Ikkje ein kjortel er å sjå i «Kristin Lavransdotter» ved Det Norske Teatret. Men framsyninga dirrar av det som er sanseleg og heilagt: Kjærleik, jord og blod.
I år er det 100 år sidan Sigrid Undset gav ut siste bandet i trilogien om Kristin Lavransdotter, den ville, gudfryktige og eigenrådige jentungen frå Gudbrandsdalen.
SKREMMANDE: Som ungjente speglar Kristin seg i vatnet, ei skremmande oppleving for ungjenta, for bak ho står dei underjordiske og ventar. Som vaksen kvinne speglar ho seg att. No veit ho meir om livet.
Foto: DET NORSKE TEATRETNår forteljinga no vert maratonteater i regien til Kjersti Horn, er det ikkje mykje mellomalder å sjå. Ingen sverd, lafta tømmer, brurekrone eller voven ull.
Med det får kjenslene, driftene og det villaste, djupaste menneskelege ta plass og falda seg ut i ei framsyning der livet vert levd heilt opptil brestepunktet.
VART OG EKSPLOSIVT: Lidenskapen er sterk hjå Kristin. Det spelast ut både i vare og eksplosive scenar.
Foto: DET NORSKE TEATRETMellomalder på skjerm
Men det er ikkje slik at Horn har skrella mellomalderen heilt vekk. I kostyme og det visuelle: ja. Men ho har tatt eit anna, velkjend Horn-grep som er så mellomaldersk som du får det.
Ho lar videoregissør Mads Sjøgård Pettersen følga Kristin med kamera gjennom heile framsyninga slik at publikum ser nærbilete på dei tre store skjermane.
TETT PÅ: Storskjermane let publikum koma tett på Kristin og Erlend.
Foto: DET NORSKE TEATRETOm mellomalderen er det sagt at mennesket var lite i den store samanhengen, underlagt ulike herrar og ein fjern guddom høgt heva over ein.
Berre det at kyrkja sitt språk var latin, som få vanlege folk kunne, var med på å skapa ei kjensle av å vera berre eit lite sandkorn på ei strand.
Med dette perspektivet, under denne store himmelen, levde menneska sine liv.
Då kling det tilbake til den vesle forteljinga Kristin høyrer som lita jente. Om ein kvit stein på havbotnen:
Eigentleg eit døme på korleis Gud ser på det vesle, usle mennesket. Men her òg eit kunstnarleg grep.
Kamera zoomar inn og lar det einskilde mennesket sitt liv verta forstørra og løfta opp.
Slik sit publikum, langt frå mellomalderen, og vekslar mellom å sjå dei små menneska på scena spela ut livet og å sjå dei heilt tett og nært på skjermane.
Ein ser på dei, og ein får dei kjær.
Villjenta
No er det ikkje slik at Kristin Lavransdotter er særleg skrøpeleg. Villare og meir lidenskapeleg kvinne skal ein leita lenge etter i norsk litteratur.
TRULOVA: Simon Darre (Kristoffer Olsen) og Kristin (Sara Khorami) var trulova. Men ho vel han bort, ho vil heller ha Erlend. Det valet følger dei begge gjennom heile framsyninga.
Foto: DET NORSKE TEATRETSigrid Undset meinte det var for lite levd liv i litteraturen, og skreiv inn sterke, kvinnelege erfaringar med Kristin.
Det har knapt vore hardare å føde i norsk litteratur, knappast vore meir brystspreng, og, for 100 år sidan, knapt meir dirrande attrå enn den Kristin har for Erlend.
Å setta Sara Khorami i denne rolla, passar som hand i hanske. I henne vellar alle Kristin sine kjensler opp gjennom dei tre delane «Kransen», «Husfrue» og «Korset».
Ho elskar, føder, gret og rasar ustanseleg. Det er ei nydeleg rolletolking. Nærast perfekt.
STRÅLANDE: Sara Khorami gjer ei strålande rolle som Kristin Lavransdotter.
Foto: DET NORSKE TEATRETSlitsamt og fantastisk
Det er mykje å seia om denne tre-i-ein-framsyninga, og mykje det ikkje vert plass til å seia.
Åtte-ni timar i teateret er ei omfattande oppleving, slitsamt og fantastisk.
Det kan vera utmattande, men sjeldan kjedeleg. Med matpakke, vatn og god kaffi er ein berga.
Som ofte når Horn gjer store prosjekt, glepp det litt mot slutten. Tredje del var temmeleg uferdig på premieren. Men i sum er framsyninga kompromisslaus og heilt fantastisk. Ensemblet gjer ein vilt god jobb.
Det skal ta den tida det tar, det må ein berre tole. Det er mykje liv som skal levast, mykje lengsler og kropp, mykje føding (Kristin fekk åtte barn).
Det er jord og blod i spann på spann ut over ein plastdekt scene: Dette er det skitne og heilage livet.
BLODIG: Jord, blod, vald og plast. Store krefter spelar seg ut i mellomalderhistoria om Kristin Lavransdotter. Her Preben Hodneland som Erlend Nikolaussønn.
Foto: DET NORSKE TEATRETLive-strøyma tidskapsel
Ein plastduk skil scena frå publikum – som om dei spelar i ein slags tidskapsel.
Videogrepet, med Kristin og hennar liv så langt vekke og likevel så tett på, set fingeren både på mellomalder og samtid. På våre live-straumar, tilstanden der alt hender nett no, og samstundes livet på 1300-talet der alt stod på spel for det vesle mennesket under den store himmelen.
TRØYSTER: Ane Dahl Torp som mora Ragnfrid og Ina Svenningdal som Kristin si veslesyster Ramborg.
Foto: DET NORSKE TEATRETEi framsyning som dette kan ikkje finna stad utan stor tru på at å feila og bomma er klokt, at ein har funne ei slags tryggleik i nett det.
Slik har Kjersti Horn alltid jobba – det får bera eller bresta.
Når Horn og skodespelarane får svinga seg rundt og siste del av framsyninga òg sit spikra, vil «Kristin Lavransdotter» stå att som det største Horn har gjort – til no.
Og etter all hennar prøving, feiling og sigrar opp igjennom, seier ikkje det så reint lite.
Hei!
Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Tryllefløyta» ved Det Norske Teatret, «Kokosbananas og moromaskinen» ved Teater Ibsen, eller «En folkefiende» ved Oslo Nye Teater.
KRISTIN LAVRANSDATTER PÅ EITT MINUTT: Sjå klippet frå TV-serien «Brenners bokhylle».
OM SIGRID UNDSET I «BOKPROGRAMMET»: Mange meiner at Sigrid Undset er Noregs største forfattar. Men har ho fått plassen i litteraturhistoria som ho fortener her i Noreg? «Bokprogrammet» drog til New Mexico og New York i USA for å snakke med omsetjare og forleggarar om Sigrid Undset. (Frå 2013)