Hopp til innhold

Slik kårar vi «Noregs verste veg»

Blant over 3000 innsende forslag til kva veg som er «Noregs verste» er det no plukka ut ti finalistar. Desse vert presentert dagleg i ti dagar framover.

Fylkesveg Olden - Innvik.

FIKSA: Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Sogn og Fjordane hadde i ti år den uoffisielle tittelen som «Noregs verste veg», men i mars opna den siste av tre tunnelar som gjer at strekninga er utbetra. No skal vi kåra ein ny vinnar.

Foto: Magnar Myklebust

– Veg er ekstremt viktig for folk og det viser engasjementet her med alle dei innsende forslaga, seier Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

Han sitt i juryen saman med Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund og Stig Skjøstad i NAF.

I førre månad møttest juryen i Oslo og plukka ut ti kandidatar av dei mest innsende forslaga. Totalt kom det inn over 3000 forslag frå heile landet og juryen fekk oversendt ei liste med dei 25 vegane som var oftast nominert.

Bakgrunnen for kåringa er at fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik har hatt den uoffisielle tittelen i ti år, men i byrjinga av mars opna den siste tunnelen på strekninga og vegen er no utbetre.

Dette skjer vidare

Dei neste ti dagane vil dei ti finalistane bli presentert med ei historie om kvar veg, i urangert rekkefølge. Når alle vegane er presentert vert det lagt ut ei avstemming med alle kandidatane og folket får to dagar til å stemma fram sin favoritt.

Juryen har også rangert dei ti vegane og vinnaren vil bli kåra ut ifrå ein samla poengsum av folket sine stemmer og juryen sine poeng.

Dei ti kandidatane er plukka ut etter følgjande kriterium:

  • 1. Vegens utforming og kvalitet.
  • 2. Sideterreng.
  • 3. Framkomelegheit og omkøyringsalternativ.
  • 4. Årsdøgntrafikk, trafikkbelastning og ulykker.
  • 5. Samfunnsnytte lokalt og nasjonalt.