Hopp til innhold

Dette er vinnarane av fylkesfinalen i Klassequizen

I dag blei det avgjort kven som vann fylkesfinalen i Klassequizen i Møre og Romsdal, og dermed går vidare til landsfinalane i Oslo.

Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund og Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund er vinnarane av Klassequizen i Møre og Romsdal.

Elevane frå Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund og Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund er vinnarane av Klassequizen i Møre og Romsdal.

Foto: NRK

48 skular i Møre og Romsdal har sidan i fjor haust konkurrerte om å vere dei to laga som går vidare til landsfinalane i Oslo. Dette er ny rekord.

I dag blei det klart at desse to skulane er: Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund og Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund.

Dette er andre året på rad at Spjelkavik ungdomsskule går vidare til landsfinalane.

– Ja, no må vi sjå om vi kan halde fram den tradisjonen. Det er veldig kult å ha gått vidare, no skal vi gjere oss klare for å reise til Oslo. Det gler vi oss til, seier Svein Harald Ruud Schmidt.

Svein Harald Ruud Schmidt (rød genser), Theodor Andre Nerås og Oda Overvoll Kjersem frå Spjelkavik ungdomsskole i fylkesfinalen av Klassequizen.

Svein Harald Ruud Schmidt, Oda Overvoll Kjersem og Theodor Andre Nerås frå Spjelkavik ungdomsskole kunne juble for å ha tatt seg vidare til landsfinalane i Klassequizen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ved Kolvikbakken ungdomsskole blei det også full jubel då det blei klart at dei var eitt av dei to vinnarlaga. Ulrik Refsnes Lerstad har tidlegare lovd at han skulle leite fram dressen om dei kom til landsfinalane.

– Ja, eg skal halde det eg har lovd. No er det berre å leite den fram, seier han lattermild.

I tillegg til å bli kåra til fylkesvinnarane i Møre og Romsdal får dei to laga 5.000 kroner kvar, som går til heile klassa.

Kolvikbakken ungdomsskole er ein av to fylkesvinnarar i Klassequizen 2022

Thea Fuglseth, Ulrik Refsnes Lerstad og Myrtel Magrittsdotter Melsæter frå Kolvikbakken ungdomsskole sikra seg 8 poeng i fylkesfinalen av Klassequizen.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Fire skular kjempa om siger

Dei fire skulane som konkurrerte i fylkesfinalen av Klassequizen var: Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund, Atlanten ungdomsskole i Kristiansund, Vågsetra barne- og ungdomsskole på Skåla i Molde kommune og Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund.

Alle dei fire skulane fekk 12 spørsmål som dei måtte svare på. Her kan du høyre spørsmåla dei fekk:

Spjelkavik ungdomsskole stilte med elevane Svein Harald Ruud Schmidt, Theodor Andre Nerås og Oda Overvoll Kjersem. Dei fekk totalt 10 poeng.

Frå Atlanten ungdomsskole i Kristiansund var det elevane Iver Naalsund, Ida Fjerstad og Erik Andreas Falkhytten Leikvoll som deltok. Dei enda på 5 poeng.

Vågsetra barne- og ungdomsskole var representert med elevane Frida Børstad, Tyra Helene Risan Bergem og Edvard Malvin Heen Nakken. Dei fekk 6 av 12 rette.

Kolvikbakken ungdomsskole sitt lag bestod av Thea Fuglseth, Ulrik Refsnes Lerstad og Myrtel Magrittsdotter Melsæter. Dei fekk til slutt 8 poeng.

Her kan du sjå bilde av alle laga:

Iver Naalsund, Ida Fjerstad og Erik Andreas Falkhytten Leikvoll representerer Atlanten ungdomsskole i fylkesfinalen av Klassequizen.

Iver Naalsund, Erik Andreas Falkhytten Leikvoll og Ida Fjerstad representerer Atlanten ungdomsskole i fylkesfinalen av Klassequizen.

Vågsetra barne- og ungdomsskole i fylkesfinalen av Klassequizen i Møre og Romsdal. Dei stilte med elevane Frida Børstad, Tyra Helene Risan Bergem og Edvard Malvin Heen Nakken.

Frida Børstad, Edvard Malvin Heen Nakken og Tyra Helene Risan Bergem frå Vågsetra barne- og ungdomsskole på Skåla i Molde kommune.

Kolvikbakken ungdomsskole klar for fylkesfinalen i Klassequizen 2022

Thea Fuglseth, Ulrik Refsnes Lerstad og Myrtel Magrittsdotter Melsæter frå Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund.

Svein Harald Ruud Schmidt (rød genser), Theodor Andre Nerås og Oda Overvoll Kjersem frå Spjelkavik ungdomsskole i fylkesfinalen av Klassequizen.

Svein Harald Ruud Schmidt, Theodor Andre Nerås og Oda Overvoll Kjersem frå Spjelkavik ungdomsskole i fylkesfinalen av Klassequizen.

Vidare til landsfinalane

Spjelkavik og Kolvikbakken blir no to av totalt 36 skular som skal konkurrere i dei nasjonale finalerundane som startar i april. Desse blir sendt på NRK 1 med Selda Ekiz som programleiar.

Svein Harald Ruud Schmidt, Theodor Andre Nerås og Oda Overvoll Kjersem frå Spjelkavik ungdomsskole i fylkesfinalen av Klassequizen.

