Meld av Arnhild Skre
Adrian Pracon står i eit spesielt lys blant dei overlevande etter massakren på Utøya 22. juli. Han er den 23-åringen som møtte i rettsalen for å få vita kvifor gjerningsmannen vende våpenet bort frå han. Og han fekk eit slags svar. Massemordaren skal ha syntest den polskætta AUF-aren såg ”konservativ” ut. Seinare blei Pracon likevel skoten som ein av dei aller siste før politiet gjekk i land og fekk stansa blodbadet.
- Les også:
I den vesle boka «Hjertet mot steinen» fortel Adrian Pracon si Utøya-historie til journalist og forfattar Erik Møller Solheim. Stemma i boka, tankane, kjenslene og meiningane, må vera Pracons, medan eg går ut frå at Møller Solheim står for dramaturgien og komposisjonen. Den er enkel, effektiv og byr på spenning der ein minst ventar det.
- Les også:
- Les også:
Før-katastrofen-effekten
Møller Solheim har valt ein tredelt komposisjon: Før, under og etter katastrofen. Før-delen med tittelen ”Fellesskapet” er overraskande nok blitt den beste.
Pracon blei fylkessekretær i AUF Telemark vinteren 2012. Han er blant dei som hadde ansvar for å hjelpa andre med å komma til AUF-samlinga og han sto i ansvarsposisjon under leiren. Likevel var han uerfaren. Denne sommaren var hans første på Utøya. I første delen av boka er det førstegangsforventningen og dei ferske inntrykka han beskriv. Dette kan vera ei av årsakene til at før-forteljinga kjennest som den sterkaste delen av boka.
- Les også:
- Les også:
Den andre årsaka er før-katastrofen-effekten. Kva som kjem til å skje, er kjent for lesaren. Derfor blir kvar vesle, kvardagslege detalj og hending frå Pracons førebuingar og første dagar på Utøya lada. Og Pracons reise tilbake til Skien 20.-21. juli for å ta ei kveldsvakt, blir ein neddempa grøssar. Ikkje fordi det skjer særleg mykje uvanleg, men fordi lesaren veit at denne Adrian ikkje berre ein gong, men to gonger reiser til staden der det grusomme snart skal skje. Tenk om arbeidsgjevaren hadde trengt han ein kveld seinare. Tenk om bilen hans hadde brote saman på vegen tilbake til øya. Tenk om...
Kritikk
Men «MS Thorbjørn »sette han over for andre gong. Han var ved kiosken då han høyrde dei første skota den 22. juli. Han var blant dei siste som blei trefte, og berga truleg livet ved å spela død. Skildringa av flukta, panikken, blodet, dei døde, galgenhumoren som gjer at dei heldt ut ventetida før politiet kom, alt dette gjer djupt inntrykk. Det same gjer forteljinga om tida etterpå. Og Pracons kritikk av partileiinga som han føler vil kontrollera kva som blir sagt til media. Som vil dempa overlevande sin kritikk av politiet. Som han opplever snakkar mindre og mindre om ”åpenhet” og meir om ”ytringsansvar”.
Likevel er det før-delen av boka som sterkast fortel om skiljet denne terrorhandlinga set. Kva for uskuld, iver og sommaridyll som blei øydelagt. Kor uhyrleg ei handling dette massemordet var.
Og der er eg framme ved svar på det store spørsmålet denne og dei mange andre 22. juli-bøkene reiser: Treng vi desse overlevandeforteljingane? Kva skal dei vera godt for etter trekvart år med medielys på kvar minste detalj i dramaet?
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Formålet
Pracon skriv at han trong å laga ei bok for å forstå kva som skjedde. Eg veit ikkje om han nådde det målet, men eg treng denne boka. Fordi Med hjertet mot steinen og dei andre 22. juli-bøkene hjelper meg å venda fokuset bort frå massemordarens kjensler og sinn.
Oppmerksomheit på gjerningsmannen fyller meg med hans skrudde opplevelse av verda i ein grad som etter kvart kan kjennast som alminneleggjering. Medan bøkene om dei som heilt uskuldig tapte livet, funksjonsevna, den grunnleggjande tilliten som ungdom og vi alle fortener å ha til verda, verkar motsett. Det er dette offer- og overlevandefokuset som på stadig nye måtar minner oss om kva for grusomme handlingar dette var.
Vi treng mange slike påminningar. Pracon og Møller Solheim har gjeve oss ei av dei gode.