Hopp til innhold

Finale i Klassequizen

88 skular i Vestland har delteke i årets Klassequiz. No er det klart kva skular som går til landsfinalen.

Sjå kva skular som går vidare til landsfinalen! Programleiarar er Lidvard Sanden og Valentina Baisotti.

Sjå kva skular som går vidare til landsfinalen! Programleiarar er Valentina Baisotti og Lidvard Sandven.

Etter ein jamn og intens kamp gjekk Rossland skule og Blokkhaugen ungdomsskole vidare, medan Ostereidet ungdomsskule var eit enkelt poeng unna landsfinalen.

I finalen til Sogn og Fjordane var det til slutt Eid ungdomsskule som tok sigeren i siste spørsmål, etter god kjemping mot Gloppen og Førde.

Sendinga høyrer du på Hordaland i dag på NRK P1, og du kan sjå den her på nettsida.

Klokka 15 var det finale i Sogn og Fjordane på Sogn og Fjordane i dag på NRK P1. Gloppen ungdomsskule, Eid ungdomsskule og Førde ungdomsskule kjempar om ein plass i landsfinalen.

Farnes skule slo nemleg til med full pott i den innleiande runden og kvalifiserte seg dermed direkte til landsfinalen.

Årets finalar er tilpassa pandemien. I Hordaland er elevane på sine eigne skular og kommuniserer med programleiarane via ein skjerm. Men det er ikkje noko nederlag, ifølgje Valentina Baisotti.

– Det vart verkeleg ein suksess i fjor, og me opplevde at det vart meir fokus på sjølve quizzinga, seier Baisotti.

Saman med Lidvard Sandven er ho programleiar i Hordaland-finalen.

– Eg forventar ni skarpe hovud som samarbeider og utfyller kvarandre godt, seier Sandven før finalen.

44 skular i Hordaland har blitt til tre finalistar som skal kjempa om to plassar i landsfinalen.

Valentina Baisotti og Lidvard Sandven Klassequizen 2021

KLARE: Valentina Baisotti og Lidvard Sandven er klare for å gi 10.-klassingane spørsmål dei skal få bryna seg på.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Vil ikkje røpa for mykje

I Sogn og Fjordane har 44 skular blitt til fire. Tre lag kjempar om den siste finaleplassen.

– Det mest spanande i finalen blir nok å sjå korleis elevane kjem til å halda hovudet kaldt, sidan det trass alt er finale, seier Elise Kvien, som leiar Sogn og Fjordane-finalen.

Klar for klassequiz i Sogn og Fjordane.

PLANEN KLAR: – Dersom det blir uavgjort mellom nokon av laga, så blir det utslagsspørsmål, seier Elise Kvien, programleiar i Sogn og Fjordane-finalen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ingen av programleiarane vil avsløra kva tema dei kjem til å spørja om, men noko kan dei likevel fortelja.

– Det blir tolv unike spørsmål fordelt på fire kategoriar. Nokre av spørsmåla kjem frå kjende fjes, seier Sandven.

Han lovar at både Ylvis og ein viss tidlegare statsminister skal få testa kunnskapen til 10.-klassingane.

Baisotti trur spørsmåla er vanskelege nok til at dei kjem til å skilja laga frå kvarandre.

– Eg skal innrømma at eg sjølv måtte googla meg fram til nokre av svara.

Dette er finalistane i Hordaland

Klassequizen 2021, Blokkhaugen ungdomsskule

FINALISTAR: Joakim Hestdal, Henrik Hodne og Karoline Ytreland deltek for Blokkhaugen skole.

Foto: Espen Hatlestad
Ostereidet ungdomsskule

FINALISTAR: Victoria Fjellanger, Ine Marie Midtgård og Jonas Marthinussen deltek for Ostereidet ungdomsskule.

Foto: Espen Hatlestad / NRK
Rossland skule

FINALISTAR: Martin Eikeland Fredriksen, Iris Fjeldstad Mjelde og Andrea Nygård Vie deltek for Rossland skule.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Dette er finalistane i Sogn og Fjordane

Førde ungdomsskule.
Fv: Viktoria Zablotna, Sander Osland, Johannes Winkler

FINALISTAR: Viktoria Zablotna, Sander Osland og Johannes Winkler deltek for Førde ungdomsskule.

Foto: Elise Kvien / NRK
Gloppen ungdomsskule, Klassequiz 2021

FINALISTAR: Even Kleppenes Rygg, Mathias Ødven Johansen og Reinhart Aagård Midthjell deltek for Gloppen ungdomsskule.

Foto: Elise Kvien / NRK
Eid ungdomsskule.
Fv: Kaisa Flaten Brekke, Esekiel Henden, Sigbjørn Ytre-Hauge Ivesdal.

FINALISTAR: Kaisa Flaten Brekke, Esekiel Henden og Sigbjørn Ytre-Hauge Ivesdal deltek for Eid ungdomsskule.

Foto: Elise Kvien / NRK
Farnes skule.
Fv: Jaran Aspevik, Simen Hestetun, Thea Nes

I LANDSFINALEN: Jaran Aspevik, Simen Hestetun og Thea Nes frå Farnes skule har allereie kvalifisert seg til landsfinalen. Dei fekk full pott i den innleiande runden.

Foto: Elise Kvien / NRK