Hopp til innhold

Her kan du stemme fram «Noregs verste veg»

Ti finalistar har blitt presentert gjennom ti dagar. Fram til midnatt søndag kan du vera med på å stemma fram kva veg du meiner bør ta over tittelen som «Noregs verste veg».

Sprekker i asfalten på fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt

ENGASJEMENT: Fleire tusen har engasjert i NRK si kåring av «Noregs verste veg». No skal vinnaren kårast. Her frå fylkesveg 60 mellom Grodås og Hellesylt i Sogn og Fjordane/Møre og Romsdal.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

  • Avstemminga er no avslutta. Resultatet vert presentert i løpet av måndag, 30. april.

Det kom over 3000 forslag då NRK spurde lesarane kva veg som burde ta over den uoffisielle tittelen som «Noregs verste veg» i byrjinga av mars.

Fv. 60 mellom Olden og Innvik i Sogn og Fjordane har hatt den statusen dei siste ti åra, men i mars opna den siste av tre tunnelar på strekninga som gjer at vegen er utbetra.

Blant alle dei innsende forslaga fekk ein jury i oppgåve å velja ut ti finalistar, blant dei 25 mest innmelde vegane. Juryen har bestått av Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk, Geir A. Mo i Norges Lastebileier-Forbund og Stig Skjøstad i NAF.

Under ligg ein kort presentasjon av alle finalistane og nedst i artikkelen kan du gje di stemme til den vegen du meiner fortener å ta over tittelen. Avstemminga er open fram til midnatt søndag og måndag ettermiddag vil vinnaren bli presentert.

Vinnaren vert kåra ut ifrå ei vekta vurdering, av folket sine stemmer og juryen sine vurderingar.

Her er dei ti finalistane i urangert rekkefølgje:

1. Fv. 285 Hole-Lier, Buskerud

Er med fordi den bind saman E18 og E16. Viktig både som regional og nasjonal veg.

Strekninga mellom Hole og Lier er 28,3 kilometer lang.

Norges verste veg - fv. 285 Hole-Lier, Buskerud
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

2. Fv. 60 Hellesylt-Grodås, Møre og Romsdal/Sogn og Fjordane

Juryen seier at vegen er ei veldig viktig gjennomfartsåre mellom Nord-Vestlandet, Sogn og Austlandet. Vegen er i svært dårleg stand med bruer som er støtta opp av tømmerstokkar.

Fylkesveg 60 mellom Hellesylt og Grodås er 28 kilometer lang og halvparten av strekninga ligg i Møre og Romsdal. Den andre i Sogn og Fjordane. Totalt er fylkesvegen 160,7 kilometer og går mellom Blindheim i Møre og Romsdal og Byrkjelo i Sogn og Fjordane.

Norges verste veg, Fv. 60 Hellesylt-Grodås, Møre og Romsdal
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

3. Rv. 41 Treungen-Vrådal, Telemark

Juryen seier at vegen er viktig som indre regional gjennomfartsåre mellom nord og sør i Telemark. Den har ein viktig funksjon for nyttetrafikken. Vegen er for tida under utbetring.

Strekninga mellom Treungen og Vrådal er 40,9 kilometer. Hele riksvegen er totalt 172,9 kilometer og går frå Kviteseid i Telemark til Kristiansand i Aust-Agder.

Norges verste veg, Rv 41, Vrådal-Treungen, Telemark
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

4. Fv. 615 Hyen-Storebru, Sogn og Fjordane

– Eit vakkert stykke Vestlands-Norge, men vegen er smal, svingete, delvis uoversiktleg, med svake vegskulder og fleire fjellknausar tett innpå køyrebana. At den ikkje er open for vogntog viser kor dårleg stand den er i, seier juryen.

Strekninga mellom Hyen og Storebru er 36,3 kilometer. Heile fylkesvegen er totalt 69,9 kilometer og går frå Sandane til Storebru.

Norges verste veg, Fv 615 Hyen Storebru, Sogn og Fjordane
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

5. Rv. 13 Bjotveit-Odda, Hordaland

Juryen seier: Viktig regional gjennomfartsåre som også har ein viss nasjonal betydning som del av ein viktig nord-sør akse. Den er av veldig dårleg kvalitet og omkøyringsmogelegheitene er avgrensa.

Strekninga mellom Odda og Bjotveit er 52,6 kilometer lang. Heile Rv. 13 er 449,9 kilometer lang og går gjennom tre fylket. Startar i Balestrand i Sogn og Fjordane og går til Sandnes i Rogaland.

Norges verste veg, Rv. 13 - Bjotveit-Odda, Hordaland
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

6. Rv. 13 Sand-Erfjord, Rogaland

Rv. 13 er ein indre stamveg på Vestlandet og denne delen av vegen er somme stader svært smal med fjellskjeringar heilt inn på vegskuldra – om ein kan kalla det ei vegskulder. Det skriv juryen i si grunngjeving.

Strekninga mellom Sand og Erfjord er 20 kilometer lang og går forbi rasutsette Lovrabakkane. Heile Rv. 13 er 449,9 kilometer lang og går gjennom tre fylket. Startar i Balestrand i Sogn og Fjordane og går til Sandnes i Rogaland.

Norges verste veg, Rv. 13 Sand-Erfjord, Rogaland
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

7. Fv. 33 Minnesund-Gjøvik, Oppland/Akershus

Juryen seier at vegen er ein viktig intern gjennomfartsåre på det sentrale Austlandet som står fram som særs trafikkfarleg og risikofylt.

Strekninga mellom Minnesund og Gjøvik er 64 kilometer lang. Heile fylkesvegen er 141 kilometer lang og går mellom Minnesund i Akershus og Bjørgo i Oppland.

Norges verste veg, fv. 33 Gjøvik-Minnesund, Akershus/Oppland
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

8. E16 Bergen-Voss, Hordaland

Juryen trekk fram at vegen er ein nasjonal hovudveg som bind saman våre to største byar. Tusenvis av folk køyrer med hjartet i halsen kvar einaste dag, vel vitande om vegens fryktelege ulukkesstatistikk.

Strekninga mellom Bergen og Voss er 106 kilometer lang. Heile Europavegen er 1180 kilometer lang og startar i Londonderry i Nord-Irland med endepunkt i Gävle i Sverige. 190 kilometer av vegen er i Storbritannia, 630 i Norge og 360 i Sverige.

Norges verste veg, E16 Bergen-Voss, Hordaland
Foto: SYNNE GJUL WROLL-EVENSEN / NRK

9. Fv. 57 Tromvik-Grøtfjord, Troms

Vegen er plukka ut fordi den er ei viktig transportåre for næringslivet og trafikkerast av mange vogntog med fisk på veg til marknaden.

Mellom Tromvik og Grøtfjord er det 14,4 kilometer. Totalt er heile fylkesvegen 31,5 kilometer og går frå Tromvik til Henrikvik.

Norges verste veg: Fv. 57 Tromvik-Grøtfjord, Troms
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK

10. Fv. 885 Hesseng-Nyrud, Finnmark

Juryen har gitt strekninga plass på topp ti lista på grunn av at den har ein viktig beredskapsmessig funksjon, i tillegg til at den er ein liding å køyre.

Vegen mellom Hesseng og Nyrud er 97 kilometer lang og går gjennom Pasvikdalen i Finnmark.

Norges verste veg: Fv. 885 Hesseng-Nyryd - Finmark
Foto: Synne Gjul Wroll-Evensen / NRK