Hopp til innhold

Grunt forsøk på djupdykk

To av pressemannen Kåre Valebrokks medarbeidarar og vener ville skriva ein fagleg biografi om han som leiar og skribent. Boka «Valebrokks metode» er full av beundring, men særleg fagleg er ho ikkje blitt.

Magne Otterdal og Trond Vernegg

Forfattarane Magne Otterdal og Trond Vernegg famlar og manglar eit heilskapsgrep om boka si, meiner bokmeldar Arnhild Skre.

Foto: Berit Roald/Heiko Junge / Scanpix

Då Kåre Valebrokk døydde i februar var han truleg medienorges mest beundra mann. Særleg sette folk han høgt som mediegründer og kommentarskribent. Han løfta ei lita nisjeavis til å bli den rosa nyskapinga Dagens Næringsliv og skapte med den nye journalistiske ideal. Sidan var han med og endra og styrkte TV2.

Å staka ut strategiar og leia folk i kreative yrke fram til felles suksess, krev spesielle leiareigenskapar. Og særleg spesielle må desse vera i mediebransjen der innhald, landskap og marknad endrar seg raskt og heile tida. Merittane til Valebrokk forsvarar fullt ut at nokon gjer karreiren hans til objekt for ei fagbok.

Inspirerer framleis

Kva slags leiar var det som i tillegg til å bli ein karakteristisk offentlegheitsperson, kunne få både forretningsvekst og redaksjonell nyskaping til å skje? Dette spørsmålet ser ut til å vera problemstillinga i boka Valebrokks metode.

Forfattarane er advokat Trond Vernegg og pressemannen Magne Otterdal som begge har arbeidd under Valebrokk i dagens Næringsliv og sto han nær. Otterdal gav i fjor ut ei innføringsbok i næringslivsjournalistikk. For Vernegg ser Valebrokkboka ut til å vera forfattardebuten.

I innleiinga skriv dei at den tidlegare sjefen framleis er til dagleg inspirasjon for dei. Og dei takkar Valebrokk for alt dei lærte av han «uten å tenke på det eller skjønne det dengang.»

Spørsmålet eg stiller meg, er om dei maktar å få meg og andre interesserte til å forstå kva denne lærdommen og inspirasjonen gjekk ut på.

Saknar heilskapsgrep

Vernegg og Otterdal fortel i forordet at dei har ønskt å skriva ei “fagleg” bok. Valebrokk sjølv festa lite om leiarskap til papiret. Han praktiserte og inspirerte gjennom handlingane sine og væremåten sin. Å fanga slik ferdigheitslærdom i tekst er ikkje enkelt.

Dei to forfattarane skriv litt biografi, fortel om inntrykk frå redaksjonelt arbeid, frå Valebrokks leiarskap og dei gjev tekstprøvar frå Valebrokks penn.

Det verkar likevel som forfattarane famlar og manglar eit heilskapsgrep om boka si. Dei trykkjer mykje ufordøyd kjeldemateriale og lite vurdering, refleksjon, analyse eller samanfatning. Til å vera ei fagbok om ein leiar, er det overraskande at forfattarane ikkje brukar akademiske arbeid der Valebrokk har vore case. Noko djupdykk i Valebrokks karriere blir dette aldri.

Sytti sider med boklister

Det undrar meg også at bortimot ein firedel av boka er brukt på tittellister over bøkene i Valebrokks bibliotek. Ut over nokre i og for seg interessante avsnitt om at Valebrokk las mykje og litt om kva lektyre han var særleg oppteken av, fortel ikkje forfattarane kva relevans desse sytti sidene med oppramsing av ikkje svært uvanleg litteratur skal ha i boka. Hvis poenget er å visa at Valebrokk hadde eit stort bibliotek, kunne det vore sagt med ei setning. Desse sytti sidene får meg til å tenkja at dette er ei bok for blodfansen meir enn for oss som verkeleg er mediefagleg interessert.

For nokre år sidan skreiv Kjetil Wiedswang ei portrettbok om Kåre Valebrokk og Frank Rossavik kom med ein biografi om han tidlegare i haust. Kan innhaldet i Valebrokks metode forsvara endå ei bok i år?

Undertittelen på denne boka er «Et hjerte av gull, en neve av stål». Den lyder ironisk heilt til det går opp for meg at dette ser ut til å vera meint som formelen for Valebrokks metode. Verken den påstanden eller mykje av det andre som står i boka, er nytt. Når eg ønskjer å forstå Valebrokks livsverk, finn eg heller mindre forklaringskraft i denne boka enn i Rossaviks biografi.

Eit av dei få redaksjonelle dokumenta som blei forfatta i DN i Valebrokks tid, var eit aksjonsskrift for betre språk i avisa. Då blir det særleg ille at boka «Valebrokks metode» er prega av mange trykkfeil, mykje halvdårleg språkføring og redigering. Over dette tippar eg at hovudpersonen neppe ville vore begeistra.

Frå eit akademisk forlag ventar eg meg verkeleg betre produkt enn dette.

LES OGSÅ: Anmeldelse av «En god story. En biografi om Kåre Valebrokk»