Hopp til innhold

Fire klare til finalen

Etter fire duellar i den første semifinalen er no fire deltakarar klare for finale i Kjempesjansen.

Vinnarane frå semifinale 1
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Ein etter ein fekk deltakarane beskjed om at dei var vidare til semifinalen. Dei hadde fått flest stemmer av både dommarar og publikum.

Valkyrien Allstars
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Første duell

Det var  Valkyrein Allstars som slo  Lassie n the Lads  i den første duellen denne kvelden. 

- Dette er utruleg bra! Vi veit ikkje kva vi skal seie, dette er berre fantastisk, sa gruppa rett etter at dei fekk vite at dei no er klare for finalen.

Valkyrien Allstars vant først Nettsjansen, deretter sin runde av Kjempesjansen og no vant dei og den første duellen i semifinalen.

Med seg til finalen fekk dei 56 300 kroner denne kvelden. Men Lassie n the Lads går ikkje frå Kjempesjansen utan ei krone, denne kvelden fekk dei 43 000 kroner, totalt i programmet fekk dei 121 300 kroner.

Guttorm Åsesønn Storaas
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Andre duell 

I andre duell var det  Sindre Sætre mot Guttorm Åsesønn Storaas , og det var Guttorm som stakk med sigeren her.

- Dette var overraskande, det er jo umogeleg å seie kva folk liker, fortel ein lykkeleg Guttorm Åsesønn Storaas.

Men klassisk gitar fekk Guttorm mest pengar og går difor vidare til finalen i Kjempesjansen.

- Eg er så takksam for å få lov til å vere med vidare, sa Guttorm med eit stort smil om munnen.

Med seg til finalen fekk Guttorm 71 300 kroner denne kvelden. Sindre Sætre fekk denne dagen med seg 26 900 kroner og til saman har han fått 114 400 kroner.

Stephen Hansen
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Tredje duell

Det var to menn som sloss om å få bli med vidare til finalen i den tredje duellen. Det var  Stephen Hansen som fekk mest stemmer og han slo difor ut  Jan Erik Fillan .

- Dette hadde eg ikkje trudd, fordi Jan Erik syng verkeleg fantastisk, seier Stephen Hansen med gråten i halsen.

Med nydeleg song fekk Stephen heile 136 800 kroner denne kvelden. Jan Erik Fillan fekk 39 600 kroner. Til saman fekk Jan Erik 89 600 kroner.

Felix Peikli
Foto: Birte Njøsen Horne / NRK

Fjerde duell 

I den siste duellen denne kvelden var det Felix Peikli  og Ingeborg Christophersen  som konkurrerte mot kvarandre. Og det blei Felix som blir den fjerde personen i finalen i Kjempesjansen.

- Herregud! Av så mange som har meldt seg på er eg ein av dei åtte som skal til finalen, fortel Felix rett etter sendinga.

Med seg frå denne kvelden får Felix 66 000 kroner, medan Ingeborg fekk 45 200 kroner denne kvelden. Med seg frå Kjempesjansen fekk Ingeborg 118 400 kroner til saman.

Fire klare til finalen

No er altså Valkyrein Allstars , Guttorm Åsesønn Storaas Stephen Hansen og  Felix Peikli klare for finalen.

I denne første semifinalen blir det delt ut heile 485 100 kroner til deltakarane.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.