Hopp til innhold

«Rasande» etter at Navalnyj-dokumentaren fekk Oscar

Ein Kyiv Independent-journalist skriv at mange ukrainarar ser på sigeren til «Navalny» som «openbert hykleri». – Dei avviser alt som er russisk, meiner ein norsk ekspert.

Yulia Navalnaja takka for Oscarprisen sammen med datteren Dasja

Julia Navalnaja tok imot prisen for beste dokumentar, og heidra mannen sin som demokratiforkjempar.

Foto: Chris Pizzello / AP

Under Oscar-utdelinga natt til måndag, vann dokumentarfilmen «Navalny» den gjævaste prisen for sin sjanger.

Russiske Aleksej Navalnyj blei utsett for eit drapsforsøk med nervegifta novitsjok i 2020. Han meiner personar knytte til den russiske tryggingstenesta FSB stod bak.

Navalnyj fekk sjukehusbehandling i Tyskland, reiste så til heimlandet, og blei der arrestert. Han er dømd til 11 år i fengsel for underslag, men hevdar sjølv at skuldingane er falske.

Filmen «Navalny» handlar om Navalnyj sin kamp mot det russiske autoritære regimet, og er produsert for CNN.

Den russiske opposisjonspolitieren Aleksej Navalnyj

Aleksej Navalnyj held framleis kontakten med omverda på Twitter.

Foto: Pavel Golovkin

Den ukrainske journalisten Kate Tsurkan seier mange meiner at Oscar-akademiet viste «openbert hykleri» då det valde ut filmen som vinnar.

– Problemet her er ikkje at ein dokumentar om Navalnyj vann ein Oscar. Det er haldninga til den russiske opposisjonen generelt, står det i kronikken hennar i Kyiv Independent.

– Ukrainarar over heile verda er rasande, skriv ho.

Blant dei ukrainske kritikarane politikarar, underhaldningsprofilar og journalistar, og argumenta går i bane rundt den russiske invasjonskrigen.

Nei til presidenttale

Sist veke blei det kjent at Oscar-akademiet hadde takka nei til å la Ukrainas president Vlodomyr Zelenskyj få snakke til forsamlinga gjennom ei videokopling på storskjerm, skriv Variety.

Magasinet melder at produsenten av prisutdelinga, Will Packer, hevda at krigen berre fekk merksemd av Vesten fordi dei som er påverka av den er kvite.

-

Ein ukrainsk brukar seier seg sjokkert over at Navalnyj si kone fekk tale på scena, men ikkje Volodymyr Zelenskyj.

Dette blei sagt i fjor, som var den første gangen akademiet takka nei til Zelenskyj sin tale.

Sidan då har den ukrainske presidenten talt til publikum på filmfestivalen i Cannes, prisutdelingane Grammys og Golden Globes, og ringt i opningsbjølla på børsen i New York.

Arrangørane har ikkje villa kommentere saka til magasinet, men sa til Deadline at dei ønskte å halde seg vekke frå politikken under seremonien i år.

Likevel fekk den kinesiske skodespelaren Donnie Yen, som har koplingar til det kinesiske kommunistpartiet, lov til å presentere ein pris.

Ein av konkurrentane i dokumentar-kategorien var «Eit hus laga av trefliser», som handlar om Ukraina i krigstid.

Regissør Azad Safarov reagerte slik i eit langt innlegg på Facebook:

– Vi fekk det bevist atter ein gong at russisk propaganda verkar skikkeleg godt, og veit korleis den skal løfte fram liksom-heltar der heltar ikkje finst, skriv han.

– Så vi har framleis ein jobb å gjere.

Azad Safarov (høgre) på Oscar-utdelinga i helga.

Regissør Azad Safarov saman med medlem av det ukrainske filmteamet på Oscar-utdelinga.

Martyr eller skurk?

