Hafthor Julius Bjornsson
Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Fjellet frå Island

KÓPAVOGUR, ISLAND (NRK): Verdas sterkaste mann har spelt inn si siste scene som «The Mountain» i TV-serien Game of Thrones. No vil han berre bli enda sterkare.

Sommaren 2013: 24-åringen Hafþór Júlíus Björnsson jobbar som sikkerheitsvakt i den lokale banken, og løftar tunge ting på fritida. Han har akkurat sett ein episode av favorittserien sin Game of Thrones. Plutseleg dumpar ein e-post ned i innboksen.

Avsendaren skriv dei er på leiting etter ein ny skodespelar i Game of Thrones. Produksjonen er på Island for å gjere opptak til sesong fire av serien. Kanskje Hafthor kan tenkje seg å kome på audition?

«Dette må vere tull og tøys!», tenkjer Hafthor. Han har jo ingen skodespelarerfaring og vurderer ikkje ein gong å svare på den useriøse førespurnaden, som ser like falsk ut som dei typiske e-postane om at han har vunne 100 millionar dollar i lotto.

Nokre dagar seinare ringer telefonen.

Hafthor skjønar at førespurnaden faktisk er seriøs. Produksjonen hadde høyrt gjetord om det store muskelberget frå Island. Men kor sterk er han eigentleg?

Han møter opp på audition, og blir spurt om han kan løfte ein fullvaksen mann på 90 kg. «Det kan eg vel», svarar Hafthor til det litt merkelege spørsmålet, og løftar mannen over hovudet. Tilskodarane måper av beundring før ein av dei spør: «Kan du kome på sverdtrening i morgon?»

Frå dette tidspunktet er ikkje Hafthor lenger berre Hafthor. Han har blitt Ser Gregor «The Mountain» Clegane i verdas største TV-serie.

The Mountain

«THE MOUNTAIN»: Hafthor fekk rolla som Ser Gregor Clegane i sesong 4 av Game of Thrones. Fram til då hadde rolla blitt spelt av to andre skodespelarar,

Foto: hbonordic.com

Verdas sterkaste mann

Sommaren 2018 møter eg Hafthor utanfor treningssenteret hans «Thors Power Gym». Han har på seg grå bomullsshorts og blå slippers, og har endeleg tid til nokre rolegare dagar i heimbyen Kópavogur utanfor Reykjavík.

Det siste halvåret har vore svært hektisk. I tillegg til å spele inn siste sesong av Game of Thrones har han som den første i historia vunne alle dei tre største strongman-konkurransane i verda på eit og same halvår. I mars sette han også ny verdsrekord i elefantbar-markløft då han løfta 472 kg under Arnold Strongman Classic. (Sjå video av verdsrekorden under, laga av treningsutstyrs-levrandøren Rogue Fitness.)

Hafthor er 186 kilo tung, 206 cm høg, og for augeblikket verdas desidert sterkaste mann.

VERDSREKORD: Ingen har nokon gong løfta like mykje utan markløftdrakt som Hafthor gjorde under Arnold Strongman Classic i mars i år.

Langs veggen utanfor treningssenteret ligg det fleire tunge steinar som Hafthor saman med faren og bestefaren har henta frå naturen nord for hovudstaden.

– For kvar av steinane du klarer å løfte opp til skuldrene skal eg gi deg hundre dollar, seier Hafthor.

Ok, svarar eg, litt usikker på om han tullar eller ikkje.

– Prøv denne, seier han og peiker på den minste steinen på 137 kg.

Eg gir det eit heiderleg forsøk, og tar godt tak rundt steinen medan Hafthor står over meg og faren hans Björn filmar meg med mobilkamera.

– Kom igjen! Du kan klare det! Du kan klare det, seier Hafthor som om han trur at eg faktisk har ein sjanse.

Eg klarer å løfte steinen ein liten cm over bakken før eg må gi opp, og innser at 100-dollar-setlane dessverre blir verande i Hafthor si shortslomme.

– Det handlar mykje om å finne riktig grep, seier Hafthor trøystande.

Kan ikkje du løfte ein av steinane, spør eg.

– Dessverre ikkje. Eg fekk ei ny tatovering på låret i går, og må ta det roleg i dag, seier han unnskyldande.

Hafthor Julius Bjornsson

UTANDØRSTRENING: Utanfor treningssenteret har Hafthor fleire store steinar som han løftar på. Sjølv om eg ikkje klarte å løfte den minste steinen, kan eg trøyste meg med at eg med mine 90 kg veg under halvparten så mykje som Hafthor.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Dei store steinane kan med første augekast verke som ein morosam gimmik, men dei representerer faktisk ein viktig del av det vesle øyfolket si historie. Det er nemleg langt ifrå nokon slump at verdas sterkaste mann kjem frå Island.

