Hopp til innhold

Cezinando med favorittstempel før Spellemannprisen 2017

Med fire nominasjonar, kan artisten Cezinando få ein hyggeleg kveld når Spellemannprisen blir delt ut i Oslo Konserthus søndag 25. februar.

Cezinando om hvordan det føles å være nominert til Spellemannprisen.

Cezinando er nominert i fire kategoriar når Spellemannprisen blir delt ut 25. februar. Då han var barn, såg han prisutdelinga frå sofaen saman med familien.

Musikkåret 2017 viste at det er gode tider i norsk musikk. Der popartistar som Kygo, Alan Walker og Sigrid blei lagt merke til både i inn- og utland. Den norske musikkbransjen har også vore i kraftig vekst dei siste åra.

Søndag 25. februar skal norsk musikk heidrast under utdelinga av Spellemannprisen. Det skal delast ut prisar i fleire musikkategoriar, blir det også delt ut ein heiderspris, som Arve Tellefsen fekk i fjor, og Årets Spellemann, som i fjor gjekk til Marcus og Martinus.

Kan bli storvinnar

Cezinando kan bli den store vinnaren når prisane blir delt ut. Han er nominert i kategoriane urban, årets tekstforfattar, årets album og årets låt. Han er stolt og glad over å vere nominert, men synest også det er veldig rart.

– Eg var på spellemannshowet for første gong i fjor. Og det var veldig surrealistisk. Då eg var liten, såg eg utdelinga på TV. No står eg her som nominert. Det er veldig rart.

Han seier han er stolt over å vere nominert i så mange kategoriar. Og nominasjonane er også ein inspirasjon som gir han ei kreativ skapekraft og lyst til å halde fram med å skrive musikk, seier han til NRK.

Stuerein «Fy faen»

Rapartisten Hkeem er nominert i klassane årets nykommer og årets låt. Han gjekk til topps på Spotify, etter at låten «Fy faen» blei brukt i ungdomsserien «Skam». Låten har også blitt ein stor hit blant barn. Noko som har fått blanda mottaking blant foreldre.

– Eg meiner kanskje songen har gjort «fy faen» til eit vanleg ord. Barna synest det er morosamt å seie det. Det er mange foreldre som har kome til meg og sagt: «Sjå kva du har gjort no!» Men på ein veldig kjærleg måte.

Dette mener Hkeem om at mange norske barn synger "fy faen"

Rapartisten Hkeem meiner han har vore med å gjere «fy faen» til eit stuereint uttrykk.

Men han er også veldig stolt og glad for at han, allereie på første forsøk, er nominert til Spellemannprisen.

– Denne prisen gir oss unge artistar ein eineståande sjanse til å promotere oss. Vi får oppleve noko som vi ikkje får oppleve så ofte. Og dersom eg skulle vinne på første forsøk, kjem eg til å bli kjenne ei glede det blir lenge til eg vil få kjenne igjen.

Prisen blir delt ut i Oslo Konserthus søndag 25. februar. Jenny Skavlan, Thomas Felberg og Tarjei Strøm skal vere programleiarar når prisutdelinga blir sendt direkte på NRK.

Her er alle dei nominerte

Barnemusikk

  • Dagfinn Lyngbøs barneband: «Guttelus»
  • Meg og kammeraten min: «Snydelig»
  • Rasmus og verdens beste band: «Banjo på badet»
  • Sangfoni: «Sangfoni»

Blues

  • Dr. Bekken: «Upright Piano»
  • Good Time Charlie: «Ready to Rumble»
  • Joakim Tinderholt & His Band: «Hold On»
  • Ronnie Jacobsen: «These Blues In Me»

Country

  • Bendik Brænne: «The Last Great Country Swindle»
  • Bill Booth: «Some Distant Shore»
  • Bluebird's Ghost: «Miniature Scenes of Sorrow»
  • Paal Flaata: «Love and Rain»

Elektronika

  • +Platform: «Twelve»
  • Lindstrøm: «It's Alright Between Us As It Is»
  • Mental Overdrive: «Epilogue»
  • Sassy 009: «Do You Mind EP»

Folkemusikk/tradisjonsmusikk

  • Anne Hytta: «Strimur»
  • Erlend Apneseth: «Nattsongar»
  • Sogesong: «Så vide fara dei Lindarord»
  • Marin/Egeland: «Sorpesoll»

Indie

  • Carmen Villain: «Infinite Avenue»
  • Hvitmalt Gjerde: «Våken»
  • Misty Coast: «Misty Coast»
  • Silja Sol: «Ni Liv»

Jazz

  • Ellen Andrea Wang: «Blank Out»
  • Hegge: «Vi är ledsna men du får inte längre vara barn»
  • Helge Lien: «GuzuGuzu»
  • Marius Neset: «Circle of Chimes»

