Hopp til innhold
Anmeldelse

Imponerande, men ikkje fascinerande

Med «Seiersbyen» kjem Salman Rushdie med rette ord i rett tid. Men trong han verkeleg så mange?

Salman Rushie og omslaget til Seiersbyen

VIRTUOST: Salman Rushdie byggjer sinnrike konstruksjonar og har kontroll på det heile. Men det virtuose får noko mekanisk over seg.

Foto: JOEL SAGET/AFP/ASCHEHOUG
Bok

«Seiersbyen»

Salman Rushdie

Oversatt av Kirsti Vogt

Roman

17. mars 2023

Aschehoug

Salman Rushdie er ikkje berre ein forfattar, han er i tillegg både ein skjebne og ein standard for integritet:

Trass i døds­dommen for blasfemi som Khomeini kasta på han i 1989, har han stått imponerande stødig i kampen for ytrings- og trus­fridom.

I fjor mista han synet på eit auge då han vart knivstukken mens han heldt eit føredrag.

Har ord makt? Spør Salman Rushdie.

Det store enke­bålet

Og ord står sentralt i romanen «Seiersbyen», men først må byen og handlinga plasserast.

Vi skal til konge­riket Bisnaga som ifølgje romanen eksisterte på det indiske sub­kontinentet frå 1300-talet og 300 år framover.

Uro prega området før konge­riket vart grunnlagt. Etter nok eit meinings­laust slag tek krigs­enkene affære: Dei tenner opp eit bål og går inn i det.

Ni år gamle Pampa Kampana står hand i hand med mor si og ser på enke­bålet. Så ristar mora seg laus frå grepet til dottera og går inn i bålet utan ein gong å seie farvel.

Pampa treng hjelp frå høgare makter og får det. Ei gudinne talar gjennom munnen hennar og gjev henne fleire krevjande oppdrag og spår at ho skal leve i over 200 år.

Pampa Kampana grunnlegg Bisnaga på forbløffande vis og blir mektig dronning før ho fell i unåde og hamnar i eksil før ho nei, dette får halde ...

Det er feil, men det fungerer

Gjennom heile sitt lange liv skriv Pampa Kampana ned historia om Bisnaga på sanskrit. Like før døden stappar ho «Jayaparajaya», eit epos på 24.000 vers, ned i ei krukke som ho forseglar.

Og dermed er vi midt inne i det som historiene til Rushdie er laga av: mytar, løgner, misforståingar, brokkar og bitar, fabuleringar, skrøner, dikting.

I romanen har ein skrøne­makar i vår eiga tid fått tak på «Jayaparajaya». Romanen er hans versjon av eposet. Jaha, herr skrøne­makar, så du kan sanskrit?

Historia løyser seg opp, frå den tynne ramme­historia om skrønemakren og innover. Til dømes har Pampa Kampana kviskra slekts­historier og by­historie inn i øyra på innbyggjarane. Desse kviskra historiene er fri fantasi, men det fungerer.

Og vidare: By­namnet Bisnaga er bygd på ei misforståing. Ein portugisisk handels­mann greidde ikkje å uttale namnet «Seiers­byen» på det lokale språket. Bisnaga er feil ... men det fungerer.

Pampa Kampana har på ein måte dikta fram heile byen. Her vil ho skape eit samfunn der kvinner skal ha like rettar som menn, der alle skal få tru på kva dei vil, der kunst og litteratur står høgt og der både tilreisande og naboar skal møtast med respekt.

Eg røper ikkje for mykje når eg fortel at på same måte som dokke­makaren i romanen «Vrede» misser kontrollen over skapar­verket sitt, ja, så vil innbyggjarane i Bisnaga også leve sine eigne liv uavhengig av Pampa Kampanas idear.

Velretta spark

Salman Rushdie sender velkjende spark mot religiøse fundamentalistar, makt­glade politikarar og kunnskaps­lause bøller. Men når han konsevent undergerv førestillinga om at det finst ord som er eintydige og uforanderlege gjennom alle tider, ja, så utfordrar han både religiøse og politiske autoritetar.

Utan at namnet er nemnt, er det vanskeleg å ikkje tenkje på hindu­nasjonalismen til stats­minister Narendra Modi, når dei som trur på mange gudar, stadig barkar saman med dei som trur på ein. Her handlar det naturlegvis om hinduar og muslimar.

Sparka kjem frå ein skrøne­makar som tolkar versa til ei kvinne som dikta ein by og som etter kvart har ting både å bort­forklare og å hemne.

Ord har makt, og Rushdie legg opp til at lesaren skal møte dei med kritisk sans.

Narendra Modi

ANTYDNING: Delar av handlinga i «Seiersbyen» trekker parallellar til Indias noverande statsminister, hindunasjonalisten Narendra Modi, meiner NRKs anmelder.

Foto: PRAKASH SINGH / Afp

Sett frå stor avstand

«Seiersbyen» er virtuos, smart, lærerik og full av litterære hint og overraskande vendingar.

Eg er imponert, men ikkje fascinert. Trass i eit svært rikt person­register, blir eg knapt kjent med nokon. Bak alle namna skjuler det seg små figurar med svært få eigen­skapar.

Skrøne­makaren studerer frå stor avstand korleis dei kravlar rundt og handlar i pakt med sin natur. OK, Pampa Kampana er eit heiderleg unntak. Ho har fleire sider.

Etter den formidable starten, etter at byen er på plass og kampen om makt og posisjonar er i gang, blir det noko mekanisk over handlinga.

Romanen kjennest for lang, trass i at han er på under 400 sider.

«Ord er de eneste seier­herrene» skriv Pampa Kampala til slutt i «Jayaparajaya».

Men sterkast er orda når dei skaper liv i personane.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.

Skjermbilde fra Brennpunkt om Khomeini og fatwa

BRENNPUNKT OM FATWA: 14. februar 1989 utsteder Khomeini fatwa over forfatter Salman Rushdie og alle som har hatt noe å gjøre med utgivelsen av boken. Hvordan opplevde forlegger William Nygaard å få en dødsdom hengende over seg?