Hopp til innhold

Helland ungdomsskule blir den andre fylkesvinnaren i Klassequizen

Spjelkavik ungdomsskole vart første fylkesvinnar i Møre og Romsdal med 12 poeng. I dag vart det klart at Helland skule stakk av med den siste plassen.

Helland skule vart fylkesvinnarar i Klassequizen 2021.

FYLKESVINNAR: Helland ungdomsskule vart ein av to fylkesvinnarar i Klassequizen i Møre og Romsdal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Klassequizen er ein nasjonal kunnskapskonkurranse for elevar på 10. trinn. I år er det tiårsjubileum på konkurransen.

Spjelkavik ungdomsskole gjekk direkte vidare til landsfinalen, og vart fylkesvinnarar, etter at dei var einaste skule med 12 poeng i Klassequizen i Møre og Romsdal.

I dag var det duka for fylkesfinale mellom Bekkevoll ungdomsskole, Sykkylven ungdomsskule og Helland ungdomsskule. Dei hadde alle 11 poeng etter den første runda. Sigeren var det Helland ungdomsskule som stakk av med.

Helland skule, Bekkevoll ungdomsskole og Sykkylven ungdomsskule kjempa om å bli fylkesfinalistar i Klassequizen.

Helland skule, Bekkevoll ungdomsskole og Sykkylven ungdomsskule kjempa om å bli fylkesfinalistar i Klassequizen.

Dei to som har gått vidare frå Møre og Romsdal vil få ein premie på 5000 kroner. Samstundes går dei vidare til landsfinalen som vil gå på TV på NRK1 etter nyttår.

Klassequizen Møre og Romsdal 2021

Skule

Sendetidspunkt

Resultat

Møre

12. oktober 14.30

8 poeng

Spjelkavik

13. oktober 14.30

12 poeng

Sykkylven

14. oktober 14.30

11 poeng

Stranda

15. oktober 14.30

7 poeng

Hareid

16.oktboer 14.30

8 poeng

Helland

19. oktober 14.30

11 poeng

Ørskog

20. oktober 14.30

9 poeng

Valldal

21. oktober 14.30

10 poeng

Haramsøy

22. oktober 14.30

7 poeng

Vatne

23. oktober 14.30

7 poeng

Brattvåg

26. oktober 14.30

9 poeng

Harøy

27. oktober 14.30

5 poeng

Sæbø

28. oktober 14.30

5 poeng

Volda

29. oktober 14.30

10 poeng

Dalsfjord

30. oktober 14.30

9 poeng

Myklebust

2. november 14.30

6 poeng

Åheim

3. november 14.30

8 poeng

Gursken

4. november 14.30

9 poeng

Smøla

5. november 14.30

9 poeng

Atlanten

6. november 14.30

8 poeng

Tustna

9. november 14.30

10 poeng

Frei

10. november 14.30

8 poeng

Surnadal

11. november 14.30

8 poeng

Sunndal

12. november 14.30

10 poeng

Tingvoll

13. november 14.30

7 poeng

Fræna

16. november 14.30

8 poeng

Batnfjord

17. november 14.30

9 poeng

Bekkevoll

18.november 14.30

11 poeng

Bergmo

19. november 14.30

7 poeng

Eresfjord

20. november 14.30

6 poeng

Vågsetra

23. november 14.30

6 poeng

Åfarnes

24. november 14.30

8 poeng

Gossen

25. november 14.30

10 poeng

Ekspander/minimer faktaboks

Slik har det gått

Veke 7:

Måndag var det Vågsetra barne- og ungdomsskole som er med i Klassequizen. Dei klarte ikkje å kvalifisere seg til fylkesfinalen. Du kan høyre kva for spørsmål dei fekk her:

Åfarnes skole var nest sist ut i Klassequizen denne sesongen. Etter Gossen barne- og ungdomsskole er sendt i morgon, vil vi vite kven som går vidare. Kva for spørsmål Åfarnes fekk, høyrer du her:

Åfarnes skole. Augusta Rødstøl Langnes (t.v.), Stian Antonsen og Veronica Antonsen (t.h.).

Gossen barne- og ungdomsskole var veldig nære å kvalifisere deg, men dessverre vart det ikkje nok poeng. Du høyrer kva for spørsmål dei fekk her:

Gossen barne- og ungdomsskole. Ingeborg Hoksnes, Rabisan Arulvselvam (midten) og Markus Breivik.

Veke 6:

Klassequizen veke 6:

Veke 5:

Klassequizen veke 6:

Veke 4:

Klassequizen veke 4:

Veke 3:

Klassequizen veke 3:

Veke 2:

Klassequizen veke 2:

Veke 1:

Klassequizen veke 1:

Stor konkurranse

Selda Ekiz

KLASSEQUIZEN: Her ser du alle deltakarane.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK
Klassequizen i Møre og Romsdal er i gang. Her kan du sjå alle deltakarane.

33 skular i Møre og Romsdal konkurrerer om å vere dei to heldige som går vidare til ein landsfinale.

Frå midten av oktober og fram til november vil det kvar dag frå klokka 14.30 vere Klassequizen på NRK P1 Møre og Romsdal.

Dei to beste laga frå kvart fylke får vere med i dei nasjonale finalerundane som blir sendt på NRK 1 med Selda Ekiz som programleiar. Dei vil også få 5000 kroner kvar, som går til heile klassa.

Slik går Klassequizen føre seg

Kvart lag har tre elevar, og ein reserve. Programmet blir sendt på radio, og der får deltakarane fire kategoriar, der det er tre spørsmål i kvar kategori. Det er mogleg å få totalt 12 poeng.

I finalerundane på TV er konkurranseforma i stor grad den same som i dei lokale sendingane.

Vinnarane av heile Klassequizen får Klassequizen-trofeet, og blir feira med eit heidundrande show med MP3 og artistar.

Fleire enn 600 skular har meldt seg på Klassequizen i år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL