Hopp til innhold

Desse er vidare til fylkesfinalen i Klassequizen

Heile 51 skular var påmeldt årets runde av Klassequizen i Møre og Romsdal. No skal desse fire skulane konkurrere om å ta seg vidare til landsfinalen i Oslo.

* Frei Ungdomsskole
* Møre barne- og ungdomsskole
* Bergmo ungdomsskole
* Kolvikbakken ungdomsskole 
er vidare til fylkesfinalen av Klassequizen.

Kolvikbakken ungdomsskole, Frei ungdomsskole, Bergmo ungdomsskole og Møre barne- og ungdomsskule er vidare til fylkesfinalen i Klassequizen.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Etter ein spennande haust er det no klart kva fire skular som er vidare til fylkesfinalen i Møre og Romsdal.

Møre barne- og ungdomsskule, Frei ungdomsskole, Bergmo ungdomsskole og Kolvikbakken ungdomsskole har alle fått 11 poeng i dei innleiande rundane.

Fylkesfinalen blir arrangert 11. januar neste år. Dei to beste laga derifrå får så reise til Oslo for å konkurrere i landsfinalen.

Desse elevane konkurrerer i fylkesfinalen:

  • Møre barne- og ungdomsskule: Eirik Nødtvedt, Linde Ulstein og Vegard Nødtvedt.
  • Frei ungdomsskole: Johanne Fjærli Bremnes, Even Opdahl og Olve Gryt.
  • Bergmo ungdomsskole: Adrian Rumy Cruz-Drågen, Astrid Gunnerød Antonsen og Joel Bendiksen.
  • Kolvikbakken ungdomsskole: Thomas Brunstad, Alina Leirvik og Maria V. Skorpen.

Her kan du høyre alle episodane av Klassequizen:

Rekordmange påmelde

Aldri før har så mange vore påmelde til NRK sin kunnskapskonkurranse Klassequizen i Møre og Romsdal. Heile 51 skular er med frå Smøla i nord til Åheim i sør.

– Det er så stas at så mange vil delta. Vi gler oss til å besøke så mange skular, seier programleiar for Klassequizen Janne Brit Aasen.

I månadane fram mot jul reiser ho på kryss og tvers i fylket vårt for å quizze tiandeklassingar.

– Eg er superimponert av elevane. Kunnskapsnivået er knallhøgt, i tillegg er det veldig kjekt å få bli kjent med så mange kjekke ungdomar.

Slik fungerer Klassequizen

Klassequizen er ein nasjonal kunnskapskonkurranse for 10. trinn. Den starta så smått på Sørlandet, og i år blir den arrangert for 11. gong der heile landet er med.

Kvar skule stille med eitt lag på tre personar. Dei skal svare på 12 spørsmål, delt opp i fire kategoriar. Elevane får 30 sekund til å svare på kvar kategori og dei har ingen hjelpemiddel.

Klassequiz Møre og Romsdal 2023 Programleder Janne-Britt Aasen

Programleiar Janne Brit Aasen besøkjer 51 skular i Møre og Romsdal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fylkesrunden blir avrunda med ein finale der dei to beste skulane får reise til landsfinalen.

Vinnaren der får det gjeve Klassequiz-trofeet. I tillegg kjem radiokanalen NRK mP3 til vinnarskulen og sender eit eige show direkte frå skulen. Dette blir sendt både på TV og radio.

– Eg håper sjølvsagt at eit av våre lag vinn heile greia, seier programleiaren.

Til landsfinalen

I 2023 var det Sula ungdomsskule og Frei ungdomsskole som stakk av med sigeren og gjekk vidare til landsfinalen. Til slutt var det Alstad ungdomsskule frå Nordland som gjekk av med sigeren etter landsfinalen.

Disse to lagene vant fylkesfinalen i Klassequizen! Smilende fra venstre er Frei ungdomsskole: Martin Valde Lystad, Anine Kvam og Martine Folkestad. Deretter kommer Sula ungdomsskole med Maria Lillebø Baar, Mathias Strandman Larsen og Lida Johanne Digernes.

Disse to laga vann fylkesfinalen i Klassequizen i 2023. Smilande frå venstre er Frei ungdomsskole: Martin Valde Lystad, Anine Kvam og Martine Folkestad. Deretter kjem Sula ungdomsskole med Maria Lillebø Baar, Mathias Strandman Larsen og Lida Johanne Digernes.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Slik har skulane klart seg så langt. Det er 12 moglege poeng.

Klassequizen i Møre og Romsdal 2023

SKULE:

SENDT PÅ NRK P1 KL 16.30

POENG:

SULA

26. september

10

HAREID

27. september

10

GISKE

28. september

6

SKODJE

29. september

8

HARAMSØY

02. oktober

10

HARØY

03. oktober

4

SKARBØVIK

04. oktober

5

KOLVIKBAKKEN

05. oktober

11

SPJELKAVIK

06. oktober

7

SYKKYLVEN

09. oktober

7

STRANDA

10. oktober

10

ØRSTA

11. oktober

9

VOLDA

12. oktober

10

VATNE

13. oktober

9

TOMREFJORD

16. oktober

6

FRÆNA

17. oktober

7

BUD

18. oktober

9

EIDE

19. oktober

8

JULSUNDET

20. oktober

7

SMØLA

23. oktober

7

AURE

24. oktober

8

TUSTNA

25. oktober

8

AVERØY

26. oktober

9

STRAUMSNES

27. oktober

9

TINGVOLL

30. oktober

7

ATLANTEN

31. oktober

8

SURNADAL

1. november

10

FREI

2. november

11

BATNFJORD

3. november

7

ÅHEIM

6. november

5

MYKLEBUST

7. november

9

MØRE ÅLESUND

8. november

11

SÆBØ

9. november

6

YTRE HERØY

10. november

6

STOKKSUND

13. november

7

BERGMO

14. november

11

SKJEVIK

15. november

10

BEKKEVOLL

16. november

9

VÅGSETRA

17. november

6

ØRSKOG

20. november

8

STORDAL

21. november

6

VALLDAL

22. november

5

EIDSDAL

23. november

8

EIDSVÅG

24. november

10

ERESFJORD

27. november

7

ÅFARNES

28. november

8

ÅNDALSNES

29. november

10

ULSTEIN

30. november

8

GURSKEN

1. desember

7

HELLAND

4. desember

10

MÅNDALEN

5. desember

4

Ekspander/minimer faktaboks

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL