Hopp til innhold

Jon Fosse får nobelprisen i litteratur

Nordmann får den prestisjetunge prisen for første gong på 95 år, samt første nynorskforfattar nokosinne. – Eg er overvelda og noko skremt, seier den ferske nobelprisvinnaren.

– Nobelprisen i litteratur 2023 går til Jon Fosse for hans nyskapande dramatikk og prosa som gir stemme til det useielege.

Slik var grunngjevinga frå Svenske Akademien då dei annonserte kven som blir tildelt nobelprisen i litteratur.

Vidare trekte juryen fram at Fosse har vist heilt spesielle evner som dramatikar heilt frå starten. Han får ros for si heilt spesielle og særeigne måte å skrive på.

– Eg blei overraska, men samtidig ikkje

Fosse seier til NRK at det er ei stor anerkjenning å få tildelt denne prisen.

– Eg blei overraska då dei ringde, men samtidig ikkje. Eg har forsiktig førebudd meg på at dette kunne skje dei ti siste åra. Det var ei stor glede for meg å få telefonen!

Jon Fosse på Frekhaug kai

Fosse fekk telefon med bodskapen litt før alle andre i dag. Og sidan har telefonen pipe og ringt i eitt sett, seier Fosse som hadde reist til Frekhaug i Nordhordland for å skjerme seg dersom han vann nobelpris.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Det hadde vore spekulasjonar om at Fosse mogleg skulle få nobelprisen i forkant, noko det har blitt spekulert nesten kvart år sidan 2001.

Tilbakedregen feiring med familien

Til vanleg bur Jon Fosse i Grotten, staten sin kunstnarbustad sentralt i Oslo, men har i dette høvet reist til Frekhaug i Nordhordland for ei tilbakedregen feiring saman med familien.

– Eg skal prøve å glede meg over prisen, seier Fosse til NRK.

Sjølv om han anerkjenner at å få nobelpris er den største prisen ein kan få innanfor litteraturen, jublar Fosse mest for nynorsken i dag.

– Eg er glad for nynorsken sin del.

Hans Olav Brenner møter den private forfatteren som slett ikke er redd for sannheten, men som har noe han ikke kan si.

Hans Olav Brenner møter den private forfatteren som slett ikke er redd for sannheten, men som har noe han ikke kan si.

Samlaget: – Ikkje til å tru

Redaktør i Samlaget, Cecilie Seiness, er over seg av begeistring kort tid etter at ho fekk vite at deira eigen forfattar får nobelpris.

– Det er ikkje til å tru! Eg skjelv på hendene. Dette er ein stor dag for Jon Fosse og Samlaget – og nynorsken ikkje minst!

Samlaget får vite at Fosse får nobelpris

Her får Samlaget vite at Jon Fosse får nobelpris. Då NRK møtte redaktør Cecilie Seiness (til venstre) dagen før, hadde ikkje forlaget rigga til fest. Men det stod ein sider frå Hardanger i kjøpeskåpet, sånn i tilfelle. No får dei nok bruk for bobler.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Statsministeren gratulerer

Gratulasjonar frå inn- og utland har rent inn sidan nyheita vart kjend. Forfattarkollega Jo Nesbø, kulturminister Lubna Jaffery og leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, er blant dei som sender sine gratulasjonar.

Også Statsminister Jonas Gahr Støre hyllar Fosse i dag. På Twitter/X skriv han:

– Nobelprisen i litteratur til Jon Fosse! Ei stor anerkjenning av eit eineståande forfattarskap som gjer inntrykk og rører ved menneske over heile verda. Heile Noreg gratulerer og er stolte i dag!

Første gong på 95 år

Sist gong ein nordmann fekk Nobelprisen i litteratur var årstalet 1928 og mottakaren Sigrid Undset.

No er året 2023 og vinnaren heiter Jon Fosse.

Nynorskforfattaren føyer seg dermed pent inn i rekka av store, norske forfattarnamn som tidlegare har fått tildelt den prestisjefulle prisen.

I kronologisk rekkefølge: Bjørnstjerne Bjørnson (1903), Knut Hamsun (1920), Sigrid Undset (1928) og i år, Jon Fosse.

Historisk dag for nynorsken

Det er den første nynorskbrukaren som får tildelt Nobelprisen i litteratur.

– Ikkje minst vel eg å sjå pristildelinga som ein pris til nynorsken og til den nynorske målreisinga. Anten eg vil eller ei, må eg ei sannings namn takka nynorsken for prisen, seier Fosse.

Sjølv Jon Fosse i år markerer eit 40 år langt forfattarskap, har han ikkje tenkt til å gje seg.

– No er jo det å dikte og skrive ein måte å leve på for meg, så eg kjem nok ikkje til å gje meg så lenge eg greier å skrive. Eg kjem til å skrive på som før.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.