Hopp til innhold
Anmeldelse

Smertefullt viktig

Folka bak «Ways of Seeing» tek tilbake definisjonsmakta over teaterstykket sitt, og over dramaet som fann stad etter teppefall.

Kombinasjon av omslaget til boka «Jeg skulle si storm. Boka om Ways of seeing»

PROVOKASJON: «Ways of Seeing» var teaterstykket som fekk opptil fleire statsmakter til å definere seg som offer då husfasadane deira vart filma av to innvandrarkvinner.

Foto: Forlaget Oktober
Bok

«Jeg skulle si storm. Boka om Ways of Seeing»

Pia Maria Roll, Hanan Benammar og Sara Baban (red.)

Sakprosa

August 2022

Forlaget Oktober

For å få orden på aktene i dette dramaet for scene og samfunn, må vi skru tida tilbake til hausten 2018.

Då gjekk teaterstykket «Ways of Seeing» på Black Box teater i Oslo. Totalt 725 personar løyste billett til framsyninga.

Våren 2019 gjekk justisminister Tor Mikkel Wara av, etter at sambuaren Laila Bertheussen vart sikta og seinare dømt til fengsel i eitt år og åtte månader for «angrep på demokratiet, brannstiftelse og trusler».

Fleire av dei som var med i teateroppsetjinga blei meldt til politiet og sikta, før sakene blei lagt bort. Alt dette som direkte resultat av denne framsyninga.

Det heilt eineståande etterspelet viser fram nettverk mellom media og politikarar på ein måte dei medverkande neppe hadde drøymt om.

Aldri før har eit teaterstykke spelt på ei norsk scene fått slike etterspel. Og aldri før har det vorte skrive så mykje i norske medium om eit teaterstykke. Begge deler med god margin.

Så: Treng vi ei bok om dette no, fleire år etter?

Hakeslepp, vår 2019

Eg var sjølv i tvil, men svaret mitt etter å ha lese gjennom den drygt 400 sider lange boka er eit rungande ja.

Det som gjer sterkast inntrykk i boka, er dokumentasjonen av korleis stykket vart tolka og fordømt av folk som ikkje hadde sett det.

Laila Bertheussen vart eit sanningsvitne: Skodespelarane Hanan Benammar og Sara Baban hadde på ulovleg vis gått inn i hagane til folk og filma inn i husa deira, for så å smelle dei opp på teaterscenen.

Då eg sjølv skulle sjå stykket på forsommaren 2019, var eg budd på kraftige inntrykk og etiske dilemma av typen: Kor langt kan kunstnarar gå for å få fram bodskapen sin?

Eg blei sitjande og måpe. Var det dette folk hadde øst seg opp for? Mitt eige hus er meir eksponert på Google Maps, og der står til og med adressene til folk, noko som ikkje blir vist på scenen.

Det er ingen personar med i bildet, og du ser ikkje inn gjennom vindauga. Ingenting var ulovleg.

Men kvifor måtte dei absolutt filme alle desse husa?

Det var fotograferinga som fekk saka til å rulle, og fleire av forfattarane i boka forklarer bakgrunnen som går om lag slik:

Ein av premissane for stykket er at overvaking og negativ omtale av innvandrarar. og særleg av muslimar, nører opp under rasismen i samfunnet. Rasismen gjer det i sin tur enklare å få gjennomført ein streng innvandrings- og asylpolitikk. Ei stadig meir intensiv overvaking av muslimar forsterkar kjensla av å ikkje høyre heime

Ideen med det famøse filmprosjektet var å snu overvakinga mot dei som overvakar og sponsorane deira. To unge kvinner frå Algerie/Frankrike og Syria snur kameraet og ser tilbake på folk frå politikk, media og overvaking som gjer livet vanskeleg for dei.

Provokasjonar og proporsjonar

Det går an å diskutere både premissar og sceniske verkemiddel i dette teaterstykket som har ein tydeleg politisk agenda og er ute etter å provosere.

Men, som boka viser, kom faktafeil inn i den store kverna frå første stund.

Media, som skal sjekke fakta og gå makta etter i saumane, slukte i urovekkjande stor grad opplysningar frå Rita Karlsen i Human Rights Service, Tor Mikkel Wara, Laila Bertheussen, Ingvil Smines og Christian Tybring-Gjedde.

Kritikken rammar også meg sjølv, som såg med eigne auge at medieversjonen av «Ways of Seeing» var heilt ute av proporsjonar, utan å melde frå verken i kommentarfelt eller andre stader.

Det mest provoserande i stykket er nemleg ikkje husfasadane, men korleis Benammar og Baban får fram erfaringar av kor utsett ein kan kjenne seg også i eit trygt land som Noreg.

Til det bruker dei eit breitt spekter av verkemiddel: poesi, musikk, erfaringar, draumar og historier både om kolonialisme og forsøk på å realisere politiske utopiar.

Summen av alt dette er eit teater med svært mange tematikkar og samanhengar som filtrar seg inn i kvarandre.

Teateranmeldelse: «Ways of Seeing»: «En forestilling det er viktig å se»

Ways of seeing på Black Box teater
Ways of seeing på Black Box teater

Bør bli pensum

Tilbake til boka.

I «Jeg skulle si storm. Boka om Ways of Seeing» er forfattarar, kritikarar, folk med erfaring frå antirasistisk arbeid og fleire av dei medverkande inne med tolkingar, forsvar, åtak, forklaringar, historikk, manifest, bakgrunnskunnskap og dokumentasjon. Det siste også i form av kollasjar av avisinnlegg og kommentarfelt.

Heile teaterteksten står til slutt, og ja, stillbilde av dei famøse husfasadane er også med.

Her finst også fleire sitat. Tittelen «Jeg skulle si storm» er henta frå ein tekst av Aimé Césaire, forfattar frå Martinique.

Det er ei salig røre der tematikkar, dokumentasjon og partsinnlegg er filtra saman. Slik sett speglar boka for så vidt stykket som er navet i heile historia.

Boka har lite av nye opplysningar. Det nye er sjølve samlinga, tolkingane, ettertankane og artiklar skrivne av utanforståande som er sympatisk innstilt.

Det er tankevekkjande å lese om Baban og Benammars erfaringar. Teaterkritikar Lillian Bikset leverer ein grundig og gjennomtenkt analyse. Ketil Lund skriv slentrande og sjølvironisk, og reflekterer over at han vaks opp i nabolaget til fleire av villaene på skjermen, og gjekk på epleslang hjå Kåre Willoch.

Men han leverer også knappe og urovekkande opplysningar om overvaking i Noreg, og er tydeleg på at statsminister Erna Solberg ikkje kunne snakke om folka bak stykket slik ho gjorde:

[…] hun uttalte seg på en måte som kunne oppfattes som innblanding i etterforskningen av saken […] Hun hadde ingen ytringsfrihet i denne situasjonen.

Ketil Lund i «Jeg skulle si storm. Boka om Ways of Seeing»

Sterke er også kollasjane av kommentarar og avisartiklar frå heile etterspelet.

Vi har her ei bok som først og fremst er viktig for mediefolk, kommentatorar, synsarar, politikarar og samfunnsborgarar.

Ikkje for at alle skal adoptere bokas måte å sjå på, men for å reflektere over kvar ein sjølv ser samfunn, maktforhold og ja, tilværet frå.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Våkenetter» av Christine Nitter, «Matrix» av Lauren Groff eller «Invictus» av Sunniva Lye Axelsen.

Hanan Benammar: – Folk fortjener å se alle aspektene ved det som skjedde

z-MuDrtzJg8
z-MuDrtzJg8