Hopp til innhold

Fylkeslegen opnar tilsynssak etter at gut (1) døydde

Åtte av 18 pasientar som er innlagd på sjukehus etter smitteutbrotet på Askøy, er barn. Fylkeslegen i Vestland opnar tilsynssak både mot kommunen og sjukehuset.

Sykdom tilknyttet Kleppe vannverk.

OPNAR TILSYN: Fylkeslegen i Vestland skal granske dødsfallet til ein gut (1) på Askøy.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

– Vi skal i møte klokka 13 for å diskutere detaljane i tilsynet vidare, men eg kan bekrefte at vi opnar tilsynssak på dødsfallet til guten, seier assisterande fylkeslege Sjur Lehmann i Vestland til NRK.

Askøy kommune undersøker no om det er ein samanheng mellom dødsfallet til ein gut (1) og det alvorlege sjukdomsutbrotet dei mistenkjer kjem frå drikkevasskjelda til opp mot 15.000 innbyggarar i kommunen.

Etter møtet fredag ettermiddag stadfester Lehmann at det blir opna tilsynssak både mot kommunen og Haukeland universitetssjukehus.

– Sistnemnde fordi vi ønskjer å sjå på om heile behandlingsforløpet har vore forsvarleg, seier Lehmann.

Guten døydde onsdag. Fylkeslegen seier til NRK at dei vart varsla om dødsfallet av politiet på torsdag. Politiet har oppretta undersøkingssak.

– Vi undersøker moglegheita for ein samanheng, fordi dødsfallet har skjedd i same geografiske område. Vi ventar på svar på prøver som vil vise kva barnet døydde av, seier rådmann Eystein Venneslan i Askøy kommune.

Sjur Lehmann

ASS. FYLKESLEGE: Sjur Lehmann.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Sjukehuset: – Djupt tragisk

I ei pressemelding fredag bekreftar Haukeland universitetssjukehus at den eitt år gamle guten døydde etter å ha blitt innlagd hjå dei.

Klinikkdirektør Ansgar Berg på Barneklinikken seier det er for tidleg å seie kva som er årsaka til dødsfallet.

– Vi ventar på fleire analysesvar. Dette er ei djupt tragisk hending og av omsyn til familien kan vi ikkje kommentera dette ytterlegare.

18 personar er innlagd på Haukeland universitetssjukehus. Ingen av dei er kritisk sjuke, men dei ligg til observasjon. Åtte av pasientane er barn, bekreftar sjukehuset.

– Vi ventar på analyseresultat for å klargjera om innleggingane har ein felles årsak. Vi prioriterer å få prøveresultata klare så raskt som mogleg for å bekrefte eller avkrefte mistanken om dette er utbrot av ein mage- og tarminfeksjon, seier Berg.

kleppevatnet

Folkehelseinstituttet orientert

Kommunen har sett ned et kriseteam for guten sin familie, i tillegg til krisestaben som jobbar med vassproblema.

Totalt har 47 personar vorte undersøkt ved Askøy legevakt sidan torsdag ettermiddag.

På ein pressekonferanse fredag sa Anton Bøe i vann- og avløpsetaten at dei trur drikkevatnet kan vera forureina ute på sjølve leidningsnettet. Dei trur dette har skjedd i nærleiken av Øvre Kleppe, som har flest tilfeller av smitte.

– Vi har ein teori om at sannsynleg kjelde kan vera eit høgdebasseng, der det kan vera innlekking av forureina vatn. Vi kan også ha lekkasje på ein leidning, slik at det i teorien kan ha komme avløpsvatn inn. Vi må kartlegge dette, forklarte Bøe til pressen.

Kommunen har stengt eit fjellbasseng ved Kleppevatnet som uansett skulle fasast ut.

Også Folkehelseinstituttet er informert om hendingane i Askøy kommune.

– Vi stiller med rådgjevar om det er behov for det. Det har vore kontakt mellom smittevernvakta vår og kommunen, seier kommunikasjonsrådgivar Per Christian Svendsen til NRK.

SJÅ PRESSEKONFERANSE: Askøy kommune gav status om vassituasjonen på ein pressekonferanse klokka 10.00 fredag.