Salman Rushdie
Vrede
Aschehoug 2002
Oversatt av Kari Risvik
Salman Rushdie er i uvanleg grad ein skapande forfattar. Han skrur frå kvarandre og koplar saman att saker, og slik tryllar han fram noko heilt nytt. På sitt beste kjem det både eventyrlege og intellektuelt stimulerande historier ut av denne aktiviteten. Men i romanen "Vrede" har skaparkrafta hoppa av sporet. Ironisk nok handlar boka om akkurat dette: Om skaparkraft som hoppar av sporet og kjem ut av kontroll.
Monstret som tek over
Malik Solanka er mannen som skaper verdas mest fantastiske dokker. I første omgang brukt i filosofiprogram på TV langt unna prime-time, men dokkehistoria tek heilt av. Det blir TV-seriar, bøker, leiker, dataprogram, kort sagt ein heil industri som lever sitt eige liv. Solanka har skapt eit monster som til slutt held på å ta livet av han.
Dette er spennande, ikkje minst fordi forfattaren veit betre enn dei fleste korleis det kjennest å ha skapt noko i sin eigen fantasi som verda grip fatt i og vender mot skaparen. Eg tenkjer sjølsagt på alt som skjedde etter romanen "Sataniske vers". Og det er spennande fordi han viser fram det kompliserte forholdet mellom teikn og ting.
For mange trådar
Men forfattar Rushdie nøyer seg ikkje med verkelege og virtuelle dokkemonster. Den stakkars Solanka blir herja med av Ødipus og rasande furier, eit halvt dusin Shakespeare-figurar og diverse science-ficionheltar. Han må målbere mediekritikk, USA-kritikk og sivilisasjonskritikk, og dessutan har han jo si eiga midtlivskrise å pleie, for ikkje å snakke om det raseriet som har gjeve romanen namn: Vrede.
No har ikkje Rushdie tidlegare heller vore den som har festa alle trådar pent og klipt av tustane etterpå, men denne gongen flagrar det meir enn godt er med lause endar, og hint i alle retningar.
Å lese denne romanen er som å bli stappa full av godteri for deretter å bli sendt opp i karusellen. Du burde ha vore dobbeltfornøgd, men er i staden berre ør og i dårleg stand til å forklare kva du har opplevd.
Av Marta Norheim
Kulturnytt, NRK P2, onsdag 8. mai 2002
Bearbeidet for nett av Torunn P. Westerfjell