Hopp til innhold

– Eg fekk panikk for å mista barna mine

ASKØY (NRK): Katerina sine tre barn blei sjuke etter å ha drukke forureina drikkevatn. – Eg var livredd, innrømmer trebarnsmora.

Katerina Kousoulaki

SJOKKERT: Katerina Kousoulaki fortel at familien hennar i Hellas er sjokkerte over at noko slikt kan skje i Noreg.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Torsdag gjekk alarmen på Askøy, etter at fleire titals personar fekk diarè, feber og magesmerter.

Talet på legevaktkonsultasjonar og sjukehusinnlagte har halde fram med å auka til høvesvis mange hundre og fleire titals. Kokevarslinga går no inn i det sjette døgnet.

Totalt er 62 innlagde i perioden under vasskrisa. Sju nye har blitt innlagde det siste døgnet.

Diaré kvart tiande minutt

Både på skulen og i barnehagar sør på Askøy er det mange vekke grunna sjukdom. Ei av dei som leverte barn i barnehagen tysdag morgon, var Katerina Kousoulaki. Ho fortel at ho er veldig bekymra og vurderte å halda barna heime frå barnehage og skule.

– Det minste av barna mine er tre år gammalt. Han fekk diarè kvart tiande minutt på det verste, så det var veldig skummelt, seier Kousoulaki, som opphavleg er gresk.

Ho fortel at familien i Hellas er sjokkert over det som skjer på Askøy.

Heime hos dei blei fire av fem sjuke. Tankane hennar gjekk fort til eittåringen som døydde på sjukehus i førre veke etter ein tarminfeksjon. Det blir no undersøkt om dødsfallet er relatert til bakteriefunnet i drikkevatnet.

– Eg var veldig redd då eg høyrde om barnet som mista livet, og fekk panikk for at eg skulle mista barna mine, seier Kousoulaki.

Ho fortel at ho ringde til legevakta fleire gonger, men seier ho ikkje fekk medisinar til barna fordi dei ikkje var blant dei sjukaste.

– Det verste var uvissa om kor lenge det kom til å vara og korleis det kom til å gå, seier trebarnsmora.

Kousoulaki seier likevel at ho beundrar kommunen for at dei er flinke med å informera innbyggarane.

Gergely István Horváth fyller vann
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Har ikkje tal på alle kokevarsla

Gergely István Horváth og kona hans er begge sjuke, men deira to barn er blitt friske og kunne gå i barnehagen og på skulen tysdag.

– Det har vore gale i over ei veke no. Eg er halvvegs i sjukdommen no. Mor mi er også blitt sjuk etter at ho var på besøk hos oss.

Han er opprørt over vassproblema i kommunen og meiner kontrollen burde ha vore betre.

– Dei siste åra har me hatt mykje problem med vasskvaliteten. Eg har ikkje tal på alle gongane me har fått kokevarsel. Så langt måtte ting gå for det fekk merksemd. Det er heilt utruleg, seier Horváth, som etter å ha levert ungane køyrde nordover på øya for å henta reint vann til familien.

Var bortreist, slapp unna

Randi Høgtun Strømsnes er oldemor til Lilly Marie (5), og valde også å levera barnet i barnehagen i dag.

Strømsnes fortel at dei har vore bortreist, og at dei dermed har sloppe unna det verste.

– Eg har vore slapp og trøtt. Me har hatt sjukdommen med oss, men det blei ikkje så ille som om me hadde vore her heime. Eg høyrer at dei fleste har vore skikkeleg sjuke, seier oldemora.

Lilly Marie Bratsberg Jensen (5) og oldemor Randi Høgtun Strømsnes

POSITIVE: Randi Høgtun Strømsnes har trua på at det skal gå fint. Det same har oldebarnet hennar Lilly Marie (5), som gler seg til å gå i barnehagen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Strømsnes har forståing for at folk er bekymra og føler seg utrygge. Ho fortel at det berre er fire barn i barnehagen til Lilly Marie i dag, mot 17 til vanleg.

Ho legg til at ho har tillit til barnehagen til oldebarnet sitt. Lilly Marie har sloppe unna sjukdommen og er sjølv positiv til å gå i barnehagen.

– Alle her i barnehagen er opptekne av handhygiene. Eg trur det skal gå bra no, seier ho.

Held ungane heime frå skulen

Heidi Christine Nilsen er mellom dei som vel å halda ungane heime frå skulen.

– For oss er dette krise. Det er klart me er uroa. Me tel på desse ti dagane det kan ta før sjukdommen bryt ut. Eg prøver å roa barna, men er jo òg uroleg sjølv, seier Nilsen.

Trass i nye prøveresultat som viser betra vasskvalitet på Askøy, fortel varaordførar at dei ikkje kan friskmelda vatnet endå.