Svein Harald Ruud Schmidt, Theodor Andre Nerås og Oda Overvoll Kjersem frå Spjelkavik ungdomsskole.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Fleire enn 600 skular rundt omkring i landet har meldt seg på Klassequizen i år.

I finalerundane på TV er konkurranseforma i stor grad den same som i dei lokale sendingane. Vinnarane av heile Klassequizen får Klassequizen-trofeet, og blir feira med eit heidundrande show på radiokanalen NRK Mp3 med fleire artistar.

Kolvikbakken ungdomsskole er ein av to fylkesvinnarar i Klassequizen 2022

Thea Fuglseth, Ulrik Refsnes Lerstad og Myrtel Magrittsdotter Melsæter frå Kolvikbakken ungdomsskole.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Slik gjekk det med alle skulane

I denne sesongen av Klassequizen er det Øyvind Berge Sæbjørnsen som har reist rundt i fylket og testa elevane.

Frå midten av oktober og fram til desember har Klassequizen gått på NRK P1 Møre og Romsdal kvar dag frå klokka 14.30.

Slik gjekk det med skulane i dei innleiande rundane.

Resultat for Klassequizen i Møre og Romsdal:

Skule:

Sendedato:

Resultat:

Skodje

Onsdag 13. oktober - 14.30

7 poeng

Ørskog

Torsdag 14. oktober - 14.30

7 poeng

Spjelkavik

Fredag 15. oktober - 14.30

12 poeng

Møre

Måndag 18. oktober - 14.30

7 poeng

Sykkylven

Tysdag 19. oktober - 14.30

4 poeng

Giske

Onsdag 20. oktober - 14.30

8 poeng

Skarbøvik

Torsdag 21. oktober - 14.30

11 poeng

Kolvikbakken

Fredag 22. oktober - 14.30

11 poeng

Vatne

Måndag 25. oktober - 14.30

7 poeng

Harøy

Tysdag 26. oktober - 14.30

5 poeng

Hareid

Onsdag 27. oktober - 14.30

3 poeng

Ulstein

Torsdag 28. oktober - 14.30

8 poeng

Stordal

Fredag 29. oktober - 14.30

10 poeng

Valldal

Måndag 1. november - 14.30

9 poeng

Bergmo

Tysdag 2. november - 14.30

10 poeng

Bekkevoll

Onsdag 3. november - 14.30

7 poeng

Åfarnes

Torsdag 4. november - 14.30

10 poeng

Åndalsnes

Fredag 5. november - 14.30

9 poeng

Brattvåg

Måndag 8. november - 14.30

5 poeng

Haramsøy

Tysdag 9. november - 14.30

5 poeng

Hornindal

Onsdag 10. november - 14.30

6 poeng

Dalsfjord

Torsdag 11. november - 14.30

6 poeng

Myklebust

Fredag 12. november - 14.30

7 poeng

Åheim

Måndag 15. november - 14.30

9 poeng

Gursken

Tysdag 16. november - 14.30

8 poeng

Ytre Herøy

Onsdag 17. november - 14.30

9 poeng

Stokksund

Torsdag 18. november - 14.30

5 poeng

Helland

Fredag 19. november - 14.30

8 poeng

Tomrefjord

Måndag 22. november - 14.30

9 poeng

Ørsta

Tysdag 23. november - 14.30

10 poeng

Sæbø

Onsdag 24. november - 14.30

7 poeng

Vågsetra

Torsdag 25. november - 14.30

11 poeng

Batnfjord

Fredag 26. november - 14.30

9 poeng

Julsundet

Måndag 29. november - 14.30

8 poeng

Fræna

Tysdag 30. november - 14.30

7 poeng

Eidsvåg

Onsdag 1. desember - 14.30

6 poeng

Eresfjord

Torsdag 2. desember - 14.30

7 poeng

Smøla

Fredag 3. desember - 14.30

9 poeng

Tustna

Måndag 6. desember - 14.30

11 poeng

Straumsnes

Tysdag 7. desember - 14.30

6 poeng

Tingvoll

Onsdag 8. desember - 14.30

6 poeng

Atlanten

Torsdag 9. desember - 14.30

12 poeng

Frei

Fredag 10. desember - 14.30

9 poeng

Surnadal

Måndag 13. desember - 14.30

10 poeng

Nordlandet

Tysdag 14. desember - 14.30

10 poeng

Averøy

Onsdag 15. desember - 14.30

4 poeng

Volda

Torsdag 16. desember - 14.30

9 poeng

Aure

Fredag 17. desember - 14.30

9 poeng

Her kan du høyre korleis det har gått med alle skulane i dei innleiande rundane av Klassequizen:

Veke 10:

Veke 9:

Veke 8:

Veke 7:

Veke 6:

Veke 5:

Veke 4:

Veke 3:

Veke 2:

Veke 1:

Slik går Klassequizen føre seg

Kvart lag har tre elevar, og ein reserve. Programmet blir sendt på radio, og der får deltakarane fire kategoriar, med tre spørsmål i kvar kategori. Det er mogleg å få totalt 12 poeng.

Øyvind Berge Sæbjørnsen skal er quizmaster på Klassequizen i Møre og Romsdal.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

I fjor var det Helland ungdomsskule og Spjelkavik ungdomsskole som blei fylkesvinnarane av Klassequizen.