Hopp til innhold

Erna med pengedryss til Bergensbanen, E16 og E39

ARNA STASJON (NRK): Gode transportnyheiter når regjeringa presenterte ny NTP, men statsminister Erna Solberg slår fast at kostnadene knytt til Noregs største vegprosjekt har blitt alt for høge.

Solberg, Hareide og Njåstad på Arna stasjon

NTP-NYHEITER: KrF-leiar Knut Arild Hareide, Helge André Njåstad (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) på Arna stasjon.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Statsministeren presenterte i dag dei komande samferdsleplanane for Hordaland.

Helge Andre Njåstad frå Framstegspartiet, Knut Arild Hareide frå KrF og Terje Breivik frå Venstre var med for å presentera regjeringa og samarbeidspartia sine planar.

– Hordaland er ein av fleire vinnarar i NTP, sa Knut Arild Hareide (KrF) under pressekonferansen.

Ei storsatsing på trafikktrygg veg og jernbane mellom Arna og Stanghelle var blant nyheitene. I tillegg bladde samarbeidspartia opp pengar til ringveg aust i Bergen og E39.

Her er nokre av nyheitene:

  • Ny E16 mellom Arna og Stanghelle ligg inne med fullfinansiering i siste halvdel av ny NTP.
  • Bergensbanen: Dobbeltspor mellom Arna-Stanghelle ligg inne med fullfinansiering i siste del av tolvårsperioden.
  • Ringveg aust: Firefelts motorveg mellom Arna og Vågsbotn til 4,5 milliardar ligg inne i ny NTP. 2,2 milliardar kjem frå statlege midlar. 2,3 milliardar skal betalast i bompengar.
  • Ferjefri E39: Kostnadsnivået på 43 milliardar for Hordfast er for høgt. Regjeringa krev framlagt eit nytt prosjekt med lågare kostnader. Valet om midtre trasé mellom Os og Tysnes står fast.

Statsministeren var stolt av det ho presenterte for hordalendingane i dag.

– Rasutsette strekningar, dårleg vedlikehald og sprengt kapasitet i byområda er nokre av utfordringane på Vestlandet. Eg trur ikkje alle i Hordaland er nøgd før me brukar alle pengane i NTP her, men ein monaleg del vil bli brukt i Hordaland dei neste åra, seier Solberg.

Eitt av prosjekta som er flytta fram i køen, er E16 mellom Arna og Stanghelle. Prosjektet var ikkje omtala i førre transportplan. Stengingar, ras og ulukker er grunnen til prioriteringa, ifølgje statsministeren.

Statsråder legger frem NTP-nyheter i Arna

REISEFØLGJE: Leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad, er blant regjeringa sine representantar i Arna.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Ferjefri E39: – Ikkje gjennomførbart til 43 mrd

Statsminister Erna Solberg slår fast at dagens kostnader knytt til Hordfast er for høge.

– Dei opphavleg kostnadene me var førespegla var 26 milliardar kroner. No er kostnadsnivået stige til 43 milliardar. Storleiken på kostnadene har blitt ei utfordring, sa Solberg, som kravde å få på bordet nye, rimelegare prognosar før regjeringa gjer klarsignal.

Solberg slår likevel fast at planane om «Hordfast» står fast.

– Det står ein del att. Det er snakk om mykje bompengar.

Helge André Njåstad står fast på at det ikkje er aktuelt å gå ned til tofelts køyrebane mellom Bergen og Stavanger.

– Me går ikkje vekk frå firefelt og ikkje vekk frå ein midtre trasé, seier Njåstad.

Mens Hordfast og ringveg aust først kan venta pengar frå og med frå andre periode, frå 2024 og utover, er Sotrasambandet inne i den første perioden som går frå 2018.

Arna stasjon

LITT SKUFFA: Ordførar Eirik Haga (Ap) i Vaksdal og Vossa-ordførar Hans Erik Ringkjøb (Ap) var ikkje berre nøgde med bane- og vegsatsinga Erna Solberg og Terje Breivik (V, til høgre) la fram tysdag.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Voss-ordførar: – Skuffa

Vossa-ordførar Hans Erik Ringkjøb var førespegla 2021 som byggjestart mellom Arna og Stanghelle. Det var ikkje del av planane Solberg & co. presenterte i dag.

– No håpar ein på oppstart seks-sju år fram i tid. Det betyr at det kanskje er 17 år før Voss-Arna er ferdig. Då trur eg dei fleste som har køyrt vegen vil tenkja at «nei, det var ikkje dette me hadde trudd».

Var ikkje 2021 litt vel optimistisk?

– Regjeringa har vore tydeleg på at me skal ha ei rask bygging og ferdigstilling. Om det var optimistisk må regjeringa svara på. Me var samde med dei. No er me ikkje samde med dei, seier Ringkjøb.

Men det er likevel ikkje udelt skuffing. Vossa-ordføraren er glad for at bane og veg har fått ei sentral rolle i transportplanen.

– No må me syta for å få på plass det som krevst av oss i år framover.

Lysbakken litt nøgd og litt misnøgd

SV-leiar Audun Lysbakken helsar nyheitene om jernbane- og vegsatsinga mellom Arna og Stanghelle velkomen.

– Eg er glad for at trygg veg på strekninga er inne, og at det vert satsa på Ringerriksbanen. Den var det SV som fekk tilbake på sporet då førre NTP blei lagt fram for fire år sidan.

Muntlig spørretime i Stortinget onsdag.

FRYKTAR SPREKK: SV-leiar Audun Lysbakken hoppar ikkje i stolen over at Hordfast-planane står ved lag.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Lysbakken er mindre begeistra for gigantplanane langs vestlandskysten.

– Monsterbru på E39 kan bli eit pengesluk som vil setja andre viktige prosjekt i Hordaland i fare. Det blir både miljøfiendtleg og rådyrt. Det er uansvarleg å lukka døra for alternativ til dagens bruplanar, slik statsministeren langt på veg gjer i dag, seier Lysbakken.

Storsatsing på Bergen-Voss?

Utbetring av Bergensbanen og E16 mellom Arna og Stanghelle, milliarddryss til ferjefri E39 og Hordfast og finansiering av Ringeriksbanen i løpet av første NTP-periode er dei tre største satsingane statsrådane vil stadfesta tysdag.

Samarbeidspartia går for fire felts monsterbru mellom Tysnes og Os i form av midtre trase.

Representantar frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og KrF har jobba med detaljane i Nasjonal transportplan til seint måndag kveld.

Grunnlagsdokumentet for ny NTP var på høyring frå 29. februar til 1. juli i fjor. Fylkeskommunar, interessegrupper, næringsliv og andre blei invitert til å koma med innspel og ønskjer under arbeidet med ny NTP.