Hemsing-søstrene

Dei to systrene Eldbjørg og Ragnhild går på skule saman, dei er nesten like gamle og dei spelar vakker musikk saman.

Hemsing-søstrene
Foto: Thor Østbye

Når søstrene skal spele for oss på laurdag er det ”Scherzo-tarantelle” av Henryk Wieniawski vi skal få høyre, men vil du allereie no sjekke ut om systrene er flinke på fiolin kan du sjå jentene då dei spelte ”Fantomen” av Erik Øst på valdebatten i fjor på NRK .

Kongen var der

Det er ikkje berre under valdebatten i fjor at Eldbjørg og Ragnhild Hemsing har spelt. Eit av dei største minna til søstrene er frå ein stor konsert på festførestillinga på Nasjonalteateret i Oslo. Det er no ti år sidan, og Eldbjørg var ikkje meir enn 6 år og Ragnhild var 8 år.

- Det var på 17. mai. Heile kongefamilien var der, vi hugsar at vi øvde på å neie til kongen og dronninga. Det var meir skummelt enn å spele, fortel jentene.

Solistkarriere

Hemsing-søstrene
Foto: Thor Østbye

Begge jentene har store draumar for framtida. Den aller største er sjølvsagt å kunne leve av musikken, og måten dei vil gjere det på er å få ei solistkarriere som fiolinistar, men draumane stoppar ikkje der.

- I tillegg er vi veldig glade i kammermusikk. Vi elskar å stå på scena og formidle musikk til publikum. Vi vil at dei skal smile og få ei kjensle av å ha opplevd noko.

Kva vil dei bruke pengane dei vinn til?

- Utdanning innan musikk!

På gøy med Hemsing-søstrene:

Kva er den raraste sommarjobben du har hatt?

Begge: - Fjelloppsyn saman med pappa.

Har du nokre spesielle kunnskapar?

Ragnhild: - Eg likar veldig godt å designe kjolar. Eg har laga mange skisser, og fått sydd nokre av dei då eg var i Ukraina. Eg håpar at eg kan få realisert fleire av dei, som eg og Eldbjørg kan spele konsert i. Det hadde vore kjekt det!

Kulturstrøm

  • Vedtar kvensk versjon av norske ord

    Språktinget skal vedta kvensk versjon av mange norske ord som er kommet til i nyere tid. Leder av Kvensk språkting, Egil Sundelin sier det er viktig å ha en dialog mellom eldre kvenske språkbrukere og fagfolk som skal lage kvenske ord.

Flere kulturnyheter