Heile 51 skular var påmeldt årets runde av Klassequizen i Møre og Romsdal.
I løpet av hausten 2023 konkurrerte 51 skular frå Møre og Romsdal i Klassequizen. Møre barne- og ungdomsskule, Frei ungdomsskole, Bergmo ungdomsskole og Kolvikbakken ungdomsskole stod alle att med 11 poeng i dei innleiande rundane.
I dag var det duka for finale mellom dei fire laga i NRK sine lokale i Ålesund. Fire lag skulle bli til to, der landsfinalane i Oslo ventar dei to beste. I tillegg fekk vinnarane ein gåvesjekk på 5000 kroner som dei skal bruke på noko som heile klassa får glede av.
Til slutt stod elevane frå Frei i Kristiansund og Bergmo i Molde att som vinnarar. Frei fekk 11 av 12 poeng og Bergmo klarte 10.
– Dette var ganske deilig, vi hadde store forhåpningar.
Det var beskjeden frå Even Karlsvik Opdahl på Freilaget då finalebilletten var i boks.
Også Moldelaget frå Bergmo var fornøgde.
– Vi er fornøgde no, det var planen å bli med vidare, sa Astrid Gunnerød Antonsen.
Både Kolvikbakken og Møre frå Ålesund fekk 8 poeng i finalen.
Finaledeltakarar i Møre og Romsdal
Desse elevane konkurrerte i fylkesfinalen:
- Møre barne- og ungdomsskule: Eirik Nødtvedt, Linde Ulstein og Vegard Nødtvedt.
- Frei ungdomsskole: Johanne Fjærli Bremnes, Even Karlsvik Opdahl og Olve Gryt.
- Bergmo ungdomsskole: Adrian Rumy Cruz-Drågen, Astrid Gunnerød Antonsen og Joel Bendiksen.
- Kolvikbakken ungdomsskole: Thomas Brunstad, Alina Leirvik og Maria V. Skorpen.
Her kan du høyre alle episodane av Klassequizen frå våren 2023 og fylkesfinalen:
Slik fungerer Klassequizen
Klassequizen er ein nasjonal kunnskapskonkurranse for 10. trinn. Den starta så smått på Sørlandet. No er det 11. gong heile landet er med.
Kvar skule stiller med eitt lag på tre personar. Dei svarer på 12 spørsmål, delt opp i fire kategoriar. Elevane får 30 sekund til å svare på kvar kategori og dei har ingen hjelpemiddel.
Fylkesrunden blei altså avrunda med ein finale der dei to beste skulane frå Møre og Romsdal får reise til landsfinalen.
Landsfinalane blir vist laurdagar på NRK1 etter påske 2024. Den første vert sendt 31. mars.
Landsfinale-vinnaren der får det gjeve Klassequiz-trofeet. I tillegg kjem radiokanalen NRK mP3 til vinnarskulen og sender eit eige show direkte frå skulen. Dette blir sendt både på TV og radio.
Her kan du sjå poenga frå dei innleiande rundane hausten 2023.