Hopp til innhold

Kinsarvik og Dale vann Klassequizen i Hordaland

Elevar frå Kinsarvik og Dale ungdomsskule skal representere Hordaland i den nasjonale finalen av Klassequizen i Oslo.

VINNARAR: Denne gjengen frå Kinsarvik skule og Dale barne- og ungdomsskule hadde flest riktige svar, og stakk av med sigeren i Klassequizen 2020 i Hordaland.

VINNARAR: Denne gjengen frå Kinsarvik skule og Dale barne- og ungdomsskule hadde flest riktige svar, og stakk av med sigeren i Klassequizen 2020 i Hordaland.

Foto: Lea Lidal / NRK

I dag gjekk finalen i Klassequizen i Hordaland 2020 av stabelen.

Dei fire finalistane som konkurrerte var Kinsarvik skule, Dale barne- og ungdomsskule, Voss ungdomsskule og Sund ungdomsskule.

Det var ein jamn finale, der berre eit poeng skilde vinnarane frå andreplassen.

Det var Kinsarvik og Dale som til slutt stod igjen med sigeren. Dei fekk begge åtte poeng kvar, og er dermed vidare til landsfinalen.

Klassequizen i Hordaland 2020

OPPTAK: Sjå Klassequizen i Hordaland i opptak her. 10. klassene frå Dale, Kinsarvik, Sund og Voss møtte kvarandre i finalen direkte frå MCB i Bergen.

Dei vart spurde i kategoriane naturfag, underhaldning, Vestland og «på glattisen». I sistnemnde kategori var det skøyteløparen Sverre Lunde Pedersen som høyrde deltakarane i deira kunnskapar.

Dei to vinnarlaga skal reise til Oslo for å delta i landsfinalen. Den blir sendt over fem program på NRK1. Første sending er 17. april. Sjølve finalen er 16. mai.

Jakob Al Bayati, Nicolaj Disselhorst og Linnea Tangnæs Opedal frå Kinsarvik skule fekk utdelt diplom av Sverre Lunde Pedersen.

STJERNEBESØK: Jakob Al Bayati, Nicolaj Disselhorst og Linnea Tangnæs Opedal frå Kinsarvik skule fekk diplom av Sverre Lunde Pedersen, som gjesta Klassequizen.

Foto: Lea Lidal / NRK Hordaland

– Imponert over kor mykje dei kan

I år har 49 skular i området vårt kjempa om ein plass i finalen i Hordaland. Dei innleiande rundane starta på radio i byrjinga av januar. Til slutt var det fire finalistar som kjempa om ein plass i den nasjonale finalen.

Finalen i Hordaland vart leia av Tale Hauso og Ida Yasin Andersen.

– I år hadde 49 skular i Hordaland meldt seg på. Det er rekord og veldig kjekt! Ungdommane tar konkurransen på alvor, og det er imponerande å sjå kor mykje dei kan. No gler me oss til å få dei to skulane som skal få vera med vidare til landsfinalen i april, seier Tale Hauso.

Dale barne- og ungdomsskule i Klassequizen 2020

KAN VINNE: Thea Frotveit, Mads Helle og Nora Teksum-Roe kan juble over finaleplass i Klassequizen. Bla for å sjå dei andre finalistane.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Hordaland-skule til topps i fjor

Strandebarm skule og Hop oppveksttun vann fylkesfinalen i Hordaland i fjor, og gjekk vidare til landsfinalen i Oslo. Strandebarm skule blei den store vinnaren av heile Klassequizen 2019.

Dei innleiande rundane i Hordaland starta på radio måndag 13. januar. Dei første skulane ut var International School of Bergen og Sandgotna skole i Bergen.

Nedst i saka kan du finna ei oversikt over resultata til dei ulike skulane.

Sjå bilete av alle laga her:

Ny-Krohnborg skole i Klassequizen 2020

NY-KROHNBORG SKOLE: Marie Solfrid Wedberg, Adrian Thorvaldsen og Bine Bembo hadde karneval på skulen same dag som dei fekk besøk av Klassequizen. Korleis det gjekk med dei kan du sjå nede i saka!

Foto: Espen Hatlestad / NRK
Elevar frå skular over heile fylket kjempar om å bli kåra til dei smartaste tiandeklassingane i Hordaland.

Slik funkar det

Det er tre elevar på kvart lag (pluss éin reserve). Elevane svarer på tre spørsmål i fire rundar. Det er dermed mogleg å samla tolv poeng totalt.

Det er distriktskontora i NRK som arrangerer dei innleiande rundane av Klassequizen. Dei blir sendt i løpet av vinteren i NRK P1 sine distriktssendingar på radio.

Det er to skular frå kvart fylke som går vidare til landsfinalen på TV. Den nasjonale finalen blir sendt over fem program på NRK1. Første sending går fredag 17. april.

Klassequizen blei første gang arrangert på Sørlandet i 2010/2011, då som ein regional konkurranse. Men frå 2013 har Klassequizen vore ein landsdekkande konkurranse.

I lista under kan du sjå kor mange poeng skulane har fått:

Resultatlista blir oppdatert fortløpande.