Hallo i seinsommaren!
Eg har vore på Vestlandet i sommar og fått trimma nynorskmuskelen. Dermed vert bokbrevet på nynorsk denne veka, noko som er på høg tid, om eg skal seie det sjølv.
Nynorsken min er rett nok litt 80-talsprega, men eg skal freiste å høyrast så ung og hip ut som eg kan.
I dette første bokbrevet for hausten 2023 skriv eg om skuffelsen over ei overflatisk filmatisering av biografien om Oppenheimer, eg rapporterer frå Tolkienprosjektet og tipsar om gode flaumforteljingar.
Til sist kjem ei utfordring: I kva tilfelle er filmen betre enn boka?
I det siste bokbrevet før sommaren klaga eg over at eg ikkje hadde klart å setje eit tydeleg leseprosjekt for ferien.
Det problemet løyste eg ved å ikkje lese noko som helst. Det vil seie, eg byrja på eit par bøker, men når du er på ferie med storfamilie frå null til 84 år, då blir det lite eigentid med bok.
Men, som det heiter i ordspråket, ein kan ikkje berre lese bøker her i livet, det skal spelast kort og drikkast øl til langt på natt, òg.
Eg fekk nokre lesetips av dykk på e-post før sommaren, som eg har notert bak øyret. Då eg kom tilbake på kontoret venta allereie ein høg stabel med nye bøker, så no er eg godt i gang med bokhausten og kosar meg med det.
Fekk du lest så mykje som du hadde tenkt i sommar?
Oppenheimer's deadly toy
Eg hadde førebudd meg til Christopher Nolans storfilm om Robert Oppenheimer. Eg var godt inne i lydboka «American Prometheus», biografien som filmen er basert på, og hadde høyrt en god podkast om mannen.
Likevel, ti minutt inn i «Oppenheimer» vart eg forvirra. Nolan har valt ein slags MTV-forteljarteknikk. Han hoppar fram og tilbake i tid og rom, frå svart-kvitt til fargar, frå intime situasjonar til panoramiske ørkenlandskap. Ei scene var knapt starta før vi hoppa i tid og rom til noko anna.
Det kjendest mest som ein tre timars recap av sentrale episodar i boka.
Kanskje hadde Nolan så stor respekt for boka at han ville ha med litt av alt. Men resultatet vert at ingen scener får spele seg ut slik at vi rekk å føle noko. Då eg høyrde på lydboka derimot, blei eg uventa glad i Oppenheimer og fascinert av han.
Livet er ikkje berre-berre for geni heller
Den vaksne Robert Oppenheimer var sjarmerande og imponerande, men ungdomsåra var ei tøff tid for han. Den unge Robert var talentfull på mange frontar, men mangla fokus og var klønete med kvinner. Å finne si retning i livet som teoretisk fysikar kravde ei lang og eksistensiell krise.
Oppenheimer sine formative år utspelte seg på 1920- og 30-talet, ei tid av brytningar på mange område. Eg kjende til modernismen sine omveltningar innan kunst og kultur, men eg visste mindre om den revolusjonen innan naturvitskapen som kvantefysikken innebar. Sjølv Albert Einstein nekta å godta Niels Bohr sin modell for atoma sine kvantesprang, så radikal var den nye fysikken.
Eg blir svimmel av kvantefysikk. I selskap med den unge Robert Oppenheimer kjenner eg likevel ei glad sitring når han kjem til universitetet i Göttingen og endeleg finn sin plass blant dei skarpaste hovuda innan den nye disiplinen.
Det hjelper óg på identifikasjonen min med Oppie at han er like nyfiken på kunst og politiske tankar som han er på fysikk og kjemi.
Han syg til seg alt som finst av kunst, vitskap og politiske ideologiar i denne brytningstida i Europa. Når nokre venner på universitetet les Dantes «Inferno» på italiensk, lærer han seg språket på eit par veker, så han kan vere med i lesegruppa.
Det seiest at årsaka til at Robert Oppenheimer aldri fekk nokon Nobelpris, er at han spreidde interessene sine for tynt ut. Men nettopp Oppie si openheit all verdas kunnskap gjer han til ei spennande linse å sjå historia gjennom.
At han er briljant, arrogant og motsetningsfyld på mange vis, gjer det berre meir spanande. Og eg er ikkje eingong komen fram til forsøka på å utvikle atombomba!
Førebels verkar det heilt usannsynleg at nettopp Oppenheimer skal finne opp verdas mest dødelege våpen.
Lydboka er 26,5 timar lang. Eg har sett innstillinga på opplesingsfarten ned til 0,8 for å henge med, så eg har mykje å gle meg til i vekene framover.
Eg må sei noko positivt om filmen: Skodespelarane er fenomenale. Eg er tipp topp fornøgd med å forbinde Cillian Murphy med Oppenheimer for all framtid, og Robert Downey Jr bør få ein Oscar for tolkinga av rolla som politikaren Lewis Strauss.
Eg kjenner likevel på ei sorg for at ein ikkje kjem tett nok på Oppenheimer i filmen når eg veit kva potensial som ligg i boka. Eg vil ikkje vera nokon Killjoy overfor ein film som får folk tilbake i kinosalane, men eg må seie: Les (eller høyr) biografien før du ser filmen!
Og til dykk som ikkje har 26,5 timar ledig; her er ein snarveg: Dei to britiske historikarane Tom og Dominic går gjennom biografien på ein lettbeint og informativ måte i to episodar av «The Rest is History.»
Unn deg i det minste den før du kjøper billett til filmen. Og har du berre fem minutt til overs, tilrår eg denne saka om den ukrainske kjemikaren George Kistiakowsky. Han vert spelt av norske Trond Fausa Aurvåg, og du vil få høg payoff når du ser filmen om du har lest denne:
Mordor blei for mørkt for pappa
Eg drassa med meg «Lord of the Rings»-utgåva mi rundt på ferie fleire stader, men det vart ikkje lest ei einaste linje. Far min derimot, som starta mykje seinare enn eg, las flittig kvar morgon.
Eg undra på kva min bokkunnige far på 80 år syntest om denne fantasyforteljinga, der vi sat på terrassen og reinsa sjøvfiska krabbe. Han kasta seg trass alt over boka i samband med at eg hadde fått beskjed av dykk om å lese ho.
Jau, han nærma seg slutten no. Vii prata om Aragorn og Sam og Frodo og dei tilsynelatande håplause situasjonane dei sto oppe i,
Med alderen har far min vorten meir kjenslevar og orkar ikkje lese romanar med for mykje motstand og motgang. Difor juksa han litt i bok tre:
– Verst vart det då skulle gå laus på den knusande vermakta Mordor med Aragorn berre 7 000 mann. Det verka heilt vonlaust. Eg måtte sniklese i slutten av boka, for å forsikre meg om at det kom til å gå bra.
Brått innsåg eg at far min ikkje hadde sett filmane, og dermed ikkje visste korleis det skulle ende.
Sjølv om storminga av Mordor var litt i mørkaste laget for far min, vart eg misunneleg på han. Så fantastisk spennande å lese «Ringenes herre» utan å kjenne handlinga frå før!
På jobb fortalde kollega Torkil at han har lese alle tre bøkene høgt for dei to sønene sine. Det tok om lag eit år.
Då boka var ferdig, grein far og den eldste sonen litt saman. Ikkje berre fordi boka var så god, men fordi det koselege prosjektet deira var slutt. Den nyslåtte niåringen erklærte faktisk 25. april 2020 for «ein minnedag for alltid». Sidan fekk dei gleda av å sjå filmane saman også.
For ei vakker historie om familiefellesskap!
Ein flaum av flaumforteljingar
Kvar gong det høljar ned fleire dagar på rad, tenkjer eg på Karl Ove Knausgård sin roman «En tid for alt». Der skildrar han ein dommedagsflaum som rammar Vestlandet, i ein moderne og realistisk versjon av bibelforteljinga om Noas ark.
Denne gongen har det dessverre blitt litt bibelske dimensjonar over øydeleggingane etter regnveret. Eg følgjer med på nyheitene med hjartet i halsen, for mang ein familie eg kjenner til held på å miste både hus og avlingar.
I dei første timane av ekstremveret Hans, var det nokon på Facebook som påpeikte likskapen til Knausgård sin roman. Brått vart andre forfattarar bitne av basillen, og tok til å dele flaumpassasjer frå eigne bøker.
Therese Tungen kunne minne om at hovednovella i boka hennar «Ein gong var dei ulvar» handla om ein mann og ei dotter som blir att når dei andre evakurarer bygda ramma av flaum. (Eg har lese ho, den er svært god.)
Oslobaserte Bror Hagemann siterte eit avsnitt frå sin eigen roman «Ved elva» (2922), som minner om ein reportasje frå Akerselva i Oslo i desse dagar.
Forfattar og forlagsmann Vidar Kvalshaug bidrog ikkje med noko frå eigen produksjon, men nemnde den openberre «Flommen» av Jonny Halberg (frå Gudbrandsdalen), samt den litt oversette romanen «Fallvann» av Mikael Niemi.
Inspirert av desse tipsa jakta eg etter ei flaumbok for born. Eg fann den nydelege teikna boka til Max Estes, «Flommen» Den handlar om ein mann som mister den vesle hunden sin i ein storflaum. (NB til alle hundeeigarar: Det endar godt!)
Om du er ramma av Hans, eller sitt trygt på ein solrik knaus, kan du ha glede av ein av desse gode litterære skildringane av den same dramatikken vi ser rundt oss i Noreg i desse dagar.
Ein titt framover
Neste veke kjem ein av min topp ti favorittar til Noreg for fyrste gong:
Joyce Carol Oates er ikkje berre ein av USAs mest produktive forfattarar. Ho miksar vald, seksualitet, rasisme, klasseskiljer og amerikansk historie på ein eksplosiv måte, utan at det verkar spekulativt.
Dagsrevyen har fått intervjuavtale. Eg skal spørje om eg kan snike med eit par spørsmål.
Innan neste brev skal eg også på eit par forlagsfester. Eg håper å plukke opp noko sladder eller oppleve noko teit og gøy eg kan fortelje om.
Der har eg tilgang til ein haug med norske forfattarar, så berre sei frå om eg skal spørje om noko på dine vegne. I fjor vart eg vitne til ein forfattar som tok kvelartak på Trude Marstein, men det var visst mest fordi han var så glad og kanskje litt usikker.
No er mailboksen min offisielt open att, så nøl ikkje med å skrive og fortelje om ei god leseoppleving, ein underkjent forfattar, eller noko du saknar i Bokbrevet. Eg løner gode innspel med eit bokmerke i posten.
Skriv til siss.vik@nrk.no.
Eg gler eg meg til å dele bokhausten med deg!
Kommenter
Eg har skrive om to filmar der eg syntest boka var betre. Men kjenner du til nokre tilfelle der det er motsett, at filmen er betre enn boka? Du er med dette utfordra!
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett