Hopp til innhold

Halsa og Ytre Herøy vann Klassequizen

Halsa og Ytre Herøy fekk begge åtte poeng og gjekk heilt til topps i fylkesfinalen i Klassequizen i Møre og Romsdal.

Her kan du sjå fylkesfinalen i Klassequizen. Finalistane var Helland skule, Ytre Herøy ungdomsskule, Volda ungdomsskule og Halsa barne- og ungdomsskule.

Klassequizen er ein spørjekonkurranse som NRK arrangerer for tiandeklassingar.

Ytre Herøy

Martine Myran, Even Aurvoll Berge og Viljar Myren representerte Ytre Herøy ungdomsskule.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Onsdag konkurrerte fire skulelag om to plassar i landsfinalen. Etter dei innleiande rundane var det Halsa, Helland i Vestnes, Volda og Ytre Herøy som hadde kvalifisert seg til finalen.

Fylkesfinalen vart sendt på NRK Møre og Romsdal på NRK P1 og på nrk.no/mr. Tore Ellingseter leia direktesendinga frå Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. Der fekk elevane også omvising.

Vinnarar til nasjonal finale

Halsa

Anders Åsgård, Ragnhild Otnes og Jøri Vatten frå Halsa barne- og ungdomsskule var det andre laget som gjekk vidare til landsfinalen.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Halsa og Ytre Herøy skule fekk ein sjekk på 5000 kroner kvar etter å ha blitt dei to beste laga i fylkesfinalen onsdag. Skuleklassane får ein tur til Oslo, der tremannslaga deira blir Møre og Romsdal sine representantar i landsfinalen.

Finalen går på NRK1 over fem laurdagar i april og mai og blir leia av Selda Ekiz. I fjor hadde den nasjonale finalen 800 000 sjåarar.

På landsplan får årets skarpaste tiandeklassingar eit trofé, og besøk av mP3 og Martin Holmen på skulen sin.

Vinnerklassene klassequiz 2018

Dei to klassene får ein sjekk på 5000 kroner og ein tur til Oslo for å sjå tremannslaga delta i finalen.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

120 har vore med

Det er sjette gong NRK arrangerer Klassequizen. I løpet av vinteren har 120 elevar frå førti skular i Møre og Romsdal kjempa på radioen om å bli fylkets smartaste tiandeklassingar.

Simulator og moro

I regi av NRK fekk klassene til finalistane omvising på Norsk Maritimt Kompetansesenter, før finalen gjekk av stabelen.

Tore Ellingseter

Tore Ellingseter leia fylkesfinalen av Klassequizen.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Ulike bedrifter frå senteret demonstrerte korleis dei arbeida og korleis dei ulike simulatorane på senteret fungerer.

Benjamin Liabø Bakken, Ine Emilie Øvstegård Helland og Daniel Gravehaug frå Helland skule, var nokre av dei nesten 170 elevane som fekk omvising denne dagen. Det var ingen tvil om kva dei synast var kjekkast.

– Det var litt sjukt der inne eigentleg, det var ganske artig, og veldig realistisk inn i den båtsimulatoren, sa dei engasjert i kor.

Benjamin Liabø Bakken, Ine Emilie Øvstegård Helland og Daniel Gravehaug frå Helland skule.
Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

– Eg følte at det svaia i beina når eg såg bevegelsen på skjermane, det følast veldig ekte ut, seier Helland.

Klassekameratane hadde stor trua på kven som skulle stikke av med sigeren.
– Vi trur at Helland skule vinnar, vi skal vinne, sa dei i kor.

Eidsdal skule skulle ha vore ein av deltakarane i fylkesfinalen, etter å ha fått 12 poeng i innleiande runde. Eidsdal hadde ikkje moglegheit til å vere med i ein eventuell landsfinale i Oslo, og trakk seg dermed frå fylkesfinalen.


TIDLEGARE FYLKESVINNARAR I MØRE OG ROMSDAL:

2017: Haramsøy skule
2016: Helland skule
2015: Smøla ungdomsskole
2014: Halsa barne- og ungdomsskole
2013: Smøla ungdomsskole

Fylkesfinale Klassequiz 2018
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK
Årets fylkesfinale i Klassequiz 2018 skjedde på Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund. Skoleklassene fikk også full omvisning og en tur i offshoresimulatoren på NMK.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL