Hopp til innhold

Her kan du sjå heile finalen i Klassequizen

FØRDE (NRK): Her kan du sjå heile finalen i Klassequizen som vi sendte direkte i dag.

Kvåle og Gloppen gjekk vidare i fylkesfinalen

Etter nyttår har 10.-klassingane i heile fylket kjempa med nebb og klør i Klassequizen 2018.

I år har det vore deltakarrekord med 40 skular frå Sogn og Fjordane, og konkurransen har difor aldri vore tøffare enn kva den var i år.

Til slutt var det elevane frå Kvåle skule i Sogndal og Gloppen ungdomsskule som fekk flest poeng og går vidare til landsfinalen.