Hopp til innhold

Han trur svaret på drikkevatn-gåta ligg her inne. No skal kommunen undersøke vassrøyra

ØVRE KLEPPE, ASKØY (NRK): I fleire månadar har Morten Paulsen og naboane merka skjelvingane av sprengingsarbeid. No skal kommunen sjekke om vassrøyra kan ha tatt skade.

Morten Paulsen ved pumpestasjon på Øvre Kleppe

TRUR RØYRA ER SKADD: Morten Paulsen bur på Øvre Kleppe på Askøy, der svært mange er blitt alvorleg sjuke av drikkevatnet sitt. Her framfor ei av fleire dører som leiar inn til vassrøyr mellom høgdebasseng og pumpestasjonar

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Det har til tider vore ganske mykje risting for mange av bebuarane, sjølv om sprengingane skjer eit stykke unna.

Morten Paulsen møter NRK heime på Øvre Kleppe på Askøy. Vi er ikkje langt unna høgdebassenget der det er påvist tarmbakteriar i vatnet.

Familien hans får vatnet sitt derifrå. Sjølv har han ikkje vore dårleg, men kona er sjuk på fjerde dagen. Også døtrene har vore sjuke.

– Det er ei forferdeleg kjensle at vi ikkje kan stole på drikkevatnet vårt. Heilt forferdeleg, seier Paulsen.

Fersk vannprøve på Askøy, Øvre Kleppe

FERSK PRØVE: Askøy kommune tok ein prøve av vatnet ved ein pumpestasjon i bustadfeltet på Øvre Kleppe søndag kveld.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Tok nye prøvar

Søndag kveld vil han vise NRK ein teori både han og fleire andre i området har grubla på dei siste dagane.

Nemleg at sprengingsarbeid dei siste månadane kan ha gjort skade på dei gamle vassrøyra som ligg i bakken under bustadfeltet, slik at røyra har tatt inn forureina vatn eller kloakk.

Paulsen tar oss først med til ein pumpestasjon midt i bustadfeltet. Inn i fjellet, bak ei låst dør, kan ein få tilgang til røyra som fraktar drikkevatnet rundt til innbyggjarane.

– Vi har spurt oss sjølve om sprengingane kan ha skada vassrøyra på veg inn til høgdebassenget. Vi lurer i alle fall på om det kan ha ein samanheng, sidan anlegget er gamalt og røyra er gamle. Når det ristar slik hjå bebuarane, må det jo også ha ein effekt på røyra, meiner Paulsen.

På pumpestasjonen står ein representant frå kommunen og tek ein fersk vassprøve når NRK kjem dit. Den kommunetilsette seier dei ventar svar på prøven på måndag og at det er gjort fleire slike vassprøvar i området.

kart over kva dei skal sjekke

Kommunen undersøker teorien

Dette blir gjort som eit ledd i etterforskinga for å finne årsaka til smitteutbrotet. Søndag var representantar frå Folkehelseinstituttet på plass for å hjelpe kommunen med dette arbeidet.

Varaordførar Bård Espelid bekreftar til NRK at sprengingsteorien har vore oppe til diskusjon på eit møte søndag. For kommunen er det ikkje gitt at høgdebassenget er sjølve kjelda. Dei meiner svaret på gåta kan ligge i røyra.

– Dette er jo gamle røyr og naturleg aldring kan vere ei årsak. Vi er kjent med sprengingsarbeida på begge sider av fjellet høgdebassenget ligg i, så ristningane derifrå kan ha ført til brot, seier Espelid.

Han presiserer at dei har gjort registreringar av ristningane frå sprengingsarbeidet, og at det i utgangspunktet ikkje er målt noko som tilseier at røyra skulle bli skadd.

– Men slik situasjonen er no, kan vi ikkje utelukka noko som helst.

Bård Espelid, varaordførar Askøy

UNDERSØKER GRUNDIG: Varaordførar Bård Espelid på Askøy.

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Stort arbeid

Arbeidet med å finne smittekjelda er eit grundig og metodisk arbeid. Dei skal undersøke heile distribusjonssystemet, ta jamlege prøvar og snevre inn kor smitten kan kome frå.

– Vi kjem også til å gå fysisk langs leidningsstrekka for å undersøke røyra. Dette vil skje innan kort tid.

Paulsen er glad for at kommunen går grundig til verks.

– Det bør jo undersøkast godt. Men ein kan spørje seg om kvifor det er gitt løyve til slikt sprengarbeid så nært eit gamalt vassanlegg.