Hopp til innhold
Anmeldelse

Gnurande grunge­folk

Johanna-Adele Jüssi utforskar mørk og kornete grunge­folk frå ein oppdikta stad. Eg skjønar det ikkje heilt.

Bilde av Johanna-Adele Jüssi
Foto: Eirik Heim
Terningkast 4 Musikk

«Slåtter fra Gaupdalen IV»

Johanna-Adele Jüssi Trio

Folkemusikk

2024

«Slåtter fra Gaupdalen IV» er eit variert album som utforskar eit breitt spekter av kjensler og sinns­tilstandar. Stundom blir eg heilt rive med av musikken, andre gongar er låten ferdig før eg veit ordet av det.

Spørsmålet er om ikkje musikarane burde forplikta seg meir til dei ulike partia i låtane deira.

Spenstig blanding

Dette er det fjerde albumet med slåttar frå den fiktive staden Gaupdalen.

Dei tre første albuma er mektig imponerande, kondenserte kraft­ytringar. Den estiske, målselvbusatte fele­spelaren Johanna-Adele Jüssi er god på å foreina tradisjonelle element frå estisk, nordtrøndersk, shetlandsk og annan nord-europeisk folkemusikk.

Innverknaden frå andre sjangrar som jazz, elektronika og samtids­musikk er òg tydeleg. Det gir eit godt utgangs­punkt for eit spennande album.

Bilde av Johanna-Adele Jüssi

MANGE JERN I ELDEN: Johanna-Adele Jüssi kjem frå Estland, men bur i Målselv. Ho er kvalifisert i A-klassen på vanleg fele på landskappleiken, og er i år mellom anna aktuell som musikalsk leiar for førestillinga «Village People» som utviklast saman med den anarkistisk organiserte dansegruppa Kartellet. I tillegg er ho vald ut som deltakar på Northern Expo for Bodø24.

Foto: Eirik Heim

Jüssi har ei markant og personleg energi i spelet sitt. På dette albumet kjem det fram gjennom ei spenstig boge­føring, noko ein kan høyra på dei mange låtane med elleville arpeggio-sekvensar. Det tilfører mykje rørsle og intensitet og gir musikken ein god driv.

Det er òg noko med måten ho nyttar arpeggio-teknikken på som minner om den propellerande musikken til Philip Glass.

Det får meg til å tenka at fleire spor på dette albumet vil vera veleigna som film­musikk. Det har liksom ein forteljande kvalitet.

Høyr til dømes på «När solen»:

Albumet eksperimenterer med forskjellige klangar og har eit stadig skiftande temperament, men den gjennomgåande, temmeleg djupe klangen bind albumet godt saman.

Eg tykkjer òg at fleire av låtane vekker assosiasjonar til grunge, delvis på grunn av det forvrengte gitar­spelet til Bendik Lund Haanshus og den djupe brumminga frå kontrabass-strengene til Christo Stangness. Saman gir dei musikken eit råare, forvrengt og kornete lydbilde.

På låtar med meir opprørske under­tonar, til dømes frå gitar­forsterkaren, er likskapen til Nirvana eller Pearl Jam faktisk ikkje så langt unna – og når det kornete spelet er gjort overtydande, fungerer det veldig godt.

Grunge­folk vil eg gjerne høyra meir av.

Døme på ein god grungelåt kan vera «SenjaPåls»:

Merkeleg innramming

Gaupdalen er eit imaginært rike som realiserast gjennom musikken til Johanna-Adele Jüssi. Staden verkar for meg som eit forsøk på å frigjera seg frå rammene og forventingane som den stadbundne folke­musikken kan generera.

Det kan òg vera ein måte å foreina dei mange folkemusikk­tradisjonane Jüssi har vore innom i livet sitt, og samla dei splittingane i tradisjons­spelet som Jüssi sjølv kjenner på.

Uansett så slit eg med å forstå denne innramminga av musikken, og dette gjeld for alle fire albuma. Kvifor skal musikken komma frå ein fiktiv dal?

Musikken har tydelege band til svensk, nordtrøndersk eller estisk musikk, og Gaupdalen blir for meg eit hinder som fjernar musikken frå den historiske og reelle føresetnaden ho faktisk har.

Folkemusikk har historisk sett alltid reist på tvers av lande­grenser og kulturar, blanda seg og blitt utvikla i nye retningar, og eg forstår ikkje kva denne skapte dalen rommar som røyndomen ikkje gjer.

Ubalanse mellom delane

Ei anna utfordring med somme av låtane på albumet er det som kanskje skuldast ein ubalanse i låtstrukturen.

Eit døme på dette er låten «Plan B». Etter over eitt minutt med ypparleg oppbygging frå kontrabass og gitar speler Jüssi ei fin vals. Men ho speler berre halvannan runde av melodien før musikken glir tilbake i ei lausare riffing. Det er ikkje nok til at eg kjem ordentleg inn i låten.

Proporsjonane stemmer liksom ikkje heilt, og musikken går frå ein seksjon til ein annan før partiet kjennest ferdig.

Eg blir i tvil på kva låten vil fortelja meg, kva eg skal kvila i, fokusera på, og ender opp med å sitja att uroleg etter at ho er ferdig.

Det er noko søkande ved musikken til Jüssi. Det likar eg godt, for det tyder at eg ikkje veit kva eg kan forventa frå ho, at ho held meg nysgjerrig og spent. Musikken er full av delikate rørsler og forflyttingar, noko som gir meining med tanke på alle stadene Jüssi har budd og vore innom, men musikken kunne med fordel ha gått djupare inn i seg sjølv.

«Slåtter fra Gaupdalen IV» møter folke­musikk med sterk iver og musikalsk nysgjerrigheit, men den kunstige settinga av Gaupdalen verker som ei unødvendig avsporing.

Hei!

Eg er frilansar og folkemusikkritikar i NRK. Har du tips til noko eg burde høyrt, eller tilbakemelding på noko eg har skrive? Send meg gjerne ein e-post!