Kjempene frå Sagaøya

På ei sandstrand ytst på Snæfellsnes nord for Reykjavík ligg fire løftesteinar som dei utanfor Hafthors treningssenter. Her låg ein av Islands største fiskelandsbyar, Dritvik, gjennom fleire hundre år, og før fiskarane fekk lov til å leggje til sjøs måtte dei bevise at dei var sterke nok.

Viss dei ikkje klarte å løfte den nest minste steinen «hálfdrættingur» på 54 kg fekk dei ikkje lov til å setje seg i båten. På grunn av den røffe naturen og dei krevjande vêrforholda har fysisk styrke vore ein føresetnad for å klare seg på Sagaøya opp gjennom historia.

Islandske løftesteinar

LØFTESTEINAR: Desse steinane brukte fiskarane i Dritvik å måle kreftene sine med. Den lettaste steinen (Amlóði) er 24 kg, medan den største (Fullsterkur) er 154 kg.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Dei gamle sagaene er fulle av historier om sterke vikingar, og dei norrøne muskelgudane Tor og Tyr stod høgt i status. Men det var først på 80-talet at strongman-kulturen vi kjenner i dag skulle etablere seg for fullt.

Då herja den karismatiske islendingen Jón Páll Sigmarsson i dei internasjonale konkurransane, og vart den første personen til å vinne «Verdas sterkaste mann» fire gongar. Sigmarsson starta også sitt eige treningssenter «Jakaból» som også var staden der Hafthor først trente då han begynte med strongman.

– Jón Páll har vore ein stor inspirasjon for meg og resten av miljøet. Han sette standaren for resten av oss, seier Hafthor og viser fram ei stor tatovering av den islandske legenda på leggen. Over står også det kjente sitatet hans: «There is no reason to be alive if you don't do deadlift.» (Det er ingen grunn til å leve om du ikkje tar markløft.)

Men for å bli verdas sterkaste må ein utsetje kroppen for ekstreme påkjenningar. Jón Páll døydde av hjartestans i 1993, berre 32 år gammal, medan han var på treningssenteret sitt og trente favorittøvinga si: markløft.

Jón Páll Sigmarsson

JÓN PÁLL: Hafthor var berre fire år gammal då forbildet hans døydde, men han er likevel tydeleg på at han mest sannsynleg aldri hadde blitt strongman om det ikkje hadde vore for Jón Páll.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Kva er det med strongman som gjer at du er villig til å gå gjennom desse påkjenningane?

– Eg elskar å trene og konkurrere, og fekk tidleg ein lidenskap for sporten. I løpet av vinteren blir det også veldig mørkt på Island, og det er lite å finne på. Vi islendingar må gjere noko for å halde oss levande, og eg trur det er difor mange av oss likar å trene.

I løpet av ei veke løftar Hafthor tusenvis av kilo stål i ulike retningar, men skal vi tru verdas sterkaste mann er det faktisk ikkje sjølve løftinga som er det mest krevjande med å vere strongman.

Å ete som ein hest

– Det mest krevjande med å vere stor og sterk er at du må ete heile tida. Om du hoppar over måltid blir du berre mindre, seier Hafthor.

Verdas sterkaste mann har med seg ein stor matboks til treningssenteret, fylt med 300 gram ris og 250 gram biff. Ein stor middagsporsjon for dei fleste. Forskjellen er at Hafthor et dette måltidet kvar to og ein halv time, seks gongar om dagen!

No er klokka ca. 13. Kor mange måltid har du spist så langt i dag?

– Eg har spist tre gongar og skal snart ete mitt fjerde.

Kor mange kaloriar blir det i løpet av dagen?

– Vanlegvis rundt 10 000 kilokaloriar, svarer Hafthor.

(Til samanlikning er det vanlege kilokaloriinntaket for menn rundt 2500. Ein islandshest treng ca. 11 000 kilokaloriar om dagen for å halde på vekta, med andre ord ca. det same som verdas sterkaste mann.)

Hafthor går bort til mikrobølgjeomnen på bakrommet for å varme opp neste måltid, før han set seg ned i ein skinnsofa, som med Hafthor liknar meir på ein stol. Han er ikkje svolten i det heile tatt, men pressar likevel maten i seg.

Hafthor Julius Bjornsson

DAGENS FJERDE MÅLTID: Hafthor nærmar seg slutten på dagens fjerde måltid, og ser dermed fram til to nye timar utan mat. Så er det på'an igjen.

Foto: Ole Kristian Årdal / NRK

Sidan han fekk rolla i Game of Thrones har han berre floge businessklasse kvar gong han har vore på reise, meir som eit naudsyn enn ei luksus. Men det var ei tid då han ikkje hadde råd til slik velstand.

Eit av dei mest traumatiske minna hans er frå ei langdistanseflyging frå Malaysia, då han vart sitjande inneklemt mellom to skravlesalige eldre kvinner som begge nekta å byte sete med han.

Game of Thrones har hjelpt med på mange måtar, både med karrieren, økonomi og andre ting, seier han.

Fem år har gått sidan livet hans vart fullstendig snudd på hovudet. På sett og vis har han heldt fram med å vere sikkerheitsvakt. Men i staden for å jobbe med å vakte islandske kronur i banken, passar han no på ein av verdas mest hata rollefigurar – dronning Cersei Lannister – som gjer alt i si makt for å få sitje på jarntrona i Game of Thrones.

«The Mountain»

(Før du les vidare er du hermed åtvara om at det kjem spoilerar frå sesong fire av Game of Thrones.)

– Då eg takka ja til rolla visste eg ikkje kor stor rolla faktisk var. Greitt nok, «The Mountain» har ikkje veldig mange replikkar, men når han dukkar opp i kampscener får det alltid mykje merksemd. Eg hadde inga aning om at duellen mot «The Viper» skulle få så mykje omtale.

Scena Hafthor refererer til er sjølve klimakset i sesong fire, som endar opp med at rollefiguren hans knuser hovudet til motstandaren sin med berre nevane. Ei scene underteikna sjølv hadde friskt i minne då han møtte den (heldigvis) litt meir skånsame skodespelaren utanfor treningssenteret.

The Mountain vs The Viper

«THE MOUNTAIN VS THE VIPER»: Skodespelarane Hafthor Bjornsson og Pedro Pascal kjempa i det som har blitt ei av dei mest kjente scenene frå Game of Thrones. Ifølgje Hafthor er rustinga svært tung å ukomfortabel å ha på seg.

Foto: hbonordic.com

Kor godt kjenner du din eigen rollefigur?

– For å vere heilt ærleg så har eg ikkje lest bøkene, men «The Mountain» er utan tvil ein emosjonell mann som får utløp for kjenslene sine gjennom sinne. Han er veldig sterk, og bruker kreftene sine på vald og å drepe folk. Blant anna brann han broren sitt ansikt i elden då dei var små, og eg har høyrt at han tok livet av resten av familien sin også.

Kvar trur du dette brutale sinnet kjem frå?

– Truleg noko som har skjedd med han i barndomen. Kven veit?

For nokre veker sidan spelte Hafthor inn si aller siste Game of Thrones-scene. Fansen må framleis vente eit halvår til sesong 8 kjem ut ein gong på nyåret 2019.

Korleis er det å vere ferdig med Game of Thrones?

– Eg er veldig glad for å ha fått vere med på denne ferda. Men det har også vore veldig mykje reising som har gått utover treninga. No kan eg vere meir forplikta til å bli så sterk som overhovud mogleg, seier Hafthor som hadde tre andreplassar og tre tredjeplassar i «Verdas sterkaste mann» før han endeleg tok førsteplassen i år.

Cleganebowl

Etter innspelinga kunne Hafthor avsløre på Instagram at han i løpet av denne sesongen spelte inn favorittscena si gjennom heile serien.

Game of Thrones

NOKO STORT ER I GJERDE: Hafthor svarte dette på spørsmålet om kva som har vore favorittscena hans i Game of Thrones.

Foto: Instagram

Det store spørsmålet alle lurer på no er: Kjem vi til å sjå «Cleganebowl»? (Altså ein siste avgjerande kamp mellom «The Mountain» og veslebroren Sandor Clegane)

– Det er eit veldig godt spørsmål. Eg skulle gjerne svart, men det kan eg dessverre ikkje, svarar Hafthor.

Eg skjønar, seier eg.

Det blir stille i nokre sekund.

Kanskje du kan nikke, utan å seie noko?

– Nei, det kan eg faktisk ikkje, seier Hafthor.

– Ok, eg skjønar, seier eg litt vonbroten.

Hafthor ser på meg i medynk, og nikkar?*

* I 2017 fekk Hafthor diagnosen bells parese – ein nevrologisk sjukdom som skapar lamming i ansiktet. Han har difor ikkje 100 prosent kontroll på ansiktsmusklane, og det må diverre takast med i rekninga om nikket faktisk var eit nikk eller ikkje.

Sandor Clegane og The Mountain

BRØR: Rollefigurane Sandor og Gregor Clegane har ikkje vore på godfot etter at Gregor brann opp ansiktet til veslebroren som barn. Sjølv om Sandor skal vere veslebror i serien er skodespelaren Rory McCann 20 år eldre enn Hafthor.

Foto: hbonordic.com

PS: Gjekk du glipp av denne?
Sjå vår eigen Kristoffer Hivju synge «Yellow Bird» av The Mills Brothers i duett med Rory McCann, «veslebroren» til «The Mountain»:

Read English version here.