Nokre av kritikarane viser til Aleksej Navalnyj sine utsegn då han var opposisjonspolitikar i Russland. I eit intervju med Ekho Moskvy i 2014 sa han dette:

– Trass i at Krim blei annektert og det var eit openbert brot på alle internasjonale normer, trur eg likevel at Krim i realiteten no er ein del av den russiske føderasjonen.

– Lat oss ikkje lure oss sjølve, og eg anbefaler på det sterkaste at ukrainarar heller ikkje lurer seg sjølve. Krim vil bli verande ein del av Russland.

-

Ein aktivist frå Krim viser til Navalnyj sine utsegn om at halvøya bør halde fram med å vere ein del av Russland, og seier Krim burde frigjerast i staden for han.

Natalia Moen-Larsen er seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), og har forska på fortida til Navalnyj.

– Når det er krig, så blir motparten sine posisjonar veldig polariserte. For mange ukrainarar representerer Navalnyj no kven som helst i den russiske politikken, seier ho.

– Dette underbygger igjen eit poeng om kollektivt ansvar for krigen i Ukraina som ligg på alle russarar.

Ho seier likevel at Navalnyj har nokre «skjelett i skapet», som ein video der han blant anna samanlikna innvandrarar med kakerlakkar.

– Nasjonalismen hans var veldig framandfiendtleg. Han såg føre seg at det var den russiske gruppa mot dei muslimske «andre». Dei han snakka mest om på bloggen sin var tsjetsjenarar, faktisk.

--

Natalia Moen-Larsen er seniorforskar ved Nupi.

Foto: NUPI

Moen-Larsen seier han aldri eksplisitt har teke avstand frå slike utsegn, men snakka gradvis mindre om andre folkegrupper og innvandring då han blei meir kjent i Russland.

– For den demokratisk orienterte delen av det russiske folket som brukar internett, så er han symbol på eit anna Russland og ein martyr, akkurat no. Men for mange andre er han nok ein skurk.

– Det at han reiste tilbake og kjempar mot det russiske systemet slik han gjer, kan ein ikkje slette verdien av. Når det er krig så blir det så polarisert, alt saman.

– Imot alle russarar

Jørn Holm-Hansen er seniorforskar på NIBR ved Oslo Met., og forskar på ukrainsk og russisk politikk.

– Navalnyj har ei litt rufsete fortid når det gjeld forholdet til Folkeretten, seier han, og viser til kommentarane hans om Krim.

– Men han har teke tydeleg avstand frå den fullskala invasjonen som vi fekk no i fjor, og han har bede folk om å gå ut og demonstrere mot krigen.

Holm-Hansen meiner kritikken som kjem mot Aleksej Navalnyj frå ein del ukrainske miljø etter prisutdelinga, skuldast at han er russisk, og ikkje handlingane hans.

Jørn Holm-Hansen er seniorforsker ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR på Oslo Met og har jobbet en del med Polen som tema.

Jørn Holm-Hansen er seniorforskar på NIBR, Oslo Met.

Foto: Privat /

Han viser til at det også kom sterke reaksjonar då den russiske menneskerettsorganisasjonen Memorial vann Nobels fredspris i fjor.

– Det er ei fløy i ukrainsk politikk og samfunnsliv som gjer mykje ut av seg no. Dei er imot alle russarar og alt russisk. Også dei russarane som støttar Ukraina og set seg opp mot Putin, avviser dei, seier Holm-Hansen.

– Dersom ein skal avvise folk på etnisk grunnlag og på grunnlag av kva for statsborgar du er, uavhengig av kva du står for og kva du ofrar av eigen tryggleik og komfort, så er ein på ville vegar slik eg ser det. Då bryt ein nokre grunnleggande prinsipp.

Les også Nobelprisvinner vil ikke la seg intervjue sammen

– Jeg er sikker på at vi vil snakke om de samme temaene i intervjuet, men hver for oss, sier Oleksandra Matvijtsjuk, som er ledig i menneskerettighetsorganisasjonen Senteret for sivile rettigheter .

SISTE NYTT

Siste nytt