Hopp til innhold

Kristin Bjerkerud

Hønefoss-jenta Kristin Bjerkerud er eigentleg utdanna spedbarnspleiar og barnesjukepleiar, men endå ho elskar denne jobben er det ein ting ho vil meir enn noko anna, nemleg synge.

Kristin Bjerkerud Breien
Foto: Promo

Vil du vite korleis Kristin si stemme er kan du høyre ho synge ”Mi Mancherai” av L.E. Bacalov/M. Marinangeli på musikkvideoen sin .

Fantastisk

31 –åringen frå Hønefoss har nok ein travel kvardag. Ho er blant anna mor til ein gut på fem år og ei jente på nesten 3 år.

- Dei betyr mykje i livet mitt.

Men det er meir enn borna som tek tida til Kristin, ho er nemleg frilanssongar og.

- Eg er stolt av å ha ein slik jobb, for det var det eg alltid ønska som barn. Eg er glad og audmjuk over at folk ønskjer å høre meg synge, det er ein fantastisk jobb å ha!

Solo

Kristin Bjerkerud Breien
Foto: Promo

Kristin starta i Norderhov Kyrkje barne og ungdomskor då ho var sju år.

- Eg fekk som tolvåring mine første soloopptreden. Og eg byrja som solist som femtenåring ved gravferder og diverse rundt om på Ringerike.

Men det er ikkje berre songstemma Kristin har drive på med, gitar har ho og prøvd seg på.

- Eg prøvde meg på gitar då eg gjekk på Voss Folkehøgskole i 93/94, men stoppa då Per og Pål, som dei faktisk heiter, var i eit naborom og meldte si missnøye over øvinga.

Men når det gjeld song har Kristin aldri slutta.

- Eg kom inn ved Den Norske Opera sitt kor då eg var 21 år, song der i to og eit halvt år Ein enorm erfaring å ta med seg.

Alt Kristin lærte der tok ho med seg vidare i livet.

- Eg saug til meg informasjon som ein svamp og all denne erfaringa har vore god og nyttig ballast å ta vidare.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Eg treng pengar til å realisere draumen om eige cd-prosjekt. Og eg ønskjer å ha med de musikarane som må til får å få til eit produkt som eg kan stå for.

På gøy med Kristin:

Er det noko du absolutt ikkje klarer?

- Eg klarar ikkje å drikke kaffi, får rett og slett dårleg mage av det. Og kvar enn ein kjem får ein jo tilbod om det! Og no i desse kaffitider med både latte og gudane veit kva passar det seg dårleg for det sosiale liv å ikkje drikke kaffi.

Kva er ditt mest idiotiske kjøp?

- Det var planlagt storfest på nyttårsaftan år 2000 og eg kjøpte ein lekker, blå kjole, som var veldig dyr. Festen skulle ikkje vere så storslagen som den første skulle vere, så kjolen blei hengane i skapet den kvelden, og den heng der framleis. Eit heilt idiotisk kjøp i utgangspunktet.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP