Hopp til innhold

Dette er det einaste lyset i E16-tunnelen: – Har venta på ei ulukke her

VAKSDAL (NRK): Vegvesenet innrømmer at lyset i den sterkt trafikkerte ulukkestunnelen ikkje er godt nok. Men ingenting skjer på lenge.

Lyslenke i Beitlatunnelen

LYSLENKE: Teknisk feil gjer at lyset i tunneltaket er tatt ned. Det er erstatta med ei lyslenke på eine sida av tunnelen, samt at fartsgrensa er sett ned frå 80 km/t til 60 km/t.

Foto: Elise Angell / NRK

Eg køyrer gjennom Beitlatunnellen dagleg store deler av året,og ofte fleire gonger dagleg,og det er utan tvil den tunnellen mellom Bergen og Voss eg kvir meg mest til å køyre gjennom!.

Facebook-bruker om Beitlatunnelen

Tre personar er alvorleg skadd og ein person har fått lettare skader etter frontkollisjonen i Beitlatunnelen på E16 i Hordaland onsdag.

Ein av dei alvorleg skadde er ein ung mann på 18 år. Den 661 meter lange tunnelen ligg på hovudvegen mellom Bergen og Voss, og har dei siste åra vore ein tunnel mange har kvidd seg for å køyra gjennom.

Tunnelen manglar skikkeleg lys og er smal og mørk. Det einaste som finst av belysning er ei lyslenke på eine sida av tunnelen.

Har frykta ulukke lenge

Etter ulukka i dag har reaksjonane vore mange. Lokalbefolkninga viser til at tunnelen i to år har vore svært mørk og at dette er ei ulukke mange har venta på skulle skje.

– Det måtte til før det blir ei forandring. Det som heng der i dag er fjøslykter, seier Marit Erdal på Dale.

– Tunnelen er lyst opp med stearinlys, kommenterer Olav Tunestvedt

– Dette har eg venta på. Eg synest tunnelen har vore farleg å køyra inn, spesielt etter at det er lagt ny og svart asfalt her. Midtlinja manglar og bilistane ser ikkje kor dei ligg i vegbana. Eg håpar det går bra med dei involverte i ulukka, seier Martin Danielsen frå Dale.

Trafikkulykke E16

ALVORLEG: Tre personar er alvorleg skadd og ein person er lettare skadd etter denne frontkollisjonen i dag.

Foto: Vidar Herre / Avisa Hordaland

På Facebook-gruppa «Ny E16 Bergen–Voss umiddelbart» er det fleire som skriv at dei kvir seg for å køyra gjennom tunnelen.

Eg køyrer gjennom Beitlatunnellen dagleg store deler av året,og ofte fleire gonger dagleg,og det er utan tvil den tunnellen mellom Bergen og Voss eg kvir meg mest til å køyre gjennom!.

Facebook-bruker om Beitlatunnelen

Tunnelen det er snakk om er uten lys og ganske smal. Kjører den relativt ofte og er alltid litt smånervøs før vi har kommet ut på andre siden

Facebook-bruker om Beitlatunnelen

Oppgradert i 2019

Lars Øyre i Statens vegvesen seier tunnelen no blir prioritert for opprusting, etter at dei nyleg fekk pengar i revidert nasjonalbudsjett.

– Vi legg oppgraderingsarbeidet i både Beitlatunnelen og Langhelletunnelen ut på anbod etter ferien og vi reknar med oppstart på arbeidet på nyåret.

– Når blir det lys i tunnelen?

– Vi reknar med å bli ferdig med arbeidet i 2019.

Mørke Beitlatunnelen

MØRKT: Bilete viser forholda under opprydningsarbeidet i Beitlatunnelen etter ulukka i dag.

Foto: Elise Angell / NRK

Blir ikkje utvida

Dermed kan det altså ta opp mot to år før tunnellyset er slik det skal vera i Beitlatunnelen. Grunnen til at det er vekke i dag er tekniske feil på anlegget.

Vegvesenet har difor også sett ned fartsgrensa frå 80 km/t til 60 km/t.

– Under oppgraderinga vil det også bli lagt til styringssignal til og frå tunnel, SOS-stasjonar og vi vil gå over fjellrommet for å sikre det. I tillegg blir tunnelveggen malt kvit.

Mange, spesielt vogntogsjåførar, oppfattar tunnelen som både smal og låg. Fleire bilistar har meldt om farlege situasjonar der vogntog legg seg i midten av tunnelen. Men det er ingen planar om å utvide sjølve tunnelen, seier Øyre.

– Folk vil oppleva ein heilt annleis tunnel når det nye tryggleikssystemet og lyset er på plass, lovar Øyre.