Hopp til innhold

Stor kåring: E16 Bergen-Voss er «Noregs verste veg»

41 omkomne, fleire hundre skadde og konstant rasfare. Fagjury og publikum er ikkje i tvil om kva som er Noregs verste veg.

Ras Vaksdal mai 2015

TO SKRED PÅ 14 DAGAR: På desse hundre meterane av E16 gjennom Vaksdal gjekk det to store skred i mai 2015. Eit lokaltog med 40 passasjerar måtte bråstogge då jordmassane kom ned frå den bratte fjellsida.

Foto: Helene Wiese-Hansen / NRK

NRK si uoffisielle kåring av «Noregs verste veg» har skapt enormt engasjement. Etter å ha fått inn over 3000 forslag i heile landet, er resultatet no klart.

Ein fagjury plukka ut dei ti finalistane og avstemminga for publikum stengde midnatt natt til måndag.

Resultata viser at E16 mellom Bergen og Voss er den verste vegen både i fagjuryen og publikum sine auge.

Den ras- og ulukkesutsette vegen hamna på topp på lista til begge.

Ras på E16 ved Bolstad i juni 2016

HADDE FLAKS: I juni 2016 gjekk det eit enormt jordskred over E16 ved Bolstad. Ein vogntogsjåfør slapp uskadd frå det då massane feide køyretøyet hans av vegen. Vogntoget kan du skimta til høgre for raset mellom vegen og fjorden.

Foto: Drone / Bergen brannvesen

Avstemminga for publikum vart opna fredag kveld. Gjennom helga har det kome inn over 39.000 stemmer.

NRK har gitt finalistane poeng etter korleis dei er rangert av fagjuryen og folkeavstemminga: Førsteplass har gitt ti poeng, andreplass har gitt ni poeng, tredjeplass har fått åtte poeng og så vidare.

I dei tilfella der poengsummen er lik, veg stemmene frå publikum tyngst.

NRK kårar «Noregs verste veg»

Veg

Fylke

Juryrangering

Publikumstemmer

Poengsum

1.

E16 Bergen-Voss

Hordaland

1

9372

20

2.

Fv615 Hyen-Storebru

Sogn og Fjordane

5

8873

15

3.

Rv13 Sand-Erfjord

Rogaland

4

4392

15

4.

Fv60 Hellesylt-Grodås

Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane

3

3962

15

5.

Fv33 Minnesund-Gjøvik

Oppland

2

2490

13

6.

Rv13 Bjotveit-Odda

Hordaland

8

3512

9

7.

Fv57 Tromvik-Grøtfjord

Troms

6

2049

8

8.

Fv885 Hesseng-Nyrud

Finnmark

10

2491

6

9.

Fv285 Hole-Lier

Buskerud

7

906

5

10.

Rv41 Treungen-Vrådal

Telemark

9

1169

4

– Ikkje overraskande

E16 Bergen-Voss er ein svært viktig del av hovudvegen mellom våre to største byar i landet.

– Det er ikkje overraskande at E16 går til topps. Og med to fylkesvegar som deler nest høgste poengsum med ein riksveg viser det eit enormt engasjement om etterslepet der, seier Stig Skjøstad i NAF.

Han sat i fagjuryen saman med Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk og Geir A. Mo i Norges Lastebileigarforbund.

Juryen karakteriserte E16 Bergen-Voss som livsfarleg då dei plukka ut dei ti finalistane.

Video Slik er det å kjøra E16 frå Trengereid til Voss

SJÅ VIDEO: Slik er det å køyre E16 frå Trengereid i Bergen til Voss. Videoen er filma i 2011.

Ras og ulukker

Mange har betalt ein dyr pris på E16 mellom Bergen og Voss. Deler av strekninga er uoversiktleg, svingete og krevjande å køyre, sjølv om det er gul midtstripe heile vegen.

Det er 32 tunnelar mellom Indre Arna og Voss, fleire utan lys grunna komande oppgraderingar. I tillegg er strekninga svært rasutsett og omkøyringsmoglegheitene er dårlege.

  • Sidan heile strekninga stod ferdig i 1990, har det vore nær 400 trafikkulukker mellom Indre Arna og Voss.
  • 41 menneske har mista livet og over 100 har blitt hardt skadd.
  • Sidan 2000 har det gått kring 180 ras og skred på same strekning.

Sidan skrekkåret 2011 har det blitt betre. Då omkom sju personar på eitt og same år.

Fleire strakstiltak vart innført, som kalking av tunnelveggar, redusert fart og rumlefelt. Det førte til langt færre dødsulykker, før 2017 gav tre nye dødsulykker.

Dødsulykke i frontkollisjon på E16

OMKOM: Ein 78 år gamal mann omkom i denne kraftige kollisjonen på E16 ved Bolstad for snart eitt år sidan. Tre personar omkom på E16 mellom Bergen og Voss i 2017, det verste året sidan 2011.

Foto: Johannes van Schaik

Milliardopprusting

For nokre år sidan gjekk regjeringa inn for ei felles oppgradering av E16 og Vossebanen i gigantklassen. Prislappen den gongen var 33 milliardar kroner.

Oppgraderinga mellom Arna og Stanghelle ligg inne i andre del av Nasjonal transportplan.

Kritikarane meiner det er ei utsetjing og ei nedprioritering, sidan første spadetak difor kanskje ikkje kjem før i 2024.

Då vil det ta 17 år før heile strekninga er ferdig rusta opp.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har sagt det er mogleg å skyva fram oppstart av bygginga til 2022.

Planlegginga er i full gang, men i dag er det framleis uvisst når første spadetak kjem.

I førre veke vart planprogrammet for byggeprosjektet (ekstern lenke) lagt ut på høyring.