Klassisk

  • Bjarte Eike & Barokksolistene: «The Alehouse Sessions»
  • Ensemble Allegria: «Mozart/Schoenberg»
  • Guro Kleven Hagen/Marianna Shirinyan: «Fait Pleurer Les Songes»
  • Vilde Frang: «Homage»

Metal

  • Enslaved: «E»
  • Helheim: «Landawarijar»
  • Satyricon: «Deep Calleth Upon Deep»
  • Whoredom Rife: «Dommedagskvad»

Popgruppe

  • Hajk: «Hajk»
  • Marcus & Martinus: «Moments»
  • No. 4: «Hva nå»
  • Seeb: «Seeb 2017»

Popsolist

  • Cashmere Cat: «9»
  • Gabrielle: «Vekk meg opp»
  • Sigrid: «Don't Kill My Vibe EP»
  • Susanne Sundfør: «Music for People in Trouble»

Rock

  • Erlend Ropstad: «Alt som har hendt»
  • Motorpsycho: «The Tower»
  • Sløtface: «Try Not to Freak Out»
  • Torgeir Waldemar: «No Offending Borders»

Samtid

  • Al Khowarizmis Mekaniske Orkester/Ensemble Ernst: «Christian Blom – Bring Me That Horizon»
  • Natasha Barrett: «Puzzle Wood»
  • Oslo-Filharmonien/Kringkastingsorkesteret/Poing: «Jan Erk Mikalsen – Saan»
  • Peter Herresthal/Arctic Philharmonic/Øyvind Bjorå: «Eivind Buene – Violin Conserto I Miniatures»

Urban

  • Arif: «Meg & deg mot alle»
  • Cezinando: «Noen ganger og andre»
  • Ivan Ave: «Every Eye»
  • Linni: «Medium»

Viser

  • Frida Ånnevik: «Flyge fra»
  • Kari Bremnes: «Det vi har»
  • Marthe Wang: «Ut og se noe annet»
  • Trygve Skaug: «Sanger du skal få når jeg dør»

Åpen klasse

  • Erlend Apneseth Trio: «Åra»
  • Jo Berger Myhre & Olafur Björn Olafsson: «The Third Script»
  • Nils Økland: «Lysning»
  • Ola Kvernberg: «Steamdome»

Årets komponist

  • Bjørn Kruse: «Fredrik Fors & Oslo Philharmonic Orchestra: Bjørn Kruse: Chronotope – Concerto for Clarinet and Orchestra»
  • Kjell Habbestad: «Sigvarts Klava & The Larvian Radio Choir: Kjell Habbestad – Et Nox i Diem Varsa»
  • Martin Hagfors: «Meg og Kammeraten Min: Snydelig»
  • Rolf Wallin: «Peter Herresthal/Arctic Philharmonic/Øyvind Bjorå: Rolf Wallin – Violin Concerto I Appearances»

Årets tekstforfatter

  • Erlend Ropstad: «Erlend Ropstad – Alt som har hendt»
  • Frank Tønnesen: «Tønes – Sesong fire»
  • Kristoffer Cezinando Karlsen: «Cezinando – Noen ganger og andre»
  • Sverre Knudsen: «Sverre Knudsen–Vi»

Årets album

  • Cashmere Cat: «9»
  • Cezinando: «Noen ganger og andre»
  • Susanne Sundfør: «Music for People in Trouble»
  • Tønes: «Sesong fire»

Årets låt

  • Alan Walker: «Alone»
  • Arif: «Alene»
  • Astrid S: «Think Before I Talk»
  • Cezinando: «Håper du har plass»
  • Dagny: «Wearing Nothing»
  • Hkeem feat. Temur: «Fy Faen»
  • Kygo feat. Selena Gomez: «It Ain't Me»
  • Linda Vidala feat. KingSkurkOne: «Bængshot»
  • Sigrid: «Don't Kill My Vibe»

Årets nykommer og Gramo-stipend

  • Charlotte Dos Santos
  • Hkeem
  • Kjartan Lauritzen
  • Lüt
  • Rohey
  • Sigrid

Årets musikkvideo

  • Arif: «Himmelen» (regi: Johannes Muskat Greve)
  • Daniel Kvammen feat. Lars Vaular: «Som om himmelen revna» (regi: Eivind Landsvik)
  • Jenny Hval: «The Great Undressing» (regi: Marie Kristiansen)
  • Mikhael Paskalev: «Witness» (regi: Mikhael Paskalev, Joseph Wills, Jasper Spanning)

Årets produsent

  • Magnus August Høiberg (Cashmere Cat)
  • Mikkel Storleer Eriksen, Tor Erik Hermansen (Stargate)
  • Ole Torjus Hofvind
  • Thomas Eriksen (Earwulf)

I tillegg skal det delast ut ein publikumspris, ein heiderspris og prisen Årets Spellemann.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.