Hopp til innhold

«Fedrelandet» er Noregs Oscar-håp

– Ein eksistensiell og inderleg dokumentar, seier den norske Oscar-komiteen om kandidaten.

Jørgen Mykløen skuer ut over Oldedalen i «Fedrelandet».

Jørgen Mykløen skodar utover Oldedalen i filmen «Fedrelandet».

Foto: Norsk Filmdistribusjon

«Fedrelandet» er Noregs neste Oscar-kandidat.

Det kunngjorde leiaren av komiteen, Kjersti Mo, fredag.

Det er ein film som tek opp tema som rører ved oss alle som menneske på jorda, meiner dei.

Dokumentar for første gong

Den norske Oscar-komiteen kallar «Fedrelandet» for «ei meditativ skildring av norsk natur og ein far som er tett knytt til dette landskapet».

– Det er ein eksistensiell og inderleg dokumentar som viser korleis naturen er trua av klimaendringar og som samtidig skildrar slekters gong. Dette er første gong ein dokumentarfilm blir norsk kandidat i kategorien for beste internasjonale film, skriv NFI i ei pressemelding.

Kjersti Mo fra NFI med regissør for Fedrelandet Margret Olin

Kjersti Mo frå NFI med regissør Margreth Olin.

Foto: Astrid Johanne Sørnes / NRK

Tre norske filmar kjempa om plassen

Det var knytt stor spenning til kva for norsk film som ville bli den neste Oscar-kandidaten.

Tidlegare denne veka annonserte den norske Oscar-komiteen at det stod mellom spelefilmane «Ellos Eatnu – La elva leve» og «A Happy Day», og dessutan dokumentarfilmen «Fedrelandet».

– Dette er tre filmar den norske Oscar-komiteen meiner kan ha gode moglegheiter til å skilje seg ut i konkurransen om ein Oscar i kategorien beste internasjonale film, skreiv Norsk filminstitutt etter filmane var annonsert.

No står «Fedrelandet» att som Noregs Oscar-håp.

Jørgen Mykløen på isbre. Fra filmen Fedrelandet.

Margreth Olins far Jørgen Mykløen vandrar over brear i dokumentaren «Fedrelandet».

Olin: – Betyr enormt mykje

Regissør og produsent Margreth Olin var sjølv til stades under annonseringa fredag, ho sa at det betyr enormt mykje å bli valt ut og «ein ære å få representere Noreg».

«Fedrelandet» følgjer Olins 85 år gamle far, Jørgen Mykløen, i Oldedalen i Nordfjord.

Filmen handlar om hans liv, levd i balanse med naturen, omkransa av fjell, kalvande brear og eit yrande dyreliv.

At det nettopp er ein dokumentar som blir vald ut som Noregs kandidat til kampen om å få ein Oscar, er viktig, seier Olin.

– Vi lever i dokumentarens gullalder, seier ho.

Faren til Olin, som bér hovudrolla i filmen, har allereie gjort klar dressen, om det skulle komme ein nominasjon.

– Pappa sa til meg i går at han har tatt dressen ut av skapet, børsta litt på han, og at han er veldig klar til å dra på tur viss det blir sånn at vi blir nominert, seier Olin til NRK.

Filmskaper Margreth Olin, sammen med faren Jørgen Mykløen og Liv Ullmann, på premieren på filmen Fedrelandet.

Filmskapar Margreth Olin, saman med faren Jørgen Mykløen og produsent Liv Ullmann på premieren av «Fedrelandet».

Foto: Javier Auris

Tek over stafettpinnen etter «Krigsseileren»

Alle internasjonale Oscar-bidrag skal vurderast av ein internasjonal komité som etter kvart skal lage ei kortliste på 15 filmar. Lista vil etter kvart kuttast ned til fem offisielle nominasjonar.

Berre seks gonger tidlegare har norske filmar blitt nominert i kategorien.

Den nye Oscar-kandidaten tek over stafettpinnen etter «Krigsseileren» som i fjor var kandidaten i konkurransen om å bli nominert til kategorien beste internasjonale film.

Les også «Krigsseileren» er Norges Oscar-kandidat

Krigsseileren

Krigsfilmen gjekk derimot ikkje vidare til den siste og avgjerande runda og fekk derfor heller ingen Oscar-nominasjon.

Håpet er no at årets kandidat greier det «Verdens verste menneske» greidde for to år sidan. Dei fekk heile to Oscar-nominasjonar.

Les også Ingen Oscar til Norge

Verdens verste menneske

– Vi skal gjere vårt aller beste

No står det att å sjå om det norske bidraget greier å hente heim ein Oscar-statuett i 2024, og jobben for å bli valt har allereie starta, seier Olin.

– Vår kampanje startar i dag! Vi køyrer no Oscar-løp i to kategoriar, beste internasjonale film og beste lange dokumentar. Eg reiser til Malmø i kveld for visning på Nordisk Panorama i morgon og gallapremiere i Stockholm på søndag.

Fedrelandet blir Norges Oscar-kandidat

Her blir «Fedrelandet» annonsert som Noreg sin neste Oscar-kandidat.

Foto: Astrid Johanne Sørnes / NRK

Ho legg til at dei har med seg eit sterkt internasjonalt team, produsentar frå fleire land og nokon av dei beste salsagentane innanfor dokumentarfeltet.

«Fedrelandet» skal dessutan distribuerast i mange land, snart har filmen også premiere i USA.

– Vi skal gjere vårt aller beste for å bli nominert, seier Margreth Olin.

Den prestisjetunge Oscar-utdelinga føregår i Los Angeles i USA 10. mars neste år.

Les også Hyller foreldrene i ny film – mistet moren rett før premieren

Margreth Olin tørker tårer

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP