Hopp til innhold
Anmeldelse

Fascinerande KI-horror

Kva skjer når KI møter Shakespeare? Det blir blodig, morosamt og ettertenksamt teater.

Fra Macbeth ved Teater Innlandet
Foto: Lars Opstad
Terningkast 4 Teater

«aka Macbeth»

Teater Innlandet, Hamar

23. november 2023–24. januar 2024

«Da jeg var liten jente, tenkte jeg: Hvordan kan jeg få størst mulig innvirkning på verden? Jeg forsto at jeg måtte bygge noe som kunne lære seg å bli smartere enn meg selv.»

Slik startar «aka Macbeth» ved Teater Innlandet på Hamar.

Ei under­fundig fram­syning om hovmod og attrå etter makt.

I sentrum står kunstig intelligens og Shakespeare sin tragedie «Macbeth». Og, sjølvsagt, menneska si aldri kvilande tru på å få herre­dømme over skapnaden.

Fra Macbeth ved Teater Innlandet

Scenen på Teater Innlandet er eit laboratorium. Nede i labstasjonen står Ella Iversen Strømbu. Over henne: Superhjernen, som ho nesten ser på som ein far. Under hjernen: Kjølerom. På scena: Lars Erik Holter, Torbjørn Davidsen og Kari Holtan. Scenografien er laga av Alexandr mo-lu.

Foto: Lars Opstad

I fram­syninga «aka Macbeth» freistar menneska å få kontroll over sin eigen art, herre­dømme over kropp og framtid.

Til det nyttar dei kunstig intelligens kopla opp mot «Macbeth» og ei ståltru på transhumanismen.

Når Teater Innlandet lar teater­gruppa De Utvalgte få utfalda seg i lag med regissør og skode­spelar Lars Erik Holter, vert det ei fram­syning som krev at tilskodaren opnar sansane sine, ei fram­syning med tygge­motstand.

Trans­humanistiske eksperiment

Scenen på Hamar er eit laboratorium.

Her vert det forska på mennesket og på moglegheitene teknologien opnar for. Trans­humanismen vil forbetra mennesket, og gjennom kunstig intelligens kan det bli noko anna, noko større.

Det kokar ned til spørsmålet om evig liv. Eller til eit spørsmål om kropp og kjøt: Korleis fjerna det skrøpelege ved mennesket?

Fra Macbeth ved Teater Innlandet

KJØTT OG BLOD: På scenen blandast det Shakespearianske med det moderne. Her Lars Erik Holter, som saman med De Utvalgte står bak framsyninga ved Teater Innlandet.

Fra Macbeth ved Teater Innlandet

Skodespelar Kari Holtan i «aka Macbeth».

Gjennom ulike laboratorie­forsøk, det eine villare enn det andre, er det dette som er målet: Det perfekte, evigvarande, kontroller­bare mennesket.

Difor er det interessant at kroppen det vert forska på, har synlege skavankar: Lars Erik Holter haltar litt og har innimellom vondt for å setta seg ned og reisa seg opp.

Men han siterer Shakespeare på den nydelegaste hedmarks­dialekta, har kontroll over alle dei fine, små delane av språket: rytmen, orda, tydingane – kunsten i det.

Det KI aldri vil kunna gripa, det representerer han – og Shakespeare.

Fra Macbeth ved Teater Innlandet

YNGST PÅ SCENEN: Ella Iversen Strømbu er nydeleg i framsyninga, skriv NRKs kritikar.

Fra Macbeth ved Teater Innlandet
Fra Macbeth ved Teater Innlandet
Fra Macbeth ved Teater Innlandet

Vill og dystopisk

Dette vert kopla på «Macbeth», ein blodig tragedie om makt og posisjonar og kva ein er villig til å gjera for å oppnå konge­makt og herre­dømme.

«aka Macbeth» er ikkje ei tradisjonell Shakespeare-framsyning, men eit forsøk, ei utprøving av kombinasjonen mellom makt, teknologi og attrå når ein tenker seg at moglegheitene er uendelege.

Framsyninga inneheld gode dosar horror og referansar til forsking og dystopiske scenario – i tillegg til ein super­hjerne, ein nydeleg barne­skodespelar (Ella Iversen Strømbu), dei villaste laboratorie­forsøk og eit video­design som utvidar historia på scena.

I tillegg ein gravid mann, ein rektal klone-fødsel, hjerne­operasjonar og kjøle­rom til forskings­objekta. Og i tillegg ei eiga luke for teater.

Fra Macbeth ved Teater Innlandet

Dei som kjem for å sjå «Macbeth» får det spelt ut i ei lita teaterluke. Nokre gonger viser ho moglegheitene som ligg i transhumanismen, andre gonger vert Shakespeare spela ut, som her. Frå venstre: Lars Erik Holter, Kari Holtan. Utanfor luka: Ella Iversen Strømbu. Boya Bøckman sitt videodesign er verknadsfullt i framsyninga.

Foto: Lars Opstad

Krev refleksjon

Kva vil denne framsyninga?

Ta publikum med på reisa inn i spørsmåla, inn i trua og tvilen på framstega, inn i hovmodet. Den glatte kunstige intelligensen kan aldri måla seg med det skitne, skrøpelege – og til tider avgrensa – menneske­livet.

Men det vert òg mykje å ta inn. Mykje å halda merksemda fast i, mykje å lura på om ein skjønar eller ikkje.

Fra Macbeth ved Teater Innlandet

EVIG LIV: «Skal vi berre la oss frysa ned? Ja, det gjer vi!» Saman for ei udøyeleg framtid – trass i åtvaringa på skjermen bak. Frå venstre: Torbjørn Davidsen, Kari Holtan og Lars Erik Holter.

Foto: Lars Opstad

«aka Macbeth» er morosam, her er mellom anna nokre operasjons­scenar eg seint vil gløyme. Framsyninga er open – ho er det du vil ho skal vere, det du som tilskodar legg i ho. Og fordi ho er open – og krevjande – kan ho gje mykje tilbake.

Slik det er når De Utvalgte gjev seg i kast med sine prosjekt. Så er det ikkje Macbeth som står sterkast att i minnet når framsyninga er ferdig, kan hende. Men kanskje heller det til tider latterlege behovet for over­menneskeleg kontroll.

Og kor bleikt alt dette er når det vert samanlikna med visdommen og det vakre i ei linje og to frå Shakespeare.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.