Her jaktar dei på smittekjelda

ASKØY (NRK): Kommunen vedgår at dei ikkje har kontroll på årsaka til epidemien som truleg skuldast bakteriar i drikkevatn. Folkehelseinstituttet sine ekspertar på sjukdomsspreiing er no på plass for å hjelpa kommunen.

Susanne Hyllestad (t.v.) og kolleger i Folkehelseinstituttet

KARTLEGGING: Seniorrådgjevar Susanne Hyllestad (t.v.) og kollegaene i Folkehelseinstituttet er på på plass i Askøy for å finna smittekjelda og omfanget av tarminfeksjonen som har råka øya.

Foto: jon Bolstad / NRK

Tusenvis av askøyværingar har blitt sjuke dei siste dagane.

– Me skal no kartleggja og systematisera dei relevante data som finst allereie, og setja det saman for å prøva å avdekka smittekjelda og finna omfanget av utbrotet, seier seniorrådgjevar Susanne Hyllestad ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Ho og kollegaene skal i utgangspunktet ikkje ta ny prøvar, men kan rådgje kommunen i det viss naudsynt.

– Kan Askøy-utbrotet minna om tidlegare døme?

– Me kan ikkje uttala oss om Askøy-saka før me har byrja å sjå på den. Men med vassborne utbrot er det typisk at veldig mange blir eksponert for forureina vatn på same tid.

Ukjent syndar førebels

Hittil er det påvist Campylobacter i avføringsprøvar tatt på sjukehuset, og E. coli og to andre tarmbakteriar i drikkevatnet i høgdebassenget på Øvre Kleppe.

Hyllestad kan likevel ikkje seia kva FHI meiner har gjort folk sjuke.

– Det finst mange millionar slag bakteriar der ute i verda, og ikkje alle gjer oss sjuke. Førebels er det ikkje slått sikkert fast kva bakterie eller bakteriar som er aktuelle i denne saka.

– Kor raskt kan de ha nokre svar?

– Det kan eg ikkje svara på no.

Thomas Hetland (t.v.) og folk frå Folkehelseinstituttet

FÅR HJELP: Fungerande smittevernlege Thomas Hetland (t.v.) møtte i dag Folkehelseinstituttet sine ekspertar på sjukdomsspreiing i befolkningar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Den kriseråka kommunen vest for Bergen heldt søndag presskonferanse etter å ha fått epidemiologane frå FHI til rådhuset.

  • Sjå pressekonferansen her.

– Me er glade for denne bistanden, og dei kjem til å vera her så lenge det trengst. Dei skal bidra til å forstå kva som er årsak og opphav til det me no slit med, seier varaordførar Bård Espelid.

– Dette vil mellom anna avklara om epidemien no vil auka, er på toppen, eller vil minka i nær framtid.

– Dusj, ikkje bad

Fungerande smittevernlege Thomas Hetland gjentek påbodet om at alle som er tilknytt Kleppe vannverk skal koka drikkevatnet.

– Dusjing er greitt om ein dekker til opne sår, men folk bør unngå å bada i badekar.

Fungerande rådmann Torgeir Sæter seier det å bruka oppvaskmaskin som vanleg er greitt. Han ber folk lesa informasjon om vanleg stilte spørsmål på kommunens heimesider.

Skular og barnehagar skal etter planen haldast opne som vanleg.

Inngang til fjellbasseng på Kleppe på Askøy

HOVUDMISTENKT: Funn av fleire tarmbakterietypar i høgdebassenget inne i fjell på Øvre Kleppe gjer at ein reknar med dette er kjelda til at forureina drikkevatn har gjort fleire tusen sjuke.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ikkje kontroll på årsaka

Kommunen anslo laurdag at så mange som 2000 innbyggjarar har blitt sjuke med tarminfeksjon denne veka. Folk har hatt oppkast, diaré og feber. Over 40 har vore eller er innlagd på Haukeland universitetssjukehus.

Ein eitt år gammal gut frå Askøy døydde med tarminfeksjon onsdag, og vart obdusert fredag. Det er framleis ikkje stadfesta om dødsfallet har samanheng med smitte frå drikkevatnet.

Sæter seier tilstrøyminga av pasientar til legevakta er ganske konstant.

– Me har kontroll på handteringa av krisa, men ikkje årsaka til utbrotet.

Han har ikkje noko formeining om kor mange fleire som kjem til å bli sjuke dei neste dagane.

– Me har full forståing for kritikken og frustrasjonen blant innbyggjarane i denne situasjonen, seier Sæter.

Torgeir Sæter, Askøy kommune

IKKJE KONTROLL: – Me har kontroll på handteringa av krisa, men ikkje årsaka til utbrotet, seier fungerande rådmann Torgeir Sæter.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Døde dyr?

Kommunen har ikkje kome nærare eit svar på kva som har smitta drikkevatnet – om det er døde dyr eller noko anna.

Spørsmål om økonomisk kompensasjon for til dømes kjøpevatn kan han ikkje svara på no.

Han reknar med at kokevarselet vil vara i mange dagar framover.

– Me tar dette veldig alvorleg, både for å finna årsaker og å avhjelpa situasjonen for dei som er råka.

Skal intervjua dei første

Espelid seier epidemiologane frå Folkehelseinstituttet (FHI) har tre hovudmål for arbeidet dei skal gjera på Askøy.

  • Å bidra til å seia sikkert kva som er kjelda til utbrotet kommunen har hatt.
  • Å kartlegga omfanget, altså kor mange som har blitt ramma helsemessig, og kor ein er i forløpet på denne epidemien.
  • Å sjå kor dei som er ramma bur i høve til det kommunale drikkevass-nettet.
Bård Espelid, varaordførar Askøy (Askøylisten)

GLAD FOR HJELP: To ekspertar frå Folkehelseinstituttet kom til Askøy i dag. – Dei blir her så lenge det trengst, seier varaordførar Bård Espelid.

Foto: Askøy kommune

– Høgast på agendaen er å snakka med pasientar som vart sjuke tidleg i epidemiperioden. Det vil indikera ganske raskt kva som er kjelda for smitten. Om det er vatn eller andre ting.

– Er det framleis eit spørsmål om drikkevatn er årsaka?

– Sannsynet for at det er ei anna kjelde er tilnærma lik null, men me må konkludera det. Også Folkehelseinstituttet meiner det er viktig å utelukka det som ikkje er smittekjelda.

Lokal epidemi

Espelid slår fast at epidemien sør på Askøy framleis er aktiv. At tarminfeksjonen var ein epidemi, var allereie klart då kommunen slo krisealarm.

– Pasientane bur såpass nær kvarandre at me tenker dette er ein lokal epidemi, sa smittevernlege Thomas Herland til NRK torsdag kveld.

Mange på Askøy har lenge vore kritiske til kvaliteten på drikkevass-nettet, og kritikken har auka kraftig etter skandalen denne veka.