Hopp til innhold

Alle åtte klare til finalen

Dei fire siste som no er klare for finalen neste laurdag er Aslak Gjennestad, Hemsing-søstrene, Alexander Rybak og Pitsj.

Aslak Gjennestad, Hemsing-søstrene, Alexander Rybak og Pitsj
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

No er alle dei åtte deltakarane klare til finalen neste laurdag. Det blir Valkyrien Allstars , Guttorm Åsesønn Storaas Stephen Hansen og  Felix Peikli som gjekk vidare frå førre program.

Her kan du lese om den første semifinalen.

Og no altså Aslak Gjennestad , Hemsing-søstrene Alexander Rybak og  Pitsj som får dei siste plassane i finalen.

Første duell

Aslak Gjennestad
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Det var coutry som slo blues i den første duellen i den andre semifinalen.  Aslak Gjennestad  sto for countryen og  Hard Bargain Band sto for bluesen. Og det var ein glad gut som no er vidare til finalen.

-Dette er heilt vilt, rett og slett heilt vilt!

Det er blitt mykje penger på både country-guten frå Rykene og bluesbandet frå Egersund.

Aslak fekk denne kvelden 66 400 kroner og Hard Bargain Band fekk 58 800 kroner.

Endå Hard Bargain Band no er ute av Kjempesjansen har dei spelt to gongar på TV, og i lommeboka har dei fått med seg heile 118 600 kroner.

Andre duell

Hemsing-søstrene
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

I den andre duellen var det fele mot fele og det var ein mot to.  Sara Chen var først ut i denne duellen og deretter kom Hemsing-søstrene . Og det var søstrene frå Valdres som til slutt stakk av med sigeren i denne duellen.

- I'm in heaven! Dette er heilt sjukt!

Frå denne runden fekk Hemsing-søstrene med seg 106 300 kroner til finalen.

Sara Chen har tjent mykje penger på å vere med i Kjempesjansen, heile 54 300 kroner fekk ho denne kvelden, og til saman i programmet har 16 -åringen fått heile 206 000 kroner.

Tredje duell

Alexander Rybak
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

I den tredje duellen av det song mot song, og kvinne mot mann. Her var det  Alexander Rybak og  Kristin Bjerkerud Breien som gjekk i duell mot kvarandre. Og det er Alexander Rybak som no er klar for finalen.

Det var ikkje mange orden Alexander klarte å få fram rett etter at han hadde fått vite at han no skal vere med om ei veke igjen, i finalen.

- Dødsgøy!

Det blei mykje penger på begge deltakarane. Alexander Rybak tek med seg 86 900 kroner frå dette programmet til finalen.

Kristin Bjerkerud Breien fekk med seg 61 800 kroner frå dette programmet og har då totalt tjent 157 000 kroner på å vere med i Kjempesjansen.

Fjerde duell

Pitsj
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

I den fjerde og siste duellen var det to vokalgrupper som gjekk opp mot kvarandre. Den mannlege vokalgruppa  Solfa  og den kvinnlege vokalgruppa  Pitsj var dei to siste ut i semifinalen i Kjempesjansen.

Det blei Pitsj som gjekk vidare til finalen.

- No blir det nye kjoler, sa jentene medan dei lo rett etter sendinga.

Jentene fekk 74 400 kroner, medan Solfa fekk 50 600 kroner. Til saman i programmet har Solfa fått med seg 92 900 kroner.

Til saman i denne semifinalen blei det delt ut heile 560 200 kroner.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters