To kortfilmer, en tv-serie og to langfilmer får bevilgning.

    Det skriver ISFI i en pressemelding.

  • YouTube krever merking av KI-innhold

    De som publiserer på YouTube fremover, må huke av om innholdet er manipulert eller endret for å tydeliggjøre hva som er skapt ved hjelp av kunstig intelligens.

    – Seerne får stadig mer behov for åpenhet om hvorvidt det de ser på, er manipulert eller syntetisk, skriver selskapet på sin blogg.

    Den nye merkingen vil gjelde videoer hvor det kan være tvil om det man ser virkelig er ekte, for eksempel såkalt deepfake, hvor en kjent person sier noe vedkommende aldri har sagt.

    Det vil ikke gjelde videoer som åpenbart er manipulert, som for eksempel animasjonsvideoer, skjønnhetsfilter og spesialeffekter.

    (NTB)

  • Kvinnegruppa Ottar har anmeldt pornografisk russebuss

    Kvinnegruppa Ottar har anmeldt en russebuss fra Bryne som skal ha en pornografisk illustrasjon på siden av bussen.

    De har videresendt anmeldelsen, som de leverte til Sørvest politidistrikt, til Stavanger Aftenblad.

    Gruppa mener at illustrasjonen på utsiden av bussen bryter med straffeloven paragraf 317 om pornografi og paragraf 318 om utstillingsforbud av bilder av eksplisitt seksualisert karakter.

    – Kvinnegruppa Ottar reagerer kraftig på at noen skal kunne kjøre rundt i offentligheten med sitt kvinnefiendtlige budskap, skriver de i anmeldelsen.

    20 russegutter på Bryne vidaregåande skule har brukt omkring 3 millioner kroner på bussen. Guttene har tidligere sagt til Stavanger Aftenblad at foreldrene deres ikke er så begeistret for eksteriøret på bussen.(NTB)