Sju til sjukehus – fryktar smitte frå drikkevatn

Askøy kommune har sett krisestab etter fleire alvorlege sjukdomstilfelle som dei fryktar skuldast smitte frå drikkevatnet. Sju er send til sjukehus og 50 har vore på legevakta.

Askøy rådhus (fotografert 08.05.19)

ALVORLEGE SJUKDOMSTILFELLE: Askøy kommune har sett krisestab etter at 50 innbyggjarar kan ha blitt smitta av bakteriar i drikkevatnet.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det er eit mønster som indikerer at det er ein infeksjon blant innbyggjarar tilknytta Kleppe vannverk.

Det seier rådmann Eystein Venneslan.

Heile sørlege delen av kommunen har no derfor fått varsel om at dei bør koka drikkevatnet.

«På grunn av mistanke om smitte via næringsmiddelkjeden, der vannet kan være en av mulighetene til smitte, iverksettes kokevarsel.»

Det heiter det i ei tekstmelding kommunen har sendt til alle innbyggjarane sør i kommunen.

Kommunen sette krisestab på Rådhuset klokka 19.

Askøyværingen omtala saka først.

Rådmann i Askøy, Eystein Venneslan

KOK VATNET: – Over 10.000 av askøyværingane må koka drikkevatnet, seier rådmann Eystein Venneslan.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Diaré og feber

Femti personar har vore innom Askøy legevakt, og sju har blitt sende vidare til sjukehus.

– Det kan tenkast at nokon vart sjuke i går, men at vi først fanga opp mønteret i løpet av i dag, seier Venneslan.

Han veit ikkje kor alvorleg tilstanden er for dei som legevakten har send til sjukehus.

I ei pressemelding opplyser kommunen at «symptomene er magesmerter, diare og feber. Alle abonnenter skal koke vannet før det drikkes. Generell hygiene (håndvask) er viktig. Har du dårlig allmenntilstand, kan lege eller legevakt kontaktes. Telefon 116117.»

Følgande område får vatn frå Kleppe vannverk:

Kleppestø til Framo (Alfa Laval) i Florvåg, Kleppe, Øvre Kleppe, Strusshamn, Lønvarden, Follese, Hetlevik, Stongafjellet, Marikoven, Juvikflaten, Horsøy.

– Men kokevarselet har ingen samanheng med at eit vassleidningsbrot i Florvåg den siste tida har gitt misfarga vatn i Florvåg/Kleppestø-området.

Det seier Jørgen Skogedal ved vakttelefonen for vann og avløp i kommunen til BA.

10.000 må koka vatnet

– Veit de kva bakterie dette er?

– Vi har tatt vassprøver i dag. Dei er sende til analyse, og vi får ein indikasjon i morgon kva dette er, seier rådmann Venneslan.

Han seier det er godt over ein tredel av innbyggjarane i kommunen som no må koka vatnet før dei drikk det. Det vil seie at over 10.000 menneske er råka.