Hopp til innhold

To gonger på kort tid rasa stein ned på E16 i Gudvangen

Nok ein stein raste ut på vegen i Gudvangen. Hovudfartsåra blei stengt for andre gong på kort tid.

Stor stein E16 Gudvangen

STOR STEIN: Denne steinen rasa ned i vegbana på E16 ved midnatt torsdag. Fredag føremiddag blei han rydda, men knapt to timar seinare er vegen stengd igjen.

Siste: Klokka 12.02 melder Vegvesenet at vegen er opna for fri ferdsel igjen.

– Den nye steinen er i vegbana litt over ei halv mil vestover frå Gudvangen, seier trafikkoperatør Magnus Maridalen.

To gonger på kort tid har det rasa stein ut i E16 ved Gudvangen i Vestland. Vegen er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet.

Klokka 11.27 melde Vegtrafikksentralen at vegen var stengt – nok ein gong- etter at ein ny stein raste i vegbana.

– Det viser nok ein gang at vi må få på plass skikkeleg rassikring, seier Aurland-ordførar Kjell Bøe Bjørgum og legg til:

– Entreprenøren fortalde at han fjerna ein stein på kring 15 tonn, men i elva låg det ein som var dobbelt så stor. Når det er snakk om så store steinar, så er det ikkje nok med eit rasgjerde.

Stengd i natt

Litt lenger nede i dalen skjedde det same ved midnatt torsdag. Det førte til at vegen var stengt fram til klokka 10 fredag.

– Eg vil oppmode trafikantar om å følge med på trafikkmeldingar som kjem, seier byggeleiar i Vegvesenet, Gaute Sekse.

– Det er jo på ein måte frykteleg leit at vi klokka 10 melder om opna veg ei halv mil unna. Og så kjem det ein ny stein, seier Maridalen.

Etter det andre raset melde Vegvesenet først at dei ville kome med ei ny vurdering klokka 13.30.

– Vi må få gjort trygge vurderingar av tilstanden no, og gjere ei god risikovurdering, seier Maridalen.

Den nye steinen som trefte vegbana skal ha vore på omkring éin kubikkmeter.

Les også Her er sjåføren centimeter unna å få ein kampestein i frontruta

Stein på E16 spretter i veibanen og holder på å treffe bil, vinkel sett fra dahsbordkamera

– Sabla stor stein

– Det var buldring og braking over lang tid, eit klassisk steinras, seier Per Steinar Hylland som bur og jobbar i Gudvangen i Vestland.

Rundt midnatt torsdag høyrde han at det rasa i fjellet.

Han køyrde to kilometer opp i dalen for å sjå, og der hadde det rasa ut ein stor stein som låg midt i køyrebana på E16.

– Der låg det ein sabla stor stein i vegen. Han var i alle fall to meter høg og dekte nesten éi køyrebane frå kvitstripa ut til gulstripa.

Han meiner steinen må vere på rundt ti kubikkmeter.

Hylland er van med at det rasar i fjellsida, men seier det er forholdsvis sjeldan at steinar på den størrelsen hamnar i vegen.

– Klart at det kunne ha gått gale dersom det hadde kome nokon på vegen akkurat i det rasa.

Ordføraren er klar på at det må ein lang tunnel til for at Nærøydalen skal bli trygg å køyre. I framlegget til Nasjonal Transportplan har regjeringa funne plass til sikring av ein liten del av dalen.

– Men det vil krevje vidare rassikring av Nærøydalen, seier Aurland-ordføraren.

Omkøyring og ekstra ferjeavgangar

I natt blei det sett opp ekstra ferjeavgang mellom Vangsnes og Hella i Sogn. Fredag morgon var det omkøyring via riksveg 13 Vikafjellet og riksveg 5, nord for E16.

Vegtrafikksentralen melde først at dei ville gjere ei ny vurdering rundt klokka 10. Like før 10 melde dei at vegen kom til å opnast for fri ferdsel igjen kl. 10.

Kø på E16 i Gudvangen

Eit par kilometer frå der steinen ligg, ser det slik ut fredag morgon.

Foto: NRK-tipsar

Raset gjekk cirka to kilometer opp i dalen frå bensinstasjonen i Gudvangen, i retning Voss.

På omtrent same plass gjekk det eit stort ras på fleire tusen kubikkmeter i 2016. Det øydela europavegen og førte til lange køar på omkøyringsvegane. Oppryddingsarbeidet tok fleire dagar.

Les også Opnar E16 gjennom Gudvangen på laurdag

Store skader på E16 i Gudvangen etter steinraset