Hopp til innhold

Leikanger og Vågsøy fekk billetten til quizfinalen

Elevar frå Leikanger og Vågsøy ungdomsskular skal representere Sogn og Fjordane i den nasjonale finalen av Klassequizen i Oslo.

Leikanger og Vågsøy vart vinnarar av Klassequizen 2020 i Sogn og Fjordane.

VINNARAR: Denne gjengen frå Vågsøy og Leikanger ungdomsskular skal representere Sogn og Fjordane i landsfinalen. Frå venstre Martine Otneim, Lea Silden, Phillip Frantzen, Elias Anders Morken, Kristin Fredheim, Ingrid Hovlid, Aleksander Slinde og Fredrik Skårhaug Talle.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

I dag gjekk den lokale finalen i Klassequizen i Sogn og Fjordane 2020 av stabelen.

Dei fire finalaistane som konkurrerte var Vågsøy ungdomsskule, Leikanger ungdomsskule, Naustdal skule og Halbrend skule.

Tre poeng skilde mellom dei to finalistane, Leikanger og Vågsøy. Sogningane fekk 12 poeng medan nordfjordingane fekk ni poeng.

Dei to vinnarlaga skal reise til Oslo for å delta i landsfinalen. Den blir sendt over fem program på NRK1. Første sending er 17. april. Sjølve finalen er 16. mai.

Følg Klassequiz finalen frå Sogn og Fjordane

Finalen: Her kan du sjå Sogn og Fjordane-finalen i Klassequizen i opptak.

 Elias Anders Morken, Lea Silden og Phillip Frantzen

FINALISTANE: Her er dei fire skulane som kjempa i den lokale finalen.

Foto: Ola Weel Skram

I år har 42 skular kjempa om ein plass i finalen i Sogn og Fjordane. Dei innleiande rundane starta på radio i byrjinga av januar.

– Med deltakarrekord på 42 skular har det vore eit temmeleg trongt nålauge, seier Ola Weel Skram, som har besøkt alle skulane og som leia finalen onsdag.

Gjengen frå Naustdal ungdomsskule

ALLA LAGA: Her er bileta av laga frå dei 42 skulane.

Foto: Ola Weel Skram / Ola Weel Skram
Her er laga frå dei 42 skulane som var med i Klassequizen.