Hopp til innhold
Klassequizen BANNER - deskop

Kva er Klassequizen?

Bli med i kampen om å bli landets smartaste 10.-klassing!

Selda Ekiz spiller klassequizspillet.

Selda Ekiz er programleiar for Klassequizen!

Foto: Julia Marie Naglestad

Klassequizen er ein nasjonal kunnskapskonkurranse for elevar på 10. trinn.

Over 600 lag frå heile landet deltek i dei innleiande rundane.

Er DU med i neste sesong?

Om du går i 9. klasse nå, må du melde deg på Klassequizen før sommaren. Påmeldinga for kommande sesong opnar i april og neste sesong startar allereie til hausten!

Og ver rask!

Mange distriktskontor må sette ei maksgrense på kor mange skular som kan vere med, så ver tidleg ute med å melde deg på.

Dei innleiande rundane byrjar i NRK sine distriktssendingar på NRK P1 i september og varar fram til jul.

Prøv Klassequizen-spelet her!

Slik må laget vere

Eit lag i Klassequizen skal bestå av tre personar. Alle lag skal også ha tilgjengeleg reserve som kan delta, dersom ein av dei tre faste deltakarane ikkje har moglegheit.

Klassequizen ynskjer at laga som er med i konkurransen har ein variasjon i kjønnsuttrykk, så langt det er praktisk mogleg å gjennomføre. Dette gjeld også dersom det er reserven til laget som deltek. Av den grunn oppfordrar me til å ha fleire reservar til laget.

Nokre unntak:

Om 10. trinnet på skulen berre har to personar, kan skulen stille med desse to som lag. Kravet om kjønnsvariasjon kan da gå bort. På skular med få elevar kan det enkelte år vere vanskeleg å stille eit fullt lag. Dersom skulens 9. og 10. trinn til saman kan utgjere eit lag, kan dei stille. Det skal derimot ikkje takast med nokon frå eit lågare trinn enn 9. trinn, for å lage eit lag.

Ved tvil eller spørsmål, send e-post til klassequizen@nrk.no. Det er mange ulike kombinasjonar som det er mogleg å finne plass til.

Spørsmåla de får

I Klassequizen blir du spurt om alt mogleg. Mesteparten av spørsmåla er frå pensum i 9. og 10. klasse, samt spørsmål om politikk og hendingar i verda. Med andre ord: det er lurt å fylgje med på nyheiter.

Det kan også dukke opp spørsmål frå populære seriar frå dei siste ti åra og frå musikk som er aktuell nå.

Dette er konkurransen

Konkurransen byrjar med quiz-rundar i distriktsradioen rundt om i heile landet. Her deltar eitt og eitt lag.

Nokre stader får skulen besøk av ein reporter som held konkurransen i eit klasserom eller ein aula. Andre stader blir laget invitert til NRK sitt lokale studio, og quizen går føre seg der, enten i opptak eller direktesendt i radio.

Quizen består av fire rundar, kvar med tre spørsmål. De får eitt poeng for kvart riktig svar, så maksimalt 12 poeng. Til slutt blir det ein lokal finale mellom dei beste laga og dei to beste laga frå kvart distrikt, går vidare til finalerundane i Oslo.

Dei innleiande rundane i Klassequizen går frå september og fram til jul. Spørsmåla er like for alle.

Vinnarane av klassequizen i 2019, Strandebarm skule.

HARDANGER TIL TOPPS: I 2019 vann Strandebarm skule.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

For dei laga som kvalifiserer seg til neste runde i Oslo, blir det ein litt annleis konkurranse. I løpet av fleire innleiande rundar, kvalifiserer nokon lag seg til finalen.

I konkurransen i Oslo er det enda fleire quiz-rundar enn det er på radio. Nokre rundar går på hurtigheit. Og konkurransen avsluttast med ein spørsmålsstafett, kalla Sluttspurten.

Dette kan du vinne

Vinnaren av finalen får Klassequizen-trofeet. I tillegg kjem MP3 til vinnarskulen og sender eit eige show direkte derifrå. Dette går både på TV og radio direkte den dagen.

Victoria Nadine

PREMIEKONSERT: Victoria Nadine var blant artistane i 2022.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I 2022 var det Lena ungdomsskule som vann. Då blei det arrangert konsert for vinnarlaget på NRK, med artistar som Tix, Hagle og Victoria Nadine. I år var det Alstad ungdomsskule i Bodø! Kanskje din skule blir neste?

Lurar du på noko?

Me svarar deg gjerne på stort og smått!

Ta kontakt med oss på klassequizen@nrk.no for spørsmål eller påmelding.

Du kan også melde deg på via ditt nærmaste distriktskontor.

Kva ventar du på?

Me gler oss til å høyre frå akkurat deg!

Korleis går eigentleg Klassequizen føre seg? Selda forklarar deg!
Sjå direkte frå Standebarm skule. Havsun, Peder Elias og Sval held konsert. Agnetesh kjem og!

Disse artistene hyllet Klassequizenvinnerne

Klassequiz finale 2019 fra Troms fylke

Finnsnes og Bardufoss vant Klassequizen i Troms

mP3-Martin besøkte Klassequiz-vinnerne

Halsa og Ytre Herøy vann Klassequizen

Kvåle og Gloppen gjekk vidare i fylkesfinalen

Her kan du sjå heile finalen i Klassequizen