Meld av Arnhild Skre
Det finst ein høgrepopulist i oss alle. Slik lyder ein av konklusjonane i boka «Høyrepopulismens hemmeligheter», skriven av dåverande politisk rådgjevar i SV, nå statssekretær, Ketil Raknes.
- Les også:
- Les også:
Påstanden om kva vi alle har i oss, har han komme fram til gjennom å setja seg inn i forsking på den veksande høgrepopulismen i den vestlege verda. Og – ikkje minst – etter omfattande research i fire land der høgrepopulistiske parti har oppstått og vakse dei siste tiåra: Nederland, Danmark, Sverige og Noreg der Frp kan sitja i regjering etter stortingsvalet i 2013. For det er Frp vi snakkar om, og utanlandske parti med innvandringskritiske haldningar som klaraste fellesmerke.
Påverknadsbok
Raknes skriv for å påverka. Han har som agenda å få færre til å støtta høgrepopulistiske parti. At «Høyrepopulismens hemmeligheter »kom ut våren 2012, kan få enkelte til å tenkja at ho må omtalast som ei av dei mange 22. juli-bøkene.
Men det ville vera urettferdig mot dei mange tusen som røystar Frp å setja dei i bås med massemordaren som sit på tiltalebenken i Oslo tinghus. Ein av distinksjonane mellom høgrepopulistar og høgreekstremistar er nettopp desse at dei siste er antidemokratiske og tyr til vald.
- Les også:
- Les også:
Høgrepopulistane arbeider gjennom det parlamentariske systemet, i alle fall gjer høgrepopulistane i denne boka det.
Høgrepopulistar er heller ikkje nødvendigvis rasistar, fortel Raknes. Dei kjenner ubehag ved samfunnsutviklinga og skuldar på det fleirkulturelle samfunnet, men dei rangerer ikkje nødvendigvis menneske i noko rasehierarki av under- og overmenneske slik høgreekstremistane gjer.
Innvandringskritiske haldningar er altså eitt kjenneteikn ved høgrepopulismen. Dei andre fellestrekka ved høgrepopulistiske argument, er antielitisme, krav om strengare straffer og meir disiplin i skulen, og – ikkje minst - ein lengt tilbake til ei fortid der samfunnet skal ha vore homogent, trygt og i påstått balanse.
I vekst
Oppslutnaden om slike politiske program og idear har altså vakse i enkelte land i den vestlege verda dei siste tiåra. I USA har høgrepopulismen som politisk tendens vunne terreng heilt sidan 1960-talet. Men høgrepopulistiske parti har berre fått verkeleg vekst i land med fleirpartisystem og låg terskel for å bli representert i parlamentet.
I det elles så liberale Nederland har innvandringsskeptiske vallister fått sterk oppslutnad og offentlege meiningsytringar om innvandring ført til politiske drap. Med 20 riksdagsplassar blei Sverigedemokraterna valvinnarar i fjor. I Danmark har Dansk Folkeparti site fleire år i regjering. Og her i landet er Frp i endå sterkare grad enn før på tale som regjeringspartnar dersom dei raudgrøne skal ut av regjeringskontora etter stortingsvalet i 2013.
Raknes ordnar boka med eit kapittel for kvart av desse landa og får dermed klart fram både likskapar over landegrensene og nasjonale særpreg. I denne delen av boka synest eg han er best.
Raknes skildrar med autoritet utviklinga og tilstanden. Han er i det heile ein klar og god formidlar av komplisert stoff. Nokon full oversikt over forskingslitteraturen på feltet har ikkje eg, men i omtalen av kvite menns meiningstap i Vesten, saknar eg referanse til Susan Faludis 1999-bok Snytt. Sviket mot mannen. Eller The betrayal of the American man som undertittelen lyder på originalspråket.
Dårleg smak i munnen
Kva kjem det så av at høgrepopulismen veks slik, spør Raknes, og gjev mange svar. Dei viktigaste svara hans ser ut til å handla om debattklima og borgarleg maktbrynde.
Ingen høgrepopulistiske parti ligg an til å vinna noko fleirtal blant veljarane. Dermed avgjerd ei andre borgarlege partia kor mykje makt høgrepopulistane skal få. Er smaken på regjeringsmakt større enn avsmaken for å bryta med moral og innarbeidde prinsipp for god tone i politikken? Raknes-boka sin dagsaktuell relevans, er difor sterkare knytt til debatten på Venstres siste landsmøte enn til den fem veker lange rettsaka.
At høgrepopulismens innflytelse avheng av dei andre borgarlege partia si lyst på taburettar, er neppe nytt for særleg mange. Blant Raknes sine konklusjonar provoserer påstanden i opninga meir. Medan eg tygg på den og leitar etter min indre høgrepopulist, kjem neste bitre pille frå forfattaren:
Den einaste måten å stansa veksten til dei høgrepopulistiske partia, er å ta frå dei monopolet i innvandringsdebatten.
”Høyrepopulistenes mareritt er et demokrati som åpent diskuterer innvandrings- og integreringsspørsmål med et mangfold av stemmer og meninger,” hevdar han.
Endå meir innvandringsdebatt som kur mot høgrepopulismen? Ja vel! Kor artig blir det politiske Noreg då – sett i lys av rettsaka som pregar landet denne våren? Kven har då vunne?
Raknes kan ha så mykje rett at kuren er verdt den utrivelege prisen. Dersom dei raudgrøne kjøper medisinen hans, blir Venstre- og Høgre-folk neppe dei einaste som må halda seg for nasen fram mot stortingsvalet.