Hopp til innhold

Framleis spenning for Eid etter semifinalen

Det heldt ikkje til garantert finaleplass for klassequizdeltakarane frå Eid. Dei enda på tredjeplass i første semifinalen.

Daniel Navelsaker, Ingjerd Sundal og Rebekka Halnes

KRYSSAR FINGRANE FOR NY SJANSE: Daniel Navelsaker, Ingjerd Sundal og Rebekka Halnes

Foto: Karoline Stangenes / NRK

– Eg er litt skuffa, men eg trur at det kjem til å gå fint. Eg trur vi kjem oss vidare uansett, seier Ingjerd Sundal.

For sjølv om dei enda på tredjeplass har dei ein sjanse til å gå vidare som «lucky looser». Det vil seie at den som har best tid av laga som kjem på tredjeplass i semifinalen går vidare til finalen.

– Vi har eigentleg ei svært bra tid, seier Sundal.

Her kan du sjå semifinalen:

Landets beste 10.klassinger møtes til kunnskapskonkurranse. Det begynte med 544 lag i hele landet, nå er 36 lag klare for å møtes i til finne ut hvem som er landets smarteste 10.klasse. Lagene skal få testet seg på mange ulike tema, i fire innledende runder, før vi får finalen 18.mai. Ungdom fra hele landet møtes til kunnskapsdyst og imponerer med kunnskapene sine. Programleder er Selda Ekiz. (2:5)

SEMIFINALE: Landets beste 10.-klassingar møtest til kunnskapskonkurranse. Det byrja med 544 lag i heile landet, no er 36 lag klare for å møtast for å finne ut kven som er landets smartaste 10. klasse. Laga skal få testa seg på mange ulike tema, i fire innleiande rundar, før vi får finalen 18. mai. Ungdom frå heile landet møtest til kunnskapsdyst og imponerer med kunnskapane sine. Programleiar er Selda Ekiz. (2:5)

Medan dei ventar på å få vite om dei går vidare førebur laget seg på ein mogleg finalebillett med å quizze med kvarandre.

– No blir det restitusjon fram til finalen på fredag, såpass sikker er eg på at vi går vidare, seier Daniel Navelsaker.

– Kva gjer de no for å slappe av?

– Det blir å chille på hotellrommet eller shoppe. I går var vi i eit såkalla «escape room» slik at vi fekk tankane over på noko anna. Så det var ein god måte å førebu seg på, seier Navelsaker.

– Shoppe, er det jentene eller du som helst vil det?

– Det er nok helst meg seier Daniel til latter frå gjengen på sidelina.