Hopp til innhold

Over 2000 personar vart sjuke av drikkevatnet – no får kommunen millionbot

75 personar måtte på sjukehus for å få behandling etter å ha drukke forureina vatn på Askøy sommaren 2019. Politiet meiner smitteutbrotet kunne vore unngått.

Det infiserte høydebassenget på Øvre Kleppe Askøy

FORUREINA: Mange personar fekk påvist tarmbakterien Campylobacter etter at høgdebassenget på Øvre Kleppe vart forureina.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Det var i byrjinga av juni 2019 at mange på Askøy utanfor Bergen brått vart veldig sjuke med oppkast, diarè og feber.

Årsaka viste seg etter kvart å vere forureina drikkevatn. Etterforsking har vist at det kan knytast til eit høgdebasseng på Øvre Kleppe og innbyggarane som fekk vatn derifrå fekk påvist tarmbakterien Campylobacter.

Over 2000 personar har rapportert inn mage/tarmplager etter utbrotet og 59 vaksne og 16 barn var innlagt på sjukehus for behandling.

Politiet konkluderer med at smitten har kome inn via innsig frå vegger og tak i høgdebassenget, som vart ferdigstilt i 1965. Avføring frå fuglar eller dyr er sannsynlegvis smitteårsaka.

– Allereie i juni 2011 vart det bestemt å legge inn prøvetaking av vatn, men dette vart ikkje implementert og gjennomført. Ein slik prøvetaking kunne gitt varsel om innsig og utfasing av høgdebassenget på eit langt tidlegare tidspunkt, skriv politiadvokat Trygve Ritland i pressemeldinga.

Trygve Ritland, politiadvokat Vest politidistrikt

GIR BOT: Politiadvokat Trygve Ritland i Vest politidistrikt.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Kunne vore unngått

Politiet har også funne lite skriftleg materiale og internkontroll rundt tilsyn og vedlikehald av høgdebassenget.

– Manglande prøvetaking, samt betre internkontroll kunne medverka til at smitteutbrotet ikkje ville ha skjedd. Dette er ei alvorleg sak når så mange blir sjuke. Storleiken på bota speglar dette, seier Ritland til NRK.

Førelegget er gitt etter ordre frå statsadvokaten og knyter seg til brot på drikkevassforskrifta. 14 personar i kommunen er avhøyrd i etterforskinga.

Det er ikkje grunnlag for å straffeforfølge enkeltpersonar eller Mattilsynet, meiner politiet.

– Utifrå saka sitt alvor har statsadvokaten landa på at ein bot på ein million kroner er riktig og påkravd for å hindre tilsvarande hendingar både på Askøy og elles i landet, seier Ritland.

Vannprøvetaking på høydebassenget Øvre Kleppe på Askøy

HØGDEBASSENG: Høgdebassenget på Øvre Kleppe vart hyppig besøkt i juni 2019.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Legg vekk saka om to dødsfall

Alvorsgraden i smitteutbrotet vart tidleg klart då ein eitt år gamal gut døydde av infeksjon. Seinare døydde også ei 72 år gamal kvinne.

Begge fekk påvist tarmbakterien Campylobacter og det har vore undersøkt om dødsfalla kan knytast til det forureina drikkevatnet.

– Denne bakterien er likevel ikkje sett på som hovudårsaka, eller den avgjerande, dødsårsaka hjå dei avdøde, seier Ritland.

Han legg til at Fylkesmannen i Vestland har vurdert helsehjelpa dei to fekk og fant ikkje grunnlag for å tilrå vidare etterforsking.

– Undersøkingssakene er også no avslutta, då dei undersøkinga som er gjort ikkje gir grunnlag for vidare etterforsking.

– Ekstrem belastning

Advokat Kjetil Ottesen er bistandsadvokat for dei to familiane som mista ein gut og ei kvinne under smitteutbrotet.

Ifølge Ottesen var Campylobacter medverkande årsak til at begge mista livet. Den eldre kvinna hadde frå før kreft og var under cellegiftbehandling. Eittåringen hadde streptokokkar frå før, men var eit friskt og sunt barn.

– Dødsfallet kom heilt brått på familien til barnet og det har vore ein ekstrem belastning for dei i etterkant. Tarminfeksjonen hjå den eldre kvinna gjorde at familien ikkje fekk tatt farvel med ho og ho hadde mykje smerter, seier Ottesen til NRK.

Han seier det no er ein lette at politiet er ferdig med sine undersøkingar. Han går no i dialog med kommunen om mogleg erstatningskrav.

Har ikkje avgjort om dei godtek bota

Ordførar på Askøy, Siv Høgtun, seier at politiet sin konklusjon om kva som har skjedd stemmer overeins med rapporten kommunen bestilte frå Sintef.

– Det som er nytt er politiet si vurdering av konsekvensane av dei forholda som er påpeikt.

Ho seier at det blir opp til politikarane i kommunen om dei vil godta bota.

– Vi legg opp til ein politisk prosess og kommunestyret får ta stilling til om vi vedta bota eller kva som skal skje vidare, seier Høgtun.