George Kistiakowsky
Foto: Corbis via Getty Images

Dødens hjelpar

Den første atombomba hadde ikkje eksistert utan den «crazy duden» George Kistiakowsky. I filmen «Oppenheimer» blir han spelt av ein nordmann.

Januar 2022 får Trond Fausa ein telefon frå USA som skal snu livet hans på hovudet.

Skodespelaren får nemleg vite at han har landa ei rolle i Christopher Nolans nye film. Meisterregissøren er kjent for å lage kritikarroste drama som til dømes «Inception», «Interstellar» og «The Dark Knight». Desse er rimeleg langt unna dei komiske rollene som Trond vanlegvis spelar i Noreg.

No skal Trond til New Mexico og spele inn filmen «Oppenheimer» saman med nokre av verdas største filmstjerner.

Trond Fausa Aurvåg med stjernene på verdspremieren for "Oppenheimer".

I GODT SELSKAP: Trond Fausa saman med Matt Damon, Robert Downey jr. og Cillian Murphy på verdspremieren av filmen «Oppenheimer» i Paris.

Foto: Reuters

«Oppenheimer» handlar om skapinga av verdas første atombombe. Trond har fått rolla som den ukrainske kjemikaren George Kistiakowsky.

Kistiakowsky? tenkjer Trond. Aldri høyrt om. Skodespelaren må inn på verdsveven og google.

Eg skjønte fort at han var ein viktig figur. Men då vi begynte å filme, forstod eg at han også var ganske ... «hands on», seier Trond.

George Kistiakowsky og Trond Fausa Aurvåg

ORIGINALEN & KOPIEN: George Kistiakowsky og Trond Fausa.

Filmen handlar i stor grad om mannen som blir kalla «far til atombomba»: J. Robert Oppenheimer. Men den første atombombe-testen hadde aldri blitt klar i tide utan George Kistiakowsky.

Dette er hans historie.

Superbomba

På slutten av 1930-talet, like før den andre verdskrigen braut ut i Europa, oppdaga fysikarar at det var mogleg å dele atomkjernen av grunnstoffet uran og skape ein «nukleær kjedereaksjon». Ein slik kjedereaksjon ville frigjere ekstreme mengder energi.

Dei fann også ut at om nokon klarte å skape denne reaksjonen i ei bombe, ville resultatet bli eit våpen som kunne utrydde ein heil by.

Nukleær kjedereaksjon

NUKLEÆR KJEDEREAKSJON: Eit nøytron blir fanga inn av ein uran 235-kjerne, og det blir danna ein uran 236-kjerne. Denne deler seg og blir til to nye kjernar og tre nøytron. Desse nøytrona kan treffe tre nye uran 235-kjernar og slik vil kjedereaksjonen fortsette.

Ei slik «superbombe», som dei først kalla ho, ville ha same funksjon som ein heilt idiotisk god juksekode i eit dataspel. Dei med bomba ville vinne på flekken. Alle andre ville tape.

Under den andre verdskrigen var britane og amerikanarane overtydde om at nazistane var i ferd med å lage eit slikt våpen. Då fanst det berre ei løysing for å vinne krigen:

Dei allierte måtte lage bomba først.

Manhattanprosjektet

Sjølv om ein visste at det var teoretisk mogleg å lage ei atombombe, trudde få at det var mogleg i praksis.

Den danske Nobelpris-vinnande fysikaren Niels Bohr sa i 1939 at «ei atombombe aldri kan bli bygd utan at ein forvandlar heile USA om til ein stor fabrikk».

Men så var det nettopp det amerikanarane gjorde.

USA slo seg saman med Storbritannia og Canada og skapte eit av dei mest ambisiøse forskingsprogramma i verdshistoria: Manhattanprosjektet.

Albert Einstein

VARSLAREN: Det var den tyske fysikaren Albert Einstein som i 1939 anbefalte den amerikanske presidenten Franklin D. Roosevelt å starte eit atomvåpen-program.

Foto: AP

Prosjektet kosta nærmare 2 milliardar dollar (svarer til ca. 24 milliardar dollar i dag) og sysselsette over 130.000 personar. Sjølve krona på verket var eit topphemmeleg laboratorium på ein nedlagt internatskule langt ute i gokk i Los Alamos, New Mexico.

Her møter vi filmens hovudperson, den amerikanske fysikaren J. Robert Oppenheimer. I 1943 samla han nokre av verdas smartaste vitskapsmenn hit for å designe atombomba.

Cillian Murphy som J. Robert Oppenheimer

HOVUDROLLE: Den irske skodespelaren Cillian Murphy spelar rolla som J. Robert Oppenheimer.

Foto: Universal Pictures

Oppenheimer og teamet hans utvikla to ulike typar bomber. Den eine var laga med uran. Den andre med plutonium.

Fordelen med plutonium var at det var relativt enkelt å produsere. Bakdelen var at det var ganske ustabilt. Dei kom difor fram til at dei måtte lage ei implosjonsbombe som kunne presse plutoniumet raskt og effektivt saman og skape ein nukleær kjedereaksjon.

Implosjon

IMPLOSJON: I ein eksplosjon går energien ut frå ei kjelde. I ein implosjon skjer det motsette: energien går innover, og systemet kollapsar.

Men verdas smartaste forskarteam klarte ikkje å lage ei slik bombe. Dei trong eit geni som var ekspert på eksplosjonar, ein slags Dynamitt-Harry med doktorgrad.

Og ifølge Oppenheimer fanst det berre éin slik person i heile USA: George Kistiakowsky.

Ein crazy dude

Trond Fausa hugsar godt då han møtte regissør Christopher Nolan for første gong på filmsettet i New Mexico, ein halv time før opptak.

Han kom bort til meg og sa: «Kistiakowsky, he was a crazy dude!» Han likte å sjå på eksplosjonar og sprenge ting, mimrar Fausa.

Trond Fausa Aurvåg spelar Georg Kistiakowsky i filmen "Oppenheimer"

IKKJE GJER DETTE HEIME: Trond Fausa (til venstre) spelar George Kistiakowsky som senkar plutoniumet forsiktig ned i atombomba.

Foto: Universal Pictures

George Kistiakowsky kom opphaveleg frå Kyiv i Ukraina. Han kjempa mot kommunistane i den russiske borgarkrigen og måtte flykte til Berlin i 1920. Her tok han ei doktorgrad i fysikalsk kjemi før han emigrerte til USA i 1926.

Då han vart rekruttert til Manhattanprosjektet i januar 1944, jobba han med å utvikle våpen for det amerikanske forsvaret. Han nølte først med å takke ja til oppdraget fordi han tvilte på at bomba kom til å bli klar før krigen var over. Men etter mykje masing frå Oppenheimer gav han til slutt etter for presset.

Kistiakowsky vart sett på som ein litt snurrig type. Han rei rundt i fjella på Oppenheimers hest saman med dottera si, og hjelpte det lokale alpinsenteret med å sprenge ut nye skitrasear. (Kva skal ein med sag når ein har sprengstoff?) I tillegg hadde han ein tjukk russisk aksent som Trond etter beste evne forsøkte å attskape.

George Kistiakowsky på hesteryggen

RYTTAR: George Kistiakowsky på ryggen til J. Robert Oppenheimers hest, Crisis.

Foto: Atomic Heritage Foundation

Eg syntest ikkje sjølv at eg var så flink eller god med den r-en, så eg prøvde å legge han litt vekk etter kvart. Det vart eit slags austeuropeisk, seier Trond.

I laboratoriet utvikla Kistiakowsky og teamet hans ei avansert anordning som vart kalla «eksplosive linser». Desse linsene bestod av ulike typar eksplosiv og danna ei slags lagkake rundt plutoniumskjernen. Når bomba gjekk av, skulle alle linsene treffe kjernen samtidig og skape ein implosjon.

Eksplosive linser

EKSPLOSIVE LINSER: Dei gule «eksplosive linsene» pakkar inn plutoniumskjernen (i lilla). Linsene må sprenge heilt synkront for å skape ein implosjon som får kjernen til å kollapse.

George Kistiakowsky følte seg sikker på at dei avanserte eksplosiva hans kom til å fungere. Men det gjorde nesten ingen andre. Det vart klart for Oppenheimer at sjølv om det kom til å koste fleire milliardar dollar, så fanst det berre ein ting å gjere:

Dei måtte teste bomba.

Tannlegeboren

Verdas første atombombe-test vart sett til den 16. juli 1945.

Dagen etter skulle nemleg den amerikanske presidenten Harry S. Truman ha ein viktig konferanse med Sovjets statsleiar Josef Stalin og den britiske statsministeren Winston Churchill i den tyske byen Potsdam utanfor Berlin.

Tyskland hadde overgitt seg i mai same året, men president Truman følte likevel at han hadde behov for bomba. Japan nekta framleis å overgi seg og hadde kamikazeflygarar som kjempa med nebb og klør mot USA over Stillehavet.

Kamikazeangrep på hangarskipet USS Bunker Hill

KAMIKAZE: 11. mai 1945 krasja to japanske jagarflypilotar med vilje inn i hangarskipet USS Bunker Hill. I tillegg til pilotane mista 322 amerikanske soldatar livet i angrepet.

Foto: AP

Den amerikanske presidenten var også bekymra for at Sovjet skulle gripe inn og ta makta over Japan og dermed krevje styringa av landet når krigen var over. Truman ville difor fortelje Stalin at han berre skulle ta det heilt med ro.

USA kunne ta seg av japanarane. Dei testa nemleg ei ny superbombe i går.

Men berre to veker før testen oppdaga Kistiakowsky at noko var gale. Det viste seg at formene som dei eksplosive linsene var støypte i, var ujamne og fulle av sprekker.

Den ukrainske kjemikaren måtte dermed gå til verks med ein tannlegebor for å drille hol inn til luftbobler i bomba. Deretter måtte han fylle igjen hola med sprengstoff.

Trond Fausa Aurvåg som George Kistiakowsky i filmen "Oppenheimer".

HANDS ON: I historia om den første atombomba hamnar George Kistiakowsky ofte i skuggen av dei langt meir kjente fysikarane på Manhattanprosjektet. Men jobben han gjorde, var svært avgjerande for resultatet.

Foto: Universal Pictures

Mogleg dette er unødvendig å påpeike, men det er ikkje anbefalt å bore med tannlegebor i bomber. Men Kistiakowsky var kald som ein fisk.

Om 50 pund (22.7 kg) med eksplosiv går av i fanget ditt, så har du ingen bekymringar, svarte han i eit intervju om operasjonen fleire år seinare.

Etter fleire timar med boren i dei eksplosive linsene påstod Kistiakowsky at dei var så god som ny. Men det var ikkje dei andre forskarane like trygge på. Oppenheimer var eit nervevrak. Han følte at alt ansvaret kvilte på hans skuldrer og kjefta og smelte på den ukrainske kollegaen sin.

Og meir kjefting skulle det bli.

Å setje fyr på atmosfæren

Stemninga i forskargruppa var mildt sagt ganske frynsete under dei siste dagane og nettene før bombetesten. Det at ingen (inkludert Oppenheimer) visste kva som kom til å skje, gjorde at uroa spreidde seg i leiren.

Fleire av fysikarane diskuterte seriøst om atombomba kom til å sette fyr på atmosfæren og dermed utrydde heile menneskeslekta.

Dei fleste såg nok ikkje på dette som eit veldig sannsynleg utfall, men det vart i alle fall skrive nekrologar om alle forskarane på førehand, berre sånn i tilfelle ...

Cillian Murphy og Emily Blunt som J. Robert og Kitty Oppenheimer.

PÅ RANDA AV SAMANBROT: J. Robert Oppenheimer sleit med psyken før den første atombombe-testen og gjekk ned mange kilo. Den amerikanske hæren måtte lage ein backup-plan i tilfelle han klappa heilt saman.

Foto: Melinda Sue Gordon / Universal Pictures

Det fanst også andre ting som vekte bekymring. Dei fleste vitskapsmennene var fysikarar. Dei hadde peiling på proton og nøytron, men sjølve implosjonsbomba hadde dei ikkje snøring på. På dette området måtte dei stole fullt og heilt på den ukrainske kjemikaren. Men hadde eigentleg han Kistiakowsky-duden full kontroll på det han dreiv på med?

Nokre få dagar før bomba skulle gå av, begynte forskarane å samle seg rundt staden der ho skulle detonerast, på ein hemmeleg stad langt inni ørkenen. Då Kistiakowsky kom, natt til fredag den 13. juli 1945, vart han møtt med ei real skulebøtte frå Oppenheimer.

J. Robert Oppenheimer i 1953

SINT SJEF: J. Robert Oppenheimer.

Foto: AP

Det viste seg at tennmekanismen for bomba ikkje fungerte, noko som var Kistiakowsky sitt ansvar. Heldigvis trong ikkje bombeeksperten lange tida på å fikse mekanismen, i tillegg fann han grunnen til problemet. Ein svært nevrotisk Oppenheimer hadde testa mekanismen hundrevis av gongar, og dermed hadde han blitt overoppheta.

Oppenheimer fekk roa seg, men berre i nokre få timar. Dagen etter fekk han nemleg ein telefonsamtale som skulle få heile verda hans til å rase saman.

Det är jag som är döden

For at Oppenheimer skulle vere sikker på at bomba fungerte, bestilte han ei ekstra prøvesprenging eit døgn i førevegen. Denne testen før testen dreidde seg berre om dei eksplosive linsene utan plutoniumskjernen inni.

Men no hadde han fått beskjed om at eksplosjonen ikkje gjekk som han skulle. Dermed kom heller ikkje den ordentlege atombomba til å fungere. Og nok ein gong let han raseriet gå ut over den håplause kjemikaren sin.

Eg vart skulda for å øydeleggje prosjektet og audmjuke alle, har Kistiakowsky sagt i eit intervju.

Oppenheimer

DÅRLEG VÊR: I tillegg til tekniske utfordringar var testen også trua av uvêr i timane før detonasjonen. På bildet ser de Trond Fausa som George Kistiakowsky knelande til venstre.

Foto: Melinda Sue Gordon / Universal Pictures

Etterpå forsøkte også andre forskarar å snakke med ukrainaren. Det var på tide å legge seg flat og innsjå nederlaget. Men Kistiakowsky nekta; han var framleis sikker i si sak.

Så sikker var han at han tilbaud sjefen sin eit veddemål: ei månadsløn mot ti dollar på at bomba kom til å fungere. Oppenheimer tok han i handa og godtok veddemålet.

Nokre timar seinare kom kontrabeskjeden. Det viste seg at det hadde vore ein feil med målingane av prøvesprenginga. Det var dermed framleis ein sjanse for at bomba kom til å fungere, men det kunne dei ikkje vite sikkert.

Natt til den 16. juli 1945 var det ingen av forskarane som sov. Om Kistiakowsky hadde rett, kom verdas første atombombe til å gå av kl. 05:29. No hadde dei samla seg i ein bunker over ni kilometer unna og såg spent ut i mørkeret i retning der bomba skulle gå av.

Så – berre ti sekund før eksplosjonen sprang Kistiakowsky ut og opp på taket av bunkeren.

5 – 4 – 3 – 2 – 1 ...

Laster Giphy-innhold

På eit millisekund vart natt forandra til høglys dag, som om nokon plutseleg hadde opna dei tunge gardinene framfor soveromsvindauget. Fleire av tilskodarane vart blenda av lyset og fekk ikkje tilbake synet før eit halvt minutt seinare. Då fekk dei auge på ei diger lilla soppsky som steig og steig opp mot himmelen.

Så kom varmen mot dei som ein vegg. Dei skildra opplevinga som å stå rett framfor ein diger open peisomn. Nokre gret. Andre flirte. Dei fleste var stille. Oppenheimer skal ha sitert ei strofe få den heilage hinduistiske skrifta Bhagavadgita:

«Now I am become Death, the destroyer of worlds.»

Cillian Murphy som J. Robert Oppenheimer

VERDAS STØRSTE EKSPLOSJON: Atombomba var like kraftig som 20.000 tonn TNT. Eksplosjonen skal ha vore synleg frå planetane Merkur, Venus og Mars.

Foto: Universal Pictures

Lyden frå eksplosjonen nådde dei først etter 30 sekund, som eit kraftig torevêr som berre varte og varte. Medan Oppenheimer observerte verket sitt, kjente han plutseleg ei flat hand som slo han på ryggen.

Det var Kistiakowsky som endeleg hadde kome seg opp på føtene etter at lufttrykket frå bomba hadde slått han rett i bakken.

«Oppie», sa han. «Eg vann veddemålet.»

Atomalderen

Atmosfæren brann ikkje opp den natta i New Mexico, og alle forskarane overlevde. Men bomba markerte starten på ein ny epoke for menneska: atomalderen.

Under ein månad seinare vart bombene «Little Boy» og «Fat Man» sleppte over dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki. Om lag 135.000 menneske døydde direkte av eksplosjonane. Dødstala vart etter kvart dobbelt så høge på grunn av skadar og radioaktiv stråling.

To brør som overlevde angrepet på Nagasaki, 9. august 1945.

NAGASAKI: To brør som overlevde angrepet på Nagasaki, 9. august 1945.

Foto: Yosuke Yamahata / AFP

Japan overgav seg like etterpå. Bombene markerte dermed sluttpunktet for den andre verdskrigen.

Forskarane i Manhattanprosjektet hadde naturlegvis ingen påverknad på korleis militæret valde å bruke bombene. Men fleire av dei sleit med store samvitskvalar resten av livet.

♦♦♦

11. juli 2023 trådde Trond Fausa opp den raude løparen på verdspremieren for «Oppenheimer» i Paris.

Skodespelarane på verdspremieren for filmen "Oppenheimer"

«OPPENHEIMER»: Trond Fausa, Matt Damon, Robert Downey jr., Cillian Murphy, Emily Blunt, Christopher Nolan og Jason Clarke.

Foto: Olivier Vigerie / Universal Pictures

Filmen blir prisa opp i skyene, og LA Times' kritikar kallar han Christopher Nolans mest imponerande film. Regissøren sjølv meiner J. Robert Oppenheimer er den viktigaste mannen som nokon gong har levd og kallar livshistoria hans for både ein draum og eit mareritt.

Utan Oppenheimer hadde verda vi bur i, vore ganske annleis. Det hadde ho også vore utan den ukrainske kjemikaren hans: George Kistiakowsky.

PS: «Oppenheimer» har premiere på norske kinoar fredag 21. juli.

Vil du lære meir om korleis ei atombombe fungerer? Då bør du lese denne saka:

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Send meg ein e-post! Resten av NRK Kulturs langlesingar